Hopp til innholdet

EG GIDD IKKJE MEIR!

  • 7 min read

Hahahahahahhahahahahaah, det går jo ikkje!

Eg kan føle det, men eg må skunde meg å bli ferdig med kjensla, for det går ikkje an å ikkje gidde meir.

No vil eg berre prøve å gjere førjulstida litt deprimerande for deg ved å fortelje om dei dagane eg eigentleg ikkje får til, men må klare likevel.

Juletre, julenisse og Jone.

Du kan synge desse homofile songane med meg, med geipefjes og ironisk stemme:

Ironisk geipefjes. Beklager at eg har begynt å bruke bileta om igjen, men sånn er det i førjulsstria.
Eg har ikkje googla “flaking”, men satsar på at det betyr at sminken dett av. Smilet er på plass likevel.

Og så når du er ferdig å lese, kan du bli glad igjen ved å tenke på eigne ungar. Du kan seie: Å, for ein irriterande unge som masar no når eg er julestressa! Men eg er jammen glad han ikkje har kreft! (Dersom du ikkje har ungar, kan du tenke på nokon andre du er glad i, det går fint)

Ting eg ikkje orkar

  • At Jone må ete og drikke gjennom sonde (sjå teikning lenger oppe).
  • At han ikkje kan gå. Før var det at han ikkje kan snakke eller gå, men no er det berre gå. Så det blir jo færre ting å ikkje gidde.
  • At nokon ber meg om å gjere noko.
    Hysj! Eg klarer ikkje å gjere ting akkurat no, berre det aller mest nødvendige. Ikkje be meg om å gå plassar eller vere med på ting. Ikkje be meg om å ta Jone med på svømming eller turn. Ikkje be meg om å skifte på senga. Ikkje be meg om å bade han. Ikkje be meg om noko! Berre gi meg ting og hold meg oppe.
  • At det ikkje går over. I det gamle livet gikk ting over. Dette går ikkje over på leeeeeeenge.
  • At eg berre skal hente ein clausthaler i kjøleskapet og trur eg har eit vanleg liv, men så PANG ser eg antibiotikaflasker og sprøytefaen og blir minna på at livet aldri blir det same igjen.
  • At eg ikkje får gå på jobb og tulle med elevane mine.
  • Å kjøpe kaffi for 25 kr koppen når den berre er 25% god.
  • Å leite etter sekund der eg kan sleppe ut av rommet mitt.
  • Å vente

Dette har eg jo skrive eit heilt innlegg om før. Eg hugsar ikkje heilt kva innlegg det var, men her er eg i alle fall innom: 60 dagar på sjukehus.

Eg greier det ikkje! Grin grin (ikkje engelsk)

Eg har jobba litt med å teikne ein graf som framstiller dei umoglege dagane. Eg brukte regresjon i geogebra (sponsor?) og kom fram til denne. Med litt meir tid kunne eg fått det til betre. Svergar.

Grafen skal førestille fuck you. Det er berre passe vellukka, men kva meir kan ein vente av ei mor med kreftsjuk son? #kreftkort

(Her vil mange reagere på at koeffisientane i første og andre ledd er 0, men det har ei heilt naturleg forklaring. Berre ikkje tenk på det. Og så vil nokre klikke på at det ikkje ser heilt ut som ei hand, at langfingeren burde vere lenger osv. Då vil eg be deg om å sjå litt nøye på punkta eg hadde laga. Det var meininga at G skulle vere tuppen på langfingeren, og M toppen på peikefingeren. Det er ikkje min feil at geogebra føreslo den grafen til mine nydelige punkt! Apropos G-punkt, så har eg ei veldig humoristisk venninne som nesten lagde ein vits om langfinger og G-punkt. Det er vitsepotensialet sitt, det! Vi kan godt ta ein konkurranse om kven som kan lage den beste vitsen på det materialet. Premien er ei flaske sondemat. Denne parentesen vart så lang at det kunne vore eit eige blogginnlegg. Sorry.)

Spesielt vanskelege dagar

Eg vil hoppe ut vindauget i 3. etasje. Ikkje fordi eg vil bli skada eller dø (eg er faktisk veldig redd for å slå meg), berre fordi eg vil stikke av, reise heim, komme meg tilbake til det gamle livet mitt. (Du treng ikkje å ringe 911, altså, for det er heilt umogleg å komme seg ut vindauga på sjukehuset.)

