Hopp til innholdet

Intellekt eller motorikk?

  • 7 min read

NB! Fare for krenk!

Jone har fokusert på utvikling av intellektet sitt framfor å relære gange. Dei som har følgt ekstra godt med, har fått med seg at han mista både rørsle- og taleevna då dei opererte ut svulsten i hjernen. Mutismen var eg 25% førebudd på, medan “lammelsen” kom litt overraskande på meg.

Eg bekymra meg mykje meir dei vekene han ikkje kunne snakke enn alle månadane han ikkje kunne gå. Dei månadane er vi fortsatt i.

Stum eller lam?

Denne vêren har sikkert vore lam ein gong.

Det at han mista taleevna var heilt grusomt, og han vart veldig prega av det sjølv. Språket var der nemlig framleis, han fekk det berre ikkje ut. Det var trist. Men han lærte seg ganske kjapt å snakke igjen.

Eg veit at eg har brukt dette biletet før, altså. Det var akkurat sånn han såg ut den perioden spåket var stengt inne.

Det at han vart lam i halve kroppen, derimot, kunne ikkje brydd han mindre. Han har uansett vore tvungen til å ligge i ei seng mesteparten av tida.

I tillegg har det ført til at han har lært veldig mykje gjennom youtube og ved å berre snakke med vaksne.

Nobelpris eller gå-medalje?

På veg tilbake frå siste MR diskuterte eg dette med ein veldig intelligent sjukepleiar. Vi blei heilt einige om at Jone minst var blitt geni, og at ein kom mykje lenger i livet med å kunne tenke, snakke, skrive og rekne enn å kunne gå.

Ingen får nobelpris av å gå.

Ingen utviklar vaksine mot kreft og korona av å gå.

Ingen sjarmerer damer og lagar ungar ved å gå. Eller?

Ein er ikkje avhengig av å gå bra for at det skal gå bra. Høøhøhøhøh.

Dette er frå desember. Det er det beste han har gått sidan operasjonen. No har han glømt det heilt igjen. Slutt å klage over at eg bruker bileta om igjen! PS: Petrine <3

Bli trilla eller gå sjølv?

Vi var sjølvsagt og einige om at det er kjekt når ein går bra, men at ein kan klare seg heilt fint utan.

Når ein i tillegg er pen, blid og sjarmerande, så er det å vere lam ingen hindring. Det er nesten ein fordel, for då får ein sympati som både kan skaffe sex og jobb.

Det er betre å bli trilla medan ein tenker viktige tankar og seier kloke ting enn å gå kjempefint medan ein tenker og snakkar som ein idiot.

Stephen Hawkin.

Heilt ferskt bilde. Han må bli trilla, men det er lett å sjå at han tenker store tankar.

Fsajfieol eller ajionok?

Fjiodgjkak fosewiojkdkdfdjs fejiwejioj jfd fjiaewopdm3290ijoef  rfeioeioo oafji ofdvdmklv m kdalørfdfksdfkl ølskdføae ropioepw fdjskløjks lfdasdfjklø erio wepoookasp dfeokp fkladæsjvmc,ewop.x,-mzewopdskljaf.

Førre avsnitt skreiv eg med vottar. Det kommuniserer dårleg, og det var dumt, for det var ein kjempebra vits!

Leather Box Mittens, vott unisex
Det var denne typen vott.

Men det er ikkje så enkelt

For det kjem jo heilt an på kva ein ser på som suksess. I det ekte livet er det kanskje viktigast å kunne tenke, men i reality kan det godt hende det er ein fordel å berre kunne gå.

Derfor treng du ikkje fortvile om du har barn som er veldig dumme, det kan gå heilt fint likevel.

Eg har tilfeldigvis nokre døme. Dette er reality-program som eg har tenkt ut heilt sjølv, og som eg trur vil funke veldig bra.

Paradise Pasienthotell

Det er akkurat som vanleg paradise hotell, berre med sjuke folk. Poenget, sånn som eg har skjønt det, er å STÅ med folk, samtidig som du viser mangel på intelligens,

Her ville ikkje Jone klart seg bra.

Frå pasienthotellet.

60.37 grader Nord

(Her må eg seie at hjernen min heldt på å eksplodere då eg researcha litt. Eg syntest at vitsen hadde vore betre om det var 61 grader Nord. Eg forstår ikkje avstandar så godt, så eg fekk nesten sjokk då eg skreiv inn 61 grader Nord på kartet og kom til Gulen! Waaaat?!! Det går ikkje, at 0.63 grader skal utgjere 115 km i køyring. Nei, vettuka.)

Uansett. Det er akkurat som 71 grader Nord, berre at det er Haukeland som er målet, og sjuke folk som er deltakarar.

Her ville ikkje Jone klart seg bra, verken på gåinga eller å få i seg nok mat. Men dersom det var ein distanse der ein skulle bli trilla medan ein las Dostojevskij, så ville han vunne den. Garra.

Fjodorboi. Han er svært dyster, slik han alltid var. Sjå hendene, då! Det er pga. korona.

Kompleks on the beach

Det er akkurat som ex on the beach, berre at det er sjuke folk som er deltakarar, og det dukkar opp gamle kompleks i staden for gamle ex.

Det kan vere kompleks for hårtap, steroidetjukkheit, kreftanoreksi, puppearr, amputasjon.

Her kunne Jone klart seg. Ein treng ikkje å gå på stranda, det er nok å sitte i vasskanten og ha kompleks for at han lærte å gå veldig seint, og at han snubla mykje då han først lærte det.

Jone on the beach. Eg får vel ta kritikk for manglande svømmeopplæring. “Sorry.”

Her er det mange moglegheiter: Latex on the beach, anneks on the beach, sporenstreks on the beach, havrekjeks on the beach, prisindeks on the beach, refleks on the beach.

Sinnadoktorn

Det er akkurat som sinnasnekkern, berre at det er sjuke folk som er deltakarar. Doktoren kjeftar og kjeftar fordi ein har blitt sjuk.

Her treng ein verken gå eller vere intelligent. Men eg reknar med Jone kunne målbunde doktoren med sine intelligente og vittige kommentarar.

Sinnadoktorn.

Jakten på kjærligheten

Her har eg eit eige innlegg om dating på Haukeland, så det får eg forklare ein anna gong.

Konklusjon

Eg hadde rett.

MR

Hugsar du at eg skreiv at vi var på veg tilbake frå MR lenger oppe i teksten? Svaret på den var ikkje supert. Det var ikkje nødvendigvis positivt, men ikkje nødvendigvis negativt heller. Det får vi ikkje svar på før i juni. Så eg må fortsatt holde pusten. Blir snart heilt blå i fjeset.

Blå.

16 kommentarer til “Intellekt eller motorikk?”

  1. Du er veldig flink til å skildre alvorlege ting med humoristisk vri! Satser på at tida går fort til juni! Der kjem også humoren inn!
    😘🤞🤞

  2. Eg er heilt enig Lillian, å tenke er det viktigaste, det er der ein kan ha det morosamt, vere dyktig, ha omtanke for kvarandre, vere lei seg, og mykje meir, ja det gjer det verdt å leve ♥️ Eg er foresten enig i det meste du seier Lillian 😄 stor klem frå Kjellaug

  3. Eg holder pusten med deg Lillian, og eg håper på at mai går veldig fort.
    Det skal gå bra ❤️💙❤️

  4. Eg held pusten saman med deg og håpar vi kan få tida fram til juni til å både bli bra og gå litt fort ❤️🤞😘

Kommentarer er stengt.