Hopp til innholdet

Samanbrot

  • 8 min read

Når EG har samanbrot, er det slik: Eg føler at no er det slutt, og eg vil berre gi opp alt saman. Den dominerande kjensla er at eg ikkje orkar meir, utan løysing på korleis eg reint praktisk ikkje skal orke meir. Det er jo nettopp det, eg KAN ikkje ikkje orke meir!

Eg veit ikkje kva du meiner med samanbrot. Kanskje sånn som på film, der ein til slutt blir henta av helsepersonell medan ein skrik og klorar i veggen? Eg meiner meir sånn ukontrollert gråt, med kjensla av at det ALDRI kjem til å gå over. Alt som er gale blir verre og verre og verre og verre og verre.

Du kan sjå små saltflekkar på brillene etter at tårene er tørre. Det går heilt fint å tørke vekk, relax.

Her er det kome salt på brilliene. Litt peppar og, faktisk.

Men det går jo over. Eg har endå ikkje hatt eit samanbrot som ikkje har gått over. For eksempel no er eg heilt vanleg. (Eg kan ikkje sitte å grine samtidig som eg skriv, då blir det tårer på tastaturet, og blekket flyt utover slik at teksten blir uleseleg.)

Her er nokre av mine samanbrot. Eg trur eg har hatt fleire, men det får no vere måte på kor mykje ein skal skrive.

Nr. 1: Beskjed om svulst

Eg braut ikkje saman av beskjeden om svulst i det nydelege hovudet til Jone, men litt etterpå, då eg skulle heim og hente litt bagasje, for vi skulle reise til Kråkeland med det same. Eller koffert, då, slik at eg hadde plass til å dra med meg all den bagasjen som livet no gav meg. OMG! Sånn kan eg ikkje drive på og skrive! Flaut for meg.

Gutt på 2 år før operasjon av hjernesvulst
Fortsatt med svulst.

Eg måtte altså heim for å hente koffert. Oppi den putta eg alt eg såg rett ved sida av meg. Så det var sånn passe nyttig å ha dei to neste månadane på sjukehus.

Eg mista fatninga og berre virra rundt i huset. I mellom rundane klemte eg Tuva skikkelig hardt. Ho var overraska over kreftene mine. Kreft gir krefter, vettu! Høhø.

Avsporing: NO skjønar eg det! Livet meinte at eg hadde for lite musklar, så barnet mitt måtte få kreft for at eg skulle bli sterkare. Det livet ikkje visste, var at ein ikkje får muskelmasse av krise. Tvert imot, eg har jo fått muskelsvinn av å sitte, sitte, sitte, sitte, ligge, ligge. Fåkk you, livet!

Mine eigne lårmusklar. Neeidaaa!

Ingen visste om det var alvorleg eller koseleg svulst, og det var så vanskeleg å forholde seg til at eg lot vere. Resten av kvelden gikk fint. (Ser du, det går over!) Vi reiste med sjukebil til Bergen, Jone var i sitt vanlege gode humør som smitta over på alle som var rundt han. Nydelege sjukebilfolk, forresten!

MR som viser medulloblastom
Spot the tumor.

Nr. 2: Ei veke etter hjerneoperasjon

Alt var HEILT elendig! Kirurgen hadde heldigvis sagt på førehand at Jone kom til å bli veldig sjuk etter operasjonen. Han mista språket totalt (cerebellar mutisme syndrom) og vart nesten heilt lam i høgre arm og fot, han spydde heile tida, både dag og natt.

Gutt på 2 år etter operasjon av hjernesvulst, medulloblastom
Utan svulst.

Det var berre ukjente sjukepleiarar på jobb. Ukjente for oss, då. Ikkje for familien sin og sånn.

Eg sat ved sida av Jone, han var så nydeleg og så sjuk. Så begynte eg å grine, såg på han og sa: “Eg kan ikkje miste deg, Jone”. Då begynte han og å grine, og vi måtte trøste kvarandre ganske lenge. Det var ein knallhard kveld.

Nr. 3: Ny operasjon i hjernen

Ikkje så veldig dramatisk samanbrot akkurat, men eg tek det med for balansen si skuld. Han skulle få operert inn eit slags kateter i hjernen, Ommaya reservoar. Spennandre og fancy greier, men eg kunne godt tenkt meg å lese om det i ein anna samanheng enn at min eigen son skulle ha det.

Dette tok altfor lang tid etter min smak, så til slutt sette eg meg på rommet og hadde samanbrot der. Det mest dramatiske som skjedde var at eg nesten brukte utestemme då eg sa: “Eg orkar ikkje dette! Eg vil heim! Eg vil ha tilbake livet mitt!” Lite variasjon i starten av setningane, lixm.

Dette er ein heilt ekte snap som eg sendte ut etter samanbrotet.

Nr. 4: Offentleg samanbrot

Eit ferskt samanbrot. Vi var innlagt i Førde på grunn av feber. Regelen er at han skal ha antibiotika ved feber, uansett. Og den er intravenøs, så han må ligge på sjukehus medan han får den.