Det er photoshop.

Eg vil vakne frå ein idiotisk drøm om at ungen min har kreft i hjernen, le litt nervøst av den dumme drømmen. Så fortelje den til kollegaene mine. Dei skal tromme med fingrane fordi det er kjedelig å høyre om ein så urealistisk drøm.

“Hahah, eg drømte i natt at Jone hadde fått ondarta svulst på størrelse med ei stor plomme/lita potet/barnepung/liten mozarellaost i lake i lillehjernen! Hoi! Bra det berre var ein drøm, då!” Så tilbake til kopimaskina for å kopiere opp juletentamensoppgåver til nydelige ungdommar med pubertetsproblem. Mensen og alt mulig.

På ekte drømte eg at han måtte ha cellegift i ganen. Sprøyte i ganen, liksom. Det grudde eg meg til. Og så er realiteten at han må ha sprøyte med cellegift i hovudet. Ikkje mindre utrulig.

Drøm og virkelegheit.

Kvifor det blir umogleg

Kva er det som skil ein umogleg dag frå ein vanleg dag? Det er vanskeleg å seie.

Nokre dagar berre ER slik. Kanskje eg har sove lite, ete for små mengder sjokolade, tenkt for masse og for langt fram i tid, drukke for lite.

Venting på MR-svar gjer dagar umoglege.

Kanskje eg ikkje har sett favoritt-nurses (nurse1, nurse2 og nurse3) på lenge. Kanskje dei har ferie, andre pasientar, lønsj, liv utanom.

Som oftast er det direkte samanheng med Jone si form, det har nesten alt å seie korleis han har det. Han er lei seg og har vondt, og eg kan ikkje gjere noko for å hjelpe han. Hans dårlege dagar er mine dårlege dagar.

For det meste er han i godt humør. Hadde ikkje Jone vore så glad som han er, så hadde nok dette knust meg. Det er eg sikker på.

Glad.

Resten av dagane

Er ok.

Denne grafen framstiller resten av dagane. Legg merke til at den startar på -1 på y-aksen. Det er fordi eg alltid har vore litt melankolsk. x-aksen er dagar. I verkelegheita er ikkje grafen så jamn og nydeleg, men eg synest den får fram poenget. Anti-orke-dagane kom ikkje med på utklippet, dei er for langt nede på y-aksen.

God jul!

Sist vi kom heim måtte vi pynte litt til jul. Jone har ikkje noko forhold til englar, så han bestemte ganske kjapt at dette var JULEBATMAN! (Superhelt, sånn som han sjølv)

16 kommentarer til “EG GIDD IKKJE MEIR!”

  1. Så sterk lesning! Vi var innlagt en uke i tredje i november, og jeg er sikker på at Jone er et av de barna jeg gråt meg i søvn for hver kveld. Å ha en frisk unge innlagt blant så mange skjebner som vi traff i kantinen, satte og setter enda hverdagen virkelig i perspektiv. Alle gode tanker til dere!

  2. Sara Mathisen-Yndestad

    Sterk lesing❤️ midt i julestria!
    Med eitt satt eg meir pris på den travle kvardagen med masate ungar.

    Eg ønskjer Jone god betring.
    For ein helt han er som kan smile gjennom det vonde, og du som støttar han og er sterk for han. ⭐️

    Stor klem til ei mamma frå ei anna mamma

  3. Ynskjer deg og borna ei fredeleg jul. Håpar at 2020 byr på eit stort fleirtal av positive opplevingar! ❤klem

  4. Ei julehelsing frå ei du ikkje kjenner. Ei som synst du verkar for å vere ei heilt RÅ mamma. Ei som synst at det dåkke no gjennomgår er forferdeleg urettferdig. Ei som ønske dåkke god jul. Frå ei mamma til ei anna mamma. Få ei som har like fint navn som deg . God jul og god betring. Heia på superhelten!

  5. Jeg er så imponert. Og skjønner godt at dagene kan virke uutholdelige innimellom. Selv om jeg har veldig dårlig sammenlikningsgrunnlag. Du er en superhelt. Husk det! Jula kommer uansett. Tipper lille Jone ikke er så opptatt av det. Ønsker dere alt godt. ❤️

Kommentarer er stengt.