Hopp til innholdet

Eg må få meg nye problem

  • 5 min read

Dersom det no skulle vise seg at Jone er frisk, så må eg få meg nye problem. Elles har eg ingenting å skrive om.

Eg har statistikk over kva innlegg som er mest populære, og det er definitivt dei med mest problem:

  1. Samanbrot
  2. Ekte isolat
  3. Umoglege små ting
  4. Eg gidd ikkje meir!

Det bør ikkje komme som eit sjokk at du likar best å lese om det som er elendig. Det er jo sånn det er.

Så i tilfelle MR viser bra resultat, så må eg begynne å sjå meg om etter nye problem. Eg kan ikkje bli super-bloggar og influensar utan problem, lizm. Kven orkar vel å lese om kor fint eg har det? Det får vere grenser.

Eg håpar sjølvsagt at MR denne gongen er like fin som sist. Med blomster og sånn.

Like store problem?

For bloggen sin del burde eg finne meg ekstremt store problem. Helst større enn barnekreft. Men i det siste har eg meint at mitt problem er større enn krig, svolt, Trump, tsunami og pandemi. Til og med større enn at rumpa tek nedi verandaen når eg ligg i hengekøya og prøver å kose meg med ein Clausthaler Radler.

For at desse problema skal vere verre enn mitt, må dei komme i tillegg til svulst. Til dømes at eg måtte flykte frå krig med kreftsjukt barn. Det ville vere verre enn berre flukt, og verre enn berre barnekreft.

Måtte berre ha med eit bilde av Jone og. Har ikkje noko god grunn.

Å gå frå å ha eit så gigantisk problem som alvorleg sjukt barn til å skulle finne ein normal kvardag problematisk igjen kjem til å krevje litt innsats.

Førebels kosar eg meg veldig med det der opplegget med at du liksom ser alt i perspektiv. Små ting blir store, og det som før var stort blir smått. Sånne ting som får meg til å ville spy i munnen min av å seie.

Spy i munnen.

Men perspektivet er så flyktig at eg allereie har slutta å vere euforisk over å kunne gå ut døra om morgonen. Det å kunne gå ut heilt fritt har blitt sjølvsagt på berre ei veke.

Tidlegare problem

Eg prøver å tenke tilbake på kva problem eg hadde før.

I fjor sommar hadde eg problem med brunsneglar. Eg gikk til krig mot dei. No har eg ikkje sett dei på lenge, men eg får håpe at dei kjem tilbake slik at eg har litt å bale med på sneglefronten.

Problem eg hadde i fjor sommar. Her handla det om flått.

Eg har og hatt problem med humøret i periodar med mykje regn og kulde om våren og sommaren. Her er det potensiale, sidan alle elskar å høyre om ver.

Ein vèr. Du trur det kanskje ikkje, men eg har prøvd så godt eg kan.

Det er heller ikkje noko særleg dersom det blir for varmt. Eg hatar å få kliss på hendene, så eg må unngå sol for å sleppe solkrem. Vi samlar ikkje til hudkreft her i familien! Eg måtte faktisk få meg parasoll førre sommar!

Problemet med ungar er at dei klarer å komme seg unna skyggen. Eg måtte springe rundt med parasollen for at dei ikkje skulle få sol på seg. Skikkelig stress. (Hugs at Jone kunne både gå og springe på den tida.)

Nye problem

Eg har fått vondt i eine hofta.

Hofte.

Eg reknar med det er fordi kroppen min har vore ubrukt i eit halvt år, og så fikk den sjokk då eg raka litt i hagen.

Andre sine problem

Dei gongane eg ikkje har eigne problem, så får eg berre skrive om andre sine. Og ting som irriterer meg.

Russevoldtekt, #metoo, bråk. Sånne ting.

Ps: Hahaha. Akkurat i år når russen skulle få sjansen til å gjere det bra på eksamen fordi russetida er avlyst, så er pinadeg eksamen avlyst og!

Rødruss 1996. Klipt meg sjølv.

2 kommentarer til “Eg må få meg nye problem”

  1. Eg personlig gler meg til å få lese om alt det gode som skjer i livet dykkar! Jo mindre problemer – jo bedre!
    Sol sol sol og atter sol!! Det er det eg har ønska for deg og familien din🥰

    ❤️❤️💙

Kommentarer er stengt.