Jone var ikkje spesielt dårleg, men litt skrøpeleg i kroppen. Det blir ein jo gjerne av å ligge i fire månader.

Så var det laurdag, og eg var dritlei av heile opplegget. Ikkje lei av sjukepleiarar eller legar eller møblar eller raudt golvbelegg, berre lei av det ubrukelege livet vi har for tida.

Vi skulle starte ny kur mandag, og eg hadde fått beskjed om at det var MR same veka, så eg grua meg noko voldsomt til det. Dette er den MRen som vil vise om cellegifta har hjelpt eller ikkje.

Så blei kuren utsett, og det var dråpen. Berre ein liten bagatell, og berre utsett med ein dag, men det var nok til å utløyse ein reaksjon. Eg skulle ut frå sjukehuset på ein liten bytur, og før eg hadde kome ned trappene frå 5.etasje, hadde eg begynt å grine. Klarte ikkje å stoppe før nesten to timar etterpå.

Sykehustrapp
Trappa.

(Eg vil berre nemne at eg no kan springe opp dei 5 etasjane på 49.65 sekund. Eg får melkesyre allerede i 3. etasje, utanfor døra til brystdiagnostisk senter. Det er visstnok ganske dårleg i følge fysioterapeuten til Jone. Ein skal ikkje få melkesyre før ein har fått opp pulsen.)

Samanbrotet var litt komisk for meg, i retrospekt, men kjedeleg for dei andre i parkeringshuset. Eg traff nemlig ein kollega før eg skulle parkere, og eg stoppa sporenstreks bilen for å fortelle kor lei meg eg var. Det kom bilar frå alle retningar, og eg blei forbanna på dei som ikkje skjønte at eg hadde rett til å stoppe kor eg ville.

Eg tok fram kreftkortet og slengte det i dashbordet, men det var ingen som såg det. Eg måtte flytte meg og flytte meg, og endte til slutt opp på handicap-parkering. Akkurat der og då var det heilt legitimt, eg var temmelig handicappa.

Etter ei lita stund med tørking av tårer og snørr, fann eg fram smilet og gikk inn i kjøpesenteret. Der møtte eg ein anna kollega, og begynte nesten umiddelbart å grine igjen. Då vart det endå ei runde med ferske tårer og friskt snørr i parkeringshuset.

Det gikk faktisk over, det og.

Mange grunnar til samanbrot

Amalie Skram

Amalie Skral fekk samanbrot på grunn av ekteskapskrise. Ho blei innlagt på Gaustad asyl og fekk diagnosen melankoli. Skilsmisse for 142 år sidan var sikkert ein god del meir oppsiktsvekkande enn no til dags. Det er jo veldig trist å høyre om, men det går heilt fint.

Amalie Skram

Jens Bjørneboe

Bjørneklo braut saman fordi han drakk for mykje alkohol etter å ha jobba veldig hardt. Han blei separert og tatt i promillekøyring.

Jens Bjørneboe

Edvard Munch

Eddie hadde eit altfor utsvevande liv, og fekk nervøst samanbrot med syns- og hørselshallusinasjonar. Han la seg inn på klinikk, og behandlinga var avslapping og full avvenning frå alkohol og tobakk.

Edvard Munch

Lillian Barlund

Sjuk son.

Lillian Barlund

Korleis unngå samanbrot

Ikkje skilje seg frå ektemaken, ikkje drikke alkohol, ikkje røyke, ikkje jobbe for mykje, ikkje ha sjukt barn.

14 kommentarer til “Samanbrot”

  1. Hei Lillian og skjønne Jone!

    Så fantastisk bra blogg og kjenner meg så godt igjen i alt du skriver. Har selv vært gjennom det dere nå står i! Min eldste datter, Thea, ble syk (svulst i lillehjernen) 2. februar 2019.

    Vi heier på dere og sender alle gode tanker og krefter deres vei!

    Mvh
    Tine

  2. Ann-Kristin Norstrand

    Eg beundrar deg så enormt for din bruk av ironi, humor og tidvis sarkasme. Du vekker tårer, latter, empati, tristheit, glede og omtanke, samt at vi smakar på skuggane av dine kjensler oppi alt. Vi er mange som tenker på dåke❤️❤️❤️

  3. God kveld. E vil bære påpek at du gjennom di sterke sammenligning av sammenbruddan dåkkers, har greid å vis at dåkker åpenbart har dæ kunsteriske te felles, du og ho Amalie, han Jens og han Edvard. No vakje dæ hovedfokus i innlegget ditt seff, mæn e kunne ikkje unngå påpeking (av nordnorsk: å peik på). Takk for oppdatering btw (av nordnorsk: attmæ veien/gatelangs, eller førr di rikaste: kjøp veien).

    1. God kveld, ja. Takk for peiken. Eg samanlikna meg egentlig med dei ironisk, men det er hyggelig at du syns vi er kunstneriske heile gjengen!

Kommentarer er stengt.