Hopp til innholdet

Veit du kva som har skjedd?!

  • 4 min read

(Advarsel: Store mengder bilder!)

Eg skulle planlegge april, for det skulle jo vere påske og alt mulig. Så sa kjæresten min: Er det ikkje MR i april og?

Og eg berre: DET HADDE EG GLØMT!

Tenk då. Eg har berre levd frå MR til MR i to år, og no hadde eg glømt at det skulle vere ein del av planane.

Vi berre: Herregud kor bra.

Og som om ikkje det var nok

Måndag i påska, rydde-opp-palmekvist-i-gatene-måndag, fekk eg melding frå den andre kjæresten min: Er det i dag du får svar på MR? (Neidaaaa, eg har berre ein kjærest! Du er litt pervo som gikk på den.)

Og eg berre: DET HADDE EG GLØMT!

Då var eg på ferjekaia, for eg skulle til byen med den tredje og fjerde kjæresten min. Så vart eg nervøs i magen, sånn som er vanleg, for eg tenkte på at dei kunne jo finne på å seie at vi skulle begynne på nytt, med operasjon, tårer, cellegift, spy, blod og stråling.

Så glømte eg det heilt igjen, før legen ringte medan eg var på veg ned Hemsedalsfjellet (det var heilt fint føre), og sa at det var ingen teikn til residiv. Så sa ho noko om hormon, men det hørte eg ingenting av. Eg får sikkert beskjed om det var noko viktig. Kanskje det var “han har så lite testosteron at han kjem til å bli jente, eller han har så lite veksthormon at han blir dverg”. Det eine øyret gikk inn og ut.

No har det gått to år sidan han var ferdig med cellegift, og her innblikk i livet vårt desse to åra. Versågod:

Samtale i bilen

Eg: Gjett kven som fortsatt er frisk i håve, då?

Tuva: Jaffal ikkje du.

Eg: Du får eit forsøk til.

Tuva: Jone.

Jone: Hæ?

Eg: High five!

Jone: High five!

Eg: sjanglete kjøring.

Jone: Det er jammen bra vi ikkje skal reise til Russland og sitte og høyre på Putin som bråkar med cymbalar. Og det er bra vi ikkje skal reise til Irak. Der er det veldig mykje bråk.

Eg og Tuva: …

Putin bråkar

PS

Eg har fått butikk med kle og ting og, samt kjøp kaffe-knapp (øpst på sida). Det er for å samle inn pengar.