Hopp til innholdet

Ekte isolat

  • 4 min read

Eg har allereie eit innlegg om isolasjon, men eg synest at alle bloggar bør ha minst to innlegg med dette temaet.

Og så er det jo så hyperaktuelt! (Dersom eg greier å få ut innlegget før koronaen er over.) Vi skal i isolat på grunn av andre omgang av reinfusjon av stamceller. Her kan du lese om kva det er: Cellegift 2.

I tillegg er Norge i karantene.

Karantene sutre sutre

Eg har eigentleg ikkje høyrt så mykje klaging over karantene og isolasjon. Det har sikkert mykje med kven eg snakkar med å gjere, altså ingen.

Likevel syner jo handlingane til folk at dei er stappfulle av indre sutr. Eg nemner ikkje hamstring, hytting eller hysteri. Fest, utepils, dopapir.

Er det synd på oss?

Eg synest litt synd på meg sjølv når eg er isolert, men ikkje så veldig mykje, for eg veit at det må til for å få Jone frisk. Eg hadde jo aldri valt fridom framfor frisk. FFF.

Dette biletet var tatt ein gong eg følte meg isolert på Haukeland.

Ikkje at mine tankar er fasiten, men alle burde tenke sånn som meg. Karantene og isolasjon må til for at Norge skal bli friskt. Uansett om du synest det er dumt og kjedelig, og merkar at du ikkje likar familien din. (Det er faktisk ein gyllen anledning til å skilje seg, dersom det er noko du har tenkt på.)

Korona-(ut)brudd.

Ekte isolat

No når alle trur dei er så isolerte, så skal eg vise kva eit ekte isolat er. Eg gjer det berre for å trøste, altså.

Eg hadde litt tid til overs, så eg lagde ein dokumentarfilm:

Her er ho sjukepleiaren som pleier å stenge meg inne (jamfør dokumentarfilmen). Eg skjønar godt at ho snur ryggen til.

Det er akkurat same mekanisme som då foreldra dine sa at du skulle ete opp maten din fordi det var nokon i Afrika som ikkje hadde mat. Då vart du vel takknemlig for maten, hæ?

Forsøk på Afrika.

Eller når du har lyst å klage over at det er kaldt i teltet når du er på camping om sommaren, men så ser du bilete av flyktningar i telt, og så plutselig føler du deg varm.

“Det er så kaldt i teltet”

Eller når du trur du er så ufri fordi du må vere heime frå jobb og passe eigne ungar, og så ser du ekte isolat og sjuk unge, og plutselig føler du deg glad.

Når du skjønar kva du slepp, så skal du liksom bli glad for det du har.

I ti sekund.

Litt kort innlegg, kanskje?

Då utfordrar eg deg til å skrive vidare, så har du noko å gjere på ei lita stund.

1 kommentar til “Ekte isolat”

Kommentarer er stengt.