Hopp til innholdet

15 tips til å få eit betre 2020

  • 8 min read

Synest du 2020 var eit kjedelig år? Det var kjempedumt for deg. Eg har stor medkjensle.

Var det litt seint å komme med tips i desember? Ja, kanskje.

Jone gav med ei teikning hin dagen. Eg føler det er ei treffande tolking av eiga mor. Gjennomsnittet av utsjånaden min i 2020.

Reglar for kjeft

Eg har egentlig ganske strenge reglar for meg sjølv når det gjeld å kjefte på andre for kva dei sutrar for.

Eg har til og med eit heilt eige innlegg om dette: Relativt problematisk.

Smerte er relativt, og vi har lov å klage ut frå eige erfaringsgrunnlag. Men eg må jo nesten setje året litt i perspektiv, når du faktisk ikkje klarer det sjølv. Snork, for eit kjedelig avsnitt. Humorblogg, liksom?

I rompa di

Vi bryr oss jo ikkje om kva som skjer utanfor eige hus, eller eigen anus, så eg skal ikkje nemne flyktningborn og sånn. Heller ikkje at du bør vere glad for at Trimmp ikkje fekk alle stemmene. (Det er hersketeknikk at eg skriv namnet hans feil, eg bryr meg så lite at eg ikkje gidd å lære meg namnet.) Masseskyting i Thailand. George Floyd. ESC blei avlyst. Det er ikkje nøye for OSS.

Det viktigaste er oss sjølv. Det er vi som pregar kvardagslivet vårt 111%.

Det verste som har skjedd deg?

Dersom det verste du har opplevd i 2020 er restriksjonar på butikk og pøbb og at selskapa dine har blitt kjedelige, så synest eg faktisk du skal vere glad.

Dei som skal klage over restriksjonar, er dei som døydde fordi andre ikkje gadd å følge dei. Dei som døydde av einsemd. Mitt store forbilde, mormor, er for eksempel borte vekk. Ho fekk ikkje koronavirus i kroppen sin, men ho fekk ikkje besøk heller.

Sjå kor kul ho var då. Her var ho 90 år, og ho henta plommer til oss. Vi sat og kosa oss i sola og såg på.

No kom eg på at det er litt seint å klage etter at du er død. La gå.

Det verste og beste som har skjedd meg i 2020

No skal eg gi deg dårleg samvit fordi du klagar. Det viktigaste er trass alt MIN anus.

Dette er altså så knallhardt å sjå tilbake på!

Januar 2020

Hjertet mitt blir knust. Eg likar ikkje heilt å vise desse bileta, men det var jo sånn det var. Eg trur denne perioden er det verste eg har opplevd i 2020. Kanskje verst i heile livet.

Så skal du blir glad igjen.

Desember 2020

Hjertet mitt blir varmt og ømt. Circa 11 månader seinare. Desse bileta viser eg med glede!

I 2020 har vi og vore gjennom fire MR. Alle har fått blogginnlegg, for det er så stor påkjenning! Men det som er fint med 2020, er at ingen av dei viste svulst og kreft i kroppen til Jone.

Januar: MR skremmer

April: Intellekt eller motorikk?

Juni: Å bygge verda på nytt

September: Emmmmæærrrrr

Så blir det ny MR i januar 2021. Men då er 2020 over, og alt skal bli bra. Er det ikkje sånn?

Gleda og lettelsen over postitiv MR gjer til at pandemi blir ein bittebittebitteliten bagatell i livet vårt. Det skjønar jo alle.

Pandemilivet passar meg fint

Du tenker kanskje “sjadap bitsj, pandemi er vanskeleg!”. Lett for meg å seie at det er lett, når eg har hatt heilt andre ting å bekymre meg for. Ja, det var kjempelett å seie, vanskeleg å leve i.

Eg likar restriksjonane! Eg likar ikkje så godt å vere sosial uansett. Endeleg ein legitim grunn til å seie nei til klem og besøk og offentleg samleie.

Offentleg samleie

Nei, eg meinte samkome. Måtte berre ha med litt sex for å halde på merksemda di.

