Hopp til innholdet

MR skremmer

  • 5 min read

Magnetresonanstomografi.

Det er ikkje sjølve MR eg er redd for, det er resultatet.

(Den einaste MR-ulukka eg har høyrt om, er om ein sjukepleiar som blei dratt inn i maskina og blei alvorleg skada. Dette er IKKJE morsomt, men at talsmannen seier “vi har eit klart bilete av kva som skjedde” er ganske morsomt.)

MR-ulukke. Hugs, det er ikkje morsomt.

Grunnen til at Jone måtte ta MR i utgangspunktet var at han hadde hatt “spysjuka” i to veker. Denne spysjuka var spesiell, fordi han spydde, spydde, spydde, og så var han heilt frisk igjen før neste spy. Og det kunne gå ganske lang tid mellom kvar spy.

I tillegg klarte han ikkje å gå skikkeleg, han sjangla rundt på golvet, krasja litt i veggen og sånn. Dette skildra han slik: “Eg går som ein pingvin” og “eg er ein skjelvande gele”. Og så lo han.

Eg tenkte det var best å gå til lege.

MR 1 – 17.09.19

Her hadde eg eigentleg ingen forventingar. Før dette kokko-livet var eg imidlertid ein veldig bekymra person, så eg hadde vore ein snartur innom hjernesvulst som årsak til pingvin-oppførselen. Men eg merka at ingen andre tenkte det, så eg slo det frå meg.

Her var vi vettu. Koooosa oss medan vi venta i 200 år på å komme inn til undersøking.

Likevel. Legane og dei der som hadde vore så muntre tidlegare på dagen var veldig rare då dei kom ut frå MR-rommet. Berre smilte sånn du veit, medkjensle-smil. Kondolanse. Dei ville ikkje heilt sjå på meg. Då skjønte eg at det ikkje berre var virus. Så inntlegent er eg, liksom.

Så beskjed om funn. Det er litt vanskeleg å skildre, men det kjentest som om alt stoppa. Kroppen og verda rundt. Eg trur hjartet stoppa å slå og blodet tok pause frå sirkulasjon. Eg følte meg grå. Det er den beste skildringa eg kan klare med mitt noko fattige språk.

Sting berre: “Sink like a stone that’s been thrown in the water. My logic had drowned in a sea of emotion.” Han er flinkare med ord enn meg.

MR 2 – 18.09.19

Skulle sjekke ryggmergen for spreiing. Å vente på svaret til dagen etterpå tok hundre år. Eg veit det er ulogisk, men sånn var det.

Heldigvis hadde eg Pilde Pornobilde på besøk, så eg kunne lage vitsar heile dagen. Vits er bra vern mot angst. Likevel kjem det små angstbølgjer med tilhøyrande kvalme. Litt som når du skal prestere eitt eller anna viktig og kjem på at det er noko du absolutt ikkje kan. Eksamen. Konsert. Forelska med motsett forteikn.

Det var ikkje spreiing, då.

Siste kveld som heilt vanleg 2-åring, lukkeleg uvitande om kva som venta. Akkurat dette biletet gir meg akutt hjertesorg. Biletet som markerer før og no. Glad, men med svulst.
Første dag som lam og stum. Uforståande til kva som har skjedd. Også hjertesorg-framkallande. Lei seg, men utan svulst.

MR 3 – 14.11.19

Dette var for å finne ut om det hadde skjedd endringar sidan operasjonen, om det hadde vore utvikling av svulstvev medan han hadde gått på cellegift. Det var to månader etter operasjon, og han hadde hatt to kurar. Det ville vore veldig dårleg nytt dersom det var spreiing på så kort tid.

Venting og stress frå torsdag til mandag.

MR 4 – 24.01.20

Denne MR-en hadde same formål som den førre, å sjekke om det hadde skjedd utvikling sidan sist, om det hadde oppstått nye svulstar. Dette ville vere veeeeeeeeeeeeeeldig dårleg nytt!

Dette har vore den verste ventinga hittil. Vente på tidspunkt for MR, vente på å sleppe inn, vente på at undersøkinga er ferdig, vente på at ungen skal våkne, vente på henting tilbake til barneklinikken, vente på svar på MR. I mange dagar! Her er eit tidlegare innlegg om venting.

