Hopp til innholdet

Sport og fritid

  • 2 min read

Eg ser ikkje på sport.

Gidd ikkje å diskutere det ein gong, eg vil berre fortelle kva eg heller vil sjå på:

Eg vil heller sjå maling tørke

Kåmaaan! Lillian Barlund, the great coming comic? Var det det beste du kunne komme på?

Nei.

Det beste eg kunne komme på

Eg vil heller sjå på sola i fire timar, når det er overskya.


Eg vil heller sjå på saprofyttar som bryt ned elefantlik i sanntid.

Saprofyttar er soppar som lever av dødt vev, eg har nettopp sett dokumentar.


Eg vil heller sjå på tv-en når straumen har gått.


Eg vil heller sjå på meg sjølv gjennom auga mine som ligg i vasken etter at eg har mista dei.

Neida, eg vil ikkje miste auga. Bank i bordet, lizm.


Eg vil heller sjå på at heile Jostedalsbreen smeltar

Dråpe for dråpe, sekund for sekund, med 0.5x fart på filmen.


Eg vil heller tolke Ulysses av James Joyce. Neida, berre kødda.

Men du skjønar, sant?

Fritid, derimot! Elskar det!

Eg hugsar ein anna gong eg skreiv om gym. Det kan du lese her.

2 kommentarer til “Sport og fritid”

Kommentarer er stengt.