Hopp til innholdet

Umoglege små ting

  • 6 min read

Dette kjenner du deg kanskje att i. Eg har i alle fall høyrt om folk som har hatt det sånn i samband med fødsel og amming, misting av ektefelle og depresjon.

Eg berre tok ei teikning eg hadde frå før. Den passar ikkje heilt inn, men det får vere bra nok.

Eg har prøvd både fødsel, amming og depresjon. Barnekreft er ikkje heilt det samme, men lamminga som kan oppstå er ganske lik.

Lam. Ikkje frå livet og ned, men av livet.

Om du ikkje kjenner deg igjen, må du høyre godt etter! Det er såpass mange som føder og/eller blir deprimerte, at anten blir du det sjølv på eit tidspunkt, eller så blir vennen din det. Garra.

Pittepittepittepittepittesmå oppgåver blir uoverkommelege!

Du blir bede om noko som vanlegvis ikkje ville vore noko problem, medan du no blir ekstremt krenka over at nokon kan tillate seg å foreslå noko så umogleg.

Døme på slike oppgåver:

  • Banken ba meg om å møte opp med pass, og så trua dei med å sperre kontoen viss eg ikkje gjorde det! Korleis VÅGAR dei å be meg om noko sånt, med så kort frist?
  • Forsikringsselskapet ba meg om å gi fullmakt slik at dei kunne få opplysningar frå sjukehuset. Det er allereie mykje å be om, at eg skal inn på nettet og bale med bankid og alt det der. Men dei ba meg om å SKRIVE DET UT OG SIGNERE FOR HAND, FOR SÅ Å SCANNE DET OG SENDE DET TILBAKE! Fy fan.

(Ps: Dersom du har tenkt å ha alvorleg sjukt barn, kjøp deg ei barneforsikring. Her kan kva som helst forsikringsselskap få lov å sponse meg, eg kan garantert reklamere bra! Eg kan hasjtagge så sjukt mykje at du anar ikkje.)

  • Ein av streaming-tilbydarane ba meg om å oppdatere kortet mitt! Det er for mykje forlangt! Skjønar dei ikkje kor tiltak det er å hente kortet, taste nummeret korrekt, og så legge det tilbake slik at eg ikkje gløymer det neste gong eg skal ut? (Hahahahahah, ut du liksom)
  • Ein person ba meg om å ta trappa i staden for heisen. “Få opp blodsirkulasjonen”. FÅ OPP DIN EIGEN BLODSIRKULASJON. I HJERNEN! Korleis skal eg klare noko sånt? Hæ?

Kva som er problemet

Eg skal forklare, sjølvsagt! Gjennom metaforar. Så får vi sjå korleis DET går.

Når du elskar eit barn som har blitt alvorleg sjuk, så går all energien med til å

  • Henge i hop
  • Halde hovudet over vatnet
  • Halde seg flytande (det er jo det samme som punktet over)
  • Halde seg oppreist
  • Unngå strangulasjon

Ikkje drukne

Det er veldig vanleg å samanlikne krise med drukning. Du er liksom ute og svømmer i bølgete vatn, kanskje litt storm-aktig. Du må flyte og halde hovudet over vatnet. Aller helst må du ha ein sånn kjempestor flytande flamingo, med plass til heile familien og vennane på. Dette er ein litt urettferdig metafor, for her kan du komme deg lettare gjennom krisa ved å ha trent. Det trur eg ikkje går på skikkelig. Du kan trene på svømming og bli drittgod, men du kan ikkje trene på å få sjuk unge.

Halde seg flytande i storm.

Henge i hop

Kor tid dett ein i frå kvarandre då? Eg hadde ikkje tid til å tenke så lenge, så det einaste eg kom på var sjølvmordsbombing. DÅ er det vanskeleg å henge i hop! Men det er og ein litt urettferdig metafor, for det betyr jo at du er sjølvmordsbombar, og har valt heile driten sjølv.

Heng ikkje i hop.

Halde seg oppreist

Kor tid er det ein ramlar slik at ein ikkje kjem seg opp igjen? Kanskje når du går over nordpolen på ski. Då må du ikkje ramle, for då frys du fast og kjem deg aldri opp igjen. Du MÅ halde deg oppreist, elles dør du.

Fastfrosen.

Heldigvis slepp eg å bruke nokon av desse metaforane, for eg har funne min eigen. Den er best.

Nemlig: Å unngå karbonmonoksidforgifting (CO)

CO er ein gass som verken luktar, smakar, har farge, eller er irriterande. Den berre PANG!!! kjem og forgiftar deg. Gassen oppstår ved ufullstendig forbrenning av organiske sambindingar, f.eks. når huset brenn ned eller når bilen slepp ut eksos.

Her er bilde av CO-gass. Usynleg.

CO binder seg til hemoglobin i lungene og fortrenger dermed oksygen. Du blir kvelt.

Du kan halde pusten for å ikkje få CO i lungene, men då dør du jo uansett av oksygenmangel.

Det du må gjere er å halde hovudet unna røyken. Og det er jo dritt-vanskeleg, for røyk spreier seg overalt. Til slutt ligg du og kryp heilt nede på golvet for å unngå røyken. Då forstår jo alle at det er vanskeleg å komme i banken med passet, ta utskrift av fullmakta, legge inn ny kortinformasjon, gå i trappa.

Kva har eg gjort med det?

Jo, eg spurte nurse1 om dei hadde kreft-kort som eg kunne trekke kvar gong nokon ba meg om slike grusome ting. Då sprang ho inn på lamineringsrommet og laga eit til meg! Veldig bra service. Eg fekk to i reserve, så eg gav eitt til kvar unge. Han som faktisk har kreft får jo ikkje brukt sitt så mykje endå, men søstera kan bruke det på skulen når ho ikkje vil jobbe i timen og sånn. Må ikkje tru eg oppfordrar til det, altså!

Han brukar det feil veg, men det er sånt han kan lære etterkvart.
Ho har skjønt det.
Her var riktig ansiktsuttrykk, men dessverre var kortet opp ned.
Her prøvde eg å få til eit trist-glad fjes, men det vart ikkje super-vellukka.

22 kommentarer til “Umoglege små ting”

  1. Wenche Meland, nabo 😊

    Du er knall tøff,tenke masse på deke.
    Krysse alt eg har for at de snart blir bra og kan kome heim att .♥️

  2. Fantastisk og klokt skrevet. Håper mange, mange leser dette – skal straks dele! Særlig det du sier om de bittesmå tingene som blir umulige når krisen rammer – det er så godt observert, og bra å anerkjenne. Ønsker alt godt i denne vanskelige situasjonen, hilsen Katrine

  3. Du er en herlig raring Lillian men fy søren så tøff du er! Ingen på utsiden kan skjønne omfanget av det din lille familie står midt oppi. Men vi heier på dere og krysser alt som kan krysses.
    Så skriver du jo om dette triste på en måte som gjør at vi smiler mens vi kjenner klumpen i halsen….

  4. Du veldig fine menneske som set viktige ord på ting, som vi ikkje forstå eller begripe….. ❤️ Men vi heiar, vi heiar veldig på dåke Lillian💥💥💥☀️☀️☀️

Kommentarer er stengt.