Hopp til innholdet

Unicorns ARE for real!

  • 5 min read

Dei som har følgt litt med, veit at eg er opptatt av enhjøringar for tida. Det er veldig spennande!

Frå Bibelen: “The unicorn leaps into the virgin’s lap, and she suckles it (!) and leads it to the King’s palace. Medieval writers thus likened the unicorn to Christ, who raised up a horn of salvation for mankind and dwelt in the womb of the Virgin Mary” Britannica.com

Skjønar du?

Ikkje for å kødde med bibelen, altså, men djeeez! Det er mildt sagt urovekkande.

Jomfru som ammar enhjørning.

Mytologi

Enhjørningen er eit mytologisk dyr som liknar på ein hest eller ei geit med eit enkelt horn i panna. Ikkje heeeeilt ulikt nashorn.

Enhjørning?

Den opptrer allereie i mesopotamisk kunst. Mesopotamia fanst for dødslenge sidan! Tusenvis av år, lixm.

Den er og referert til i indisk, kinesisk og gresk mytologi. Så det MÅ vere ekte.

Gresk litteratur

I tidlig gresk litteratur er enhjørningen skildra sånn: Den er på storleik med ein indisk wild ass. Dette er eit heilt ekte dyr, ca. som ein hest. Enhjørningen hadde kvit kropp, lilla hovud, blå auge, 45,72 cm langt horn som var raudt på tuppen, svart i midten og kvitt nedst.

Gresk enhjørning. Fornuftig å sparke av seg dei ubehagelege skoa.

Dette dyret var veldig vanskelig å fange, men dei som klarte det var heldige. Dei som drakk frå hornet var nemlig beskytta mot mageproblem, epilepsi og gift.

Så var det bibelen, då…

Viser til sitatet i starten av teksten.

I følge bibelen var enhjørningen eit sterkt, fantastisk dyr med horn. Det kunne berre bli fanga om ei jomfru vart plassert framfor det. Då ville enhjørningen hoppe opp i fanget hennar, og ho ville amme det og føre det til kongens palass. Det er ganske drygt.

Eg føler meg litt forvirra, for alle ville drepe enhjørningen, men det einaste vondsinna eg har funne at den gjorde er at den av og til spidda elefantar til døde med hornet sitt. Eg ser ingen grunn til å drepe elefantar, så det er unødvendig, men det er likevel litt strengt å drepe alle enhjørningar. Til tross for at det å drikke av hornet beskytta mot epilepsi.

The unicorn is killed and brought to the castle

Eg har gjenskapt eit kunstverk frå ca. 1500 etter vår tidsrekning. Eg synest det seier ganske mykje.

The unicorn is killed and brought to the castle.

Enhjørningen er litt vanskeleg å få auge på, eg trudde først det var hesten som var enhjørningen, berre at dei hadde kappa av hornet. Men så såg eg eit dødt dyr på ryggen til hesten, og han med raud skjorte og blå shorts held godt rundt hornet. Sa partneren.

Han med hornet peikar på jomfrua, samtidig som han fortel ein som ikkje kom med på biletet om kor flink ho var å amme.

Anten det, eller så har det begynt å gå rykter om jomfrua og kongen (som ser ut som ein klovn). Det er noko med blikka deira som seier “vi har prøvd å ha sex, men kongen fikk ikkje ereksjon”. “Jomfrua” er streng i blikket, og kongen litt unnskyldande. Han med rosa kjole og oransje hatt verkar interessert i å prøve seg på det same, altså å ligge med jomfrua.

Eg føler generelt at det er mykje baksnakking her. Berre sjå på dei to damene bak kongen. Ho med raud kjole burde vere litt forsiktig med å snakke drit om andre, sidan ho heilt tydeleg har syfilis sjølv (lillefingeren). Homokjærestane bak jomfrua er dei suraste av alle. Blikka deira uttrykker forakt og sjalusi.

Legg merke til klovnen som går magisk gjennom buskene over enhjørningen! Men sånn var det på den tida, mykje magi.

Her er originalen:

Berre for å skryte, men eg trur eg kunne gjort det stort som teiknar på den tida. Det som spesielt gjer at eg hadde passa inn i tida (bortsett frå at eg er besudla kvinne som er ferdig med amming), er at dei tydeligvis hadde like store problem med å teikne føter som eg har.

Norsk enhjørning

Norsk enhjørning med dyre, oljefinansierte sko.