Hopp til innholdet

Vi må jo fortsette å vere rike!

  • 8 min read

Oljen tar jo slutt. Eller slutt og slutt, fru oljesjeik. Vi skal i alle fall ikkje leite meir. Det er det som er inn i tida.

Ein brannfakkel kan ikkje vare evig, veit du.

Dette skal ikkje handle om berekraft og CO2

Eg må berre nett nemne det. Beklager at eg er så lærarete, eg kan ikkje hjelpe for det.

Vi kunne brukt karbon som brensel dersom vi heile tida slapp ut like mykje som vi klarte å binde. Og med vi meiner eg jordkloden og alt som finst på den. Og der var vi ferdige med den diskusjonen. Løpet er kjørt. Enklare kan eg ikkje forklare det.

Du kan vere så mykje klimafornektar som du vil, det hjelper ikkje å nekte for fakta. Berre drit og dra. Berre sit heime i det koselege, varme huset ditt, eller kjør den koselege bilen din, og nekt så mykje du vil. Din klimanektarin.

Men vi må jo fortsette å vere rike!

Herreguuuuud liksom. Tenk om vi skulle bli eit middels rikt land, då. Flaut. Personleg er eg veldig fornøgd med å bu i grotesk rikt land, som fiksar søner gratis og alt.

Alle vil fortsette å vere rike, men det er for ubehageleg å gjere det som må til.

Skal vi liksom slutte med bil? Slutte med gigantiske hus? Slutte med overforbruk av mat, klede og ting? LOL og æsj.

Vi må heller utdanne flinke ingeniørar som kan løyse luksuskrisa vår. Dei må gjere elbilane betre, gjere solcellepanel lønsamt, dei må gjere straumforbruk, telefon, matproduksjon, alt, lønsamt og berekraftig. Vi må fortsette å kooooooose oss.

Dette er så komplekst at vi rett og slett treng fleire ekte lærarar.

Min geniale ide

Vi kan satse på lærarar og skule! Det er ikkje noko problem at vi ikkje kan tene oss rikare på olje lenger, så lenge vi har nok lærarar av høg kvalitet.

STOPP! Ikkje tenk tanken ein gong! Eg meiner ikkje at vi skal brenne lærarar, altså. Vi kan aldri bruke lærarar som energikjelde og drivstoff. Det er IKKJE berekraftig. I alle fall ikkje no, når vi manglar så mange.

Og dei vi har, er allereie utbrente!

Utbrente lærarar. Her har det skjedd ufullstendig forbrenning, det gjorde meg ingenting mindre kald. Dårleg drivstoff.

Men vi må nesten innsjå at lærarane er grunnlaget for kunnskapen som eit samfunn kan generere. Tenker eg store tankar om meg sjølv? Ja. Kor har liksom ingeniørar lært å ingeniere? Kor har rentefolk lært om rente? Kor har legen lært å lege? Kor har elektrikaren lært å elektrisere? Kor har vaskaren lært å vaske? Okei, det er heime. Men det betyr berre at vi må ha nok mødre av høg kvalitet og. Mødre og lærarar er stort sett det same for tida, så det er ingenting å stresse med.

Læraren er mordi

Må du ikkje lære å lese for å lære meir? Til og med dei som haaaaatar skule må gå der for å få seg eit yrke. Du kan ikkje berre begynne å jobbe som femåring, rett etter barnehagen. Sjølv om barnehagen er ein veldig god arena for læring og.

Eg trur du må gå på skule.

Ved å satse meir på lærarar og elevar, legg vi grunnlaget for at vi kan fortsette å vere rike.

Meir løn?

Her tenker du kanskje: Men dersom vi gir lærarane høgare løn, blir vi jo fattige i staden for rike.

Eg trur ikkje høgare løn er den absolutte sanninga, for eg trur ikkje eg vil ha kollegaer som blir lærarar for å bli rike. Det blir feil folk. Folk som blir noko fordi det er høg løn, må ha andre yrke. Dei kan vere programleiarar og sånn. Berre tenk på dei legane du har møtt som blei lege på grunn av løn! Det er ikkje dei beste. Dei er eventuelt kirurgar, og dei har du ikkje møtt, for du sov då dei gjorde jobben sin. Kirurgar er uansett ikkje vanlege menneske. Dei er superfolk! Tenk å ha så stor sjølvtillit at du tør å stikke ein skalpell inn i ein barnehjerne. OMG! Det er ikkje for alle. Og vi har råd til at dei har høg løn. Vel unnt. Reddar livet til bittesmå gutar på 2 år og den slags.

Mykje sjølvtillit

Likevel er løn eit uttrykk for at ein er verdsett, og eg trur det er det vi vil. Vi vil føle at samfunnet er einige i at vi er viktige. Mange seier det med munnen sin, og ord kan vere mektige, men det hjelper ikkje. Dei må seie det med handling. Og då meiner eg ikkje shopping.

Med mange meiner eg dei som har mynde til å gi folk meir løn. Dei som seier det motsette av mange, som hatar lærarar, som meiner at lærarar burde ha lågare løn, dei som ropar aller høgast, er som regel ikkje dei som bestemmer. Dei som bestemmer har som regel likt å gå på skule, og det er derfor dei har gjort det i hundre år.

Livets skule

Vi hadde ein periode då dei som bestemte hadde gått livets skule, men vi såg korleis det gikk. Livets skule gir ikkje bestemmekompetanse. Livet er ikkje ei linje på vgs. Du får ikkje vere lærling når du har gått livets skule. Du får ikkje eit yrke av det. Du får trygd. Fordi vi er eit rikt land.

Penis

Det var ei lokkeoverskrift for dei som held på å slutte å lese.

Penis

Fordi løn er eit uttrykk for penis og verdsetjing, blir løn viktig for å seie at lærarar er viktige. Det viktigaste er likevel at vi ikkje er lønsTAPARAR.

Dei aller fleste kollegaer som eg har intervjua er tusen prosent einige om at TID er meir verdt enn løn. Men sidan vi ikkje kan utvide døgnet utan at årstidene blir føkka, må lærarane få meir løn for mindre undervisning. Dette vil jo innebere at vi treng fleire lærarar, for elevane skal helst ha barnevakt i alle timane. Og vi er allereie i stor manko, så for å få fleire til å velje å vere lærar, må vi ha både tid og løn.

No må eg vere veeeeeldig forsiktig. Eg har krenka vaskarar, FRParar, regjering, storting, konge og fedreland, gud signe. Eg har til og med kritisert skogen for å ikkje ta opp CO2 fort nok, men eg må vere varsam med å seie at lærarar har for lite tid. Det er få ting som provoserer folk meir enn ferien til lærarane. Skal vi berre la det ligge?

No krenka eg lærarane og, sidan eg seier at avspaseringa er ferie.

Konklusjon

Vi treng satsing på skule for at Norge skal fortsette å vere eit rikt land. Eg har ansvaret for at du kan fortsette å kose deg. Versågod!

Eg skal bere ansvaret med stoltheit, men då må du anerkjenne det. Du treng trass alt ikkje vere hjernekirurg for å forstå det.

Dette er frå sist gong eg var på Lindmo

Ps: Vitsen om at vi ikkje kan brenne lærarar fordi dei allereie er utbrente fekk eg i gåve frå ein god ven <3