Hopp til innholdet

Om meg

Redigert versjon

Eg har blitt 44, har dotter og son, og har eit heilt anna liv enn eg hadde tenkt. Det at sonen min skulle få svulst på hjernen var nemlig aldri med i planane. Eg hadde planlagt vannkoppar, forkjølelse, kanskje ei brukken arm som kunne skuldast idrett. Sånne ting. Kanskje til og med pollenallergi.

Alt som står under her gjeld framleis (utanom 41), men innhaldet endra seg i takt med at livet gjorde det. Eg prøver fortsatt å vere morsom.

Twitter-versjon

Kvinne, 41, med begynnande skrukkefjes prøver å vere morsom. Plis ver publikumet mitt.

Instagram-versjon

Ekte versjon

Jobbsøknadsversjon

Viser til internettets krav om å eksponere seg, og vil med dette presentere meg sjølv.

Eg skriv denne bloggen fordi eg ønskjer å uttrykke mine tøysete tankar. Kvardagslivet elles let meg gjere dette til ei viss grad, men det er ikkje nok for meg, og eg føler av og til at kollegane mine synest det blir for mykje tull. Eg har ikkje erfaring med bloggskriving, men lærer fort og jobbar med saken. Litt. Andre seier eg har nokre positive sider og litt humor, og det er dette eg vil prøve å få fram til alle i heile verda. Derfor vil tekstane bli oversett til alle verdas språk, men det tek eg litt på sikt.

Nokre av mine kvalifikasjonar for å skrive blogg er at eg har levd ganske lenge og litt brutalt, eg har to barn heilt aleine, og eg har ein venn som heiter Britt.

Eg klarer ikkje å halde hovudet kaldt under press, og er redd for utfordringar. Derfor vil eg ikkje takle mange negative tilbakemeldingar. Dersom du kjem med ei slik, må DU ta ansvar for mi psykiske helse etterpå. Og det er ingen enkel jobb!

Eg trur eg kan gjere ein ok jobb. Eg kan jobbe på kveldstid etter kl. 21, og kan begynne umiddelbart.

Med venleg helsing
Lillian Barlund

Kommentarfelt-versjon

Eg e so forbanna! alle e imot meg å alle prøva å ødlegge live mit. eg må betale skatt og bensin og bompenga sjøl å de e fan meg ikkje rettferdi alt ditta burde bli dekka av nav å statenog alt muli. hadde de ikkje våre får alle så hadde eg våre rik å tynn å gla.