Så var det dei 15 tipsa, då

Grunnen til at du trykte på overskrifta mi.

Her er tinga du kan tenke på, slik at du slepp å tenke på kor synd det var i deg som ikkje fekk gjere som du ville i 2020:

Du kan vere glad for at

1.Du ikkje døydde eller var pårørande til nokon som døydde, direkte eller indirekte av covid. Eller kreft. Eller berre døydde. Det er ikkje så nøye kva grunn. (Dette var ekstremt dårleg formulert.)

2. Ingen av barna dine hadde kreft.

3. Ingen av barna dine døydde. Det var visst nr. 1 på nytt. Jaja.

4. Du sjølv hadde ikkje kreft.

5. Eller andre alvorlege sjukdomar. Og eg er av den typen som synest psykiske sjukdomar kan vere minst like alvorlege som fysiske. Det er det på tide at du og skjønar.

Pung

6. Nr. 5 gjeld både barna dine og deg sjølv, pluss foreldra dine og andre du er glad i.

Men i alle dagar. Det vart jo alle punkta på nytt. No er det på tide å konsentrere seg! Prøv å fokusere på andre ting enn sjukdom, frk. Barlund.

7. Du mista ikkje jobben din eller alle inntekter fordi du jobba med kultur. Eg meiner ikkje fotball. LOL.

8. Nr. 7, berre andre yrke.

9. Du slapp å jobbe 200% for 100% løn fordi du måtte sprite alt og alle heile dagen, passe på at det berre var ein elev i kvar kohort, sjekke barn og føresette i alle kroppens holrom for virus, sprite alt ein gong til, bruke ei helg på å lære alt om heimeskule og digital undervising, sprite PCen, passe på at ingen blei ekstra mishandla fordi dei måtte vere meir heime med sine psykopatiske føresette, bli minna på at du burde passe meir på til vanleg, ha dårleg samvit fordi du gløymer dei borna kvar gong det ikkje er pandemi, passe på at vanleg mobbing ikkje går over til å bli nettmobbing, halde bittesmå barn unna kvarandre, halde triste og mishandla barn unna deg sjølv, passe på at du sjølv ikkje blei smitta av dei snørrete, blødande barna, omg eg orkar ikkje meir. Dette gjald pedagogar.

10. Var sjukepleiar eller lege.

Sjukepleiar og pasient, rett før pandemi. Haha, ho har skjorta på feil veg.

11. Eg kjem ikkje på meir. Dessutan må eg gjere andre ting, for det er julafta i dag. Eg har ikkje så stort nettverk at eg må redusere antal gjestar, så vi skal feire heilt vanleg. Og sidan mormor er død, så treng vi ikkje tenke på at ho skal bli smitta uansett. (No er det ikkje julafta lenger, men eg kan ikkje endre heile avsnittet berre på grunn av det.)

Eg gav ho spisepinnar! Det var ganske frekt av meg. (Kanskje du er av den typen som synest det er forbode å tulle med døde, men då foreslår eg at du lar vere å gjere det med dine. Alle i min familie er heilt samde om at dersom mormor ikkje allerede var død, så ville ho ledd seg i hel av dette.)

Heile poenget forsvann jo!

Eg endte opp med altfor mange som hadde rett til å klage. Føkk. Dårleg tekst, med tanke på at poenget skulle vere at du ikkje hadde rett til å klage.

I alle fall var det skikkeleg gale for min anus. Og veldig bra, då.

Eit siste tips

12. Teikne sauer. Dei ser så latterlege ut i seg sjølv at det er enkel moro å prøve å teikne dei.

Her ser du modellen øverst, og så mitt forsøk nederst. Eg veit du trudde det var omvendt, då! Glømte å ta vekk bilde av meg sjølv.

Eit aller siste tips dersom du er lei av familien din

Kamufler deg og ver heilt stille, dei har ikkje sjanse til å finne deg!

Her ser du Jone går rundt med gåstolen sin og leitar etter meg! (Eg er til høgre i biletet, hyyysj…)