Eg har grua meg lenge. I tillegg var eg litt ekstra nedbroten. Eg er det Jone er, og han har vore dårleg etter jul. Han har begynt å spy mykje igjen, og då får eg minner om spy-traumene mine (SPY-tekst). Dessutan har han vore skrøpeleg i kroppen, eg trur alle musklane har forsvunne igjen.

Sliten gutt med kreft på oppvåkning etter MR av hjerne og ryggmarg.
Oppvåkning. Veldig sliten gut.

Eg skulle vente frå fredag til mandag på svar, og den helga var heilt jævlig. Då mandagen kom var eg grå og kald og utan puls ca. heile dagen. Eg døydde litt, men var heldigvis på sjukehus, slik at eg fekk gjenoppliving så ofte eg trengte. Dei er rause sånn.

Så ringte telefonen, og doktoren sa: Hoppe i senga, det er ikke bra!

Neida, ho sa: Det er ingen teikn til tumor, men mange teikn til humor. Jeeeeej, eg har morsom unge!

Altså, INGEN TEIKN TIL TUMOR ETTER SEKS CELLEGIFTKURAR. DÅ GJER VI OSS KLAR TIL NESTE RUNDE!

Feiring med is!

47 kommentarer til “MR skremmer”

  1. Gode Lillian! Synes det var ille nok når gutten min måtte opereres pga brudd i armen….! Mammahjertet hadde så vondt! ❤ ….så korleis kan dette føles?? Uffa, meg… ❤ Tenker masse på dåke! ❤😘

    Klem frå “eldste Laila på andre gangen”

  2. Eg har egentlig ikkje ordet som dekker deg Lilllian. Trur ikkje det fins endå, men trur du kan finne det opp… Ordet for ei mor i kamp mot kreft.!!!
    Eg såg alltid opp mot den jenta som du var, du kunne alt, du var den sterke.
    No får eg bekreftelse på at du var den eg trudde.
    Jenta som kunne bere alt!
    Er så glad for at alt går framover.
    Bloggen din er unik. Eg er sjølv ingen blogglesar, men denne vil eg dele vidare. Denne må være unik.
    Må alt gå godt for vesle Jone, og familie ❤❤

  3. Kjenner ikkje deg, men kjenner nokon som kjenner deg…. og derfor fått følgje deg og den vanvittig vanskelege tida di. Kor uvirkelig tøft og jævlig det må vere og oppleve det dåke går igjennom.
    Denne siste teksten traff, so det susa….. vart so utrulig letta og glad at tårene trilla.
    Masse lykke ønskinga

  4. Ubeskriveleg letta over den gode meldinga. Nye innlegg frå deg er det første eg les, både fordi du skriv godt og fordi eg er spent på korleis det går med Jone. Hipp hipp hurra.

  5. Er såå imponert over korleis du klarer å takle desse vanvittige påkjenningane.. No må det berre gå ein veg.. Det er mange som heiar på deg.

  6. Kjenner eg held pusten medan eg les. Du er heilt fantastisk til å beskrive så mange sider av dette «helvete».
    Sender positive vibbar og tankar og måtte oppturane no stå i kø for dåkke.

  7. Eg er stum av beundring over måten du skriv og har skrive om den svært vanskelege tida du og Jone har vore gjennom. Det er så imponerande korleis du taklar det med ein humor/galgenhumor gjennom tekst og illustrasjonar som er ubetaleleg. Eg kryssar alt eg har for Jone og deg og er veldig glad for positive meldingar i dag!

  8. Hurra! ❤️ Du skriver på en så fin, morsom, sår og +++ måte om det fæle og altoppslukende dere nå opplever! Du gir det ukjente og skremmende et ansikt, med mimikk og glimt i øyet ❤️

    Alle gode ønsker fra Florø!

  9. Hurra! ❤️ Du skriver på en så fin, morsom, sår og +++ måte om det fæle og altoppslukende dere nå opplever! Du gir det ukjente og skremmende et ansikt, med mimikk og glimt i øyet ❤️

    Alle gode ønsker fra Florø!

  10. Love it! Måtte spyinga slutte og musklane kome fort tilbake. Herlig at humoren ikkje har forsvunne! Masse kjærleik til dokke alle 3! Riktig god betring vidare!

Kommentarer er stengt.