Hopp til innholdet

Relativt problematisk

  • 7 min read

Sjølv om dei fleste dagane er like på sjukehuset, så har eg heldigvis litt forskjellige tankar frå dag til dag. Litt.

Eg har gode og dårlege dagar, men det er sjeldan ein heil dag er heilt dårleg. Det skiftar fort, i takt med Jone sitt humør. Men eg har vel nemnt at han nesten alltid er glad i fjeset?

Døme på kva som kan gjere ein dag dårleg.

Som oftast har eg ingenting i mot andre folk og deira problem. Eg er som regel oppriktig interessert i kva dei har å seie, og eg har sympati når noko er gale. Så raus er EG, liksom.

Ikkje gå rundt og ha vanlege liv!

Dersom det er dårleg stemning i mange timar på rad, føler eg at eg MÅ ut. Og når eg kjem ut, så blir eg irritert av alle eg møter.

Eg tenker at dei ikkje har lov til å gå rundt og ha vanlege liv når heile livet vårt står på spel. Dei har det altfor enkelt, og dei burde ta omsyn til at eg har det heilt jævlig.

Folk har ikkje lov å komme smilande med barnevogn med friskt barn oppi. Då tenker eg: Forstår ikkje du kor synd det er i meg?

Ikkje lov!

Ikkje stå framfor meg i køa på apoteket og kjøp medisin mot kløe under gipsen. Eg skal ha salve mot kjøttsår i rompa til sonen min som ligg i MR-maskina for å finne ut om cellegifta har funka.

Eg blir heilt på gråten, men smiler sjølvsagt falskt.

Men eg MÅ få høyre om problema dine!

Og så tenker eg sånn når eg høyrer andre snakke om liva sine:

Ironifjes. I dette avsnittet må du tenke at eg har sånt fjes når eg snakkar.
  • Har du ikkje hatt barnefri på tre veker? Det MÅ eg berre få høyre meir om!
  • Er ungen din skikkelig forkjøla? Det er veldig interessant.
  • Fekk du ikkje sove i natt? Det må ha vore fælt.
  • Har du eksem, sa du? Det vil eg både sjå på og høyre om!
  • Vil ikkje ungen din ete? Spyr han? Næmen!
  • Kvalm? Hoste? Knekt finger? Impotens? Tørre slimhinner? Dyrt øl? Dårleg batteri på telefonen? Fortel meg gjerne alt om dette!
Litt ulike problem.

DU HAR IKKJE EKTE PROBLEM!

Alt er problem

Det kjem berre an på korleis du ser på det.

Så blir eg roleg igjen. Godt humør og glad. Og eg kjem på at eg eigentleg er grei. Dei fleste dagane er meir enn 50% gode, så eg hatar ikkje folk kvar dag.

Alle skjønar at det er lett å gløyme å ha det elendig når det er dette fjeset som møter deg mesteparten av tida.

Størrelsen på tissen din er relativ. Det kjem heilt an på kva du samanliknar med. Dersom du samanliknar den med ei synål, så er den KJEMPESTOR (forhåpentlegvis), og viss du samanliknar med ein lyktestolpe, så er den pitteliten (forhåpentlegvis).

Sjølv om pissens størrelse er konstant, så er den stor og liten i kontekst.

Sånn er det med problema våre og. Størrelsen er relativ, det kjem an på kva du har å samanlikne med.

Det verste eg hadde opplevd av sjuke barn før, var 39 i feber, spysjuka og svelging av 10-kroning. Ikkje på same dag, då! Ut frå det ville 40 i feber vere eit kjempeskummelt problem for meg.

Så når eg er snill og sympatisk, så skjønar eg at det frustrerande med forkjøla ungar, lite søvn, lite barnefri. Og eg ER faktisk interessert i livet ditt. Ikkje ver redd for å ha for små problem når du snakkar med meg. Tenk om berre dei med barnekreft i familien fekk lov til å snakke, då? Trist.

Mine daglege problem

Nokre av dei er flunkande nye, andre hadde eg berre gløymt.

Medisinpumper

Det verste problemet er ikkje nytt. Det er pumpelydar. Piping spesielt, og andre lydar generelt. Dersom dette innlegget er dårleg, så er det faktisk på grunn av sprøytepumpa. Eg får aldri sitte lenge nok til å skrive ferdig ei setning.

Eg har jo ikkje så rikt språk at eg klarer å skildre lydar, men det er høg piping, pip pip pip, og klikking, klikk klikk klikk, og litt sånn surklelydar.

Det raude lyset blinkar i takt med pipinga, kanskje i tilfelle ein er hørselshemma. Men det skal litt til å vere SÅ hørselshemma at ein ikkje høyrer pumpepiping.
Her har eg gjort eit tiltak for å få svakare lyd.

Mas

Beklager å måtte innrømme det, men den perfekte guten masar. Han er i så godt humør at han berre snakkar og snakkar og snakkar og snakkar. Og snakkar.

Eg hugsar i september, etter at han hadde mista språket. Då ønska eg meg over alt på jord at han berre kunne seie eitt ord. Eg sa: “Kan du pliiiis seie mamma?”. Så såg han berre trist på meg. Eller snudde seg vekk.

Dette blikket. Knallhardt!

Det var ikkje lenge etter at han begynte å snakke igjen at eg tenkte at no kunne han godt ha snakka litt mindre. Sånn er det. Alt er problem.

Irriterande oppførsel:

  • Han ber om mat, f.eks. leverpostei med skive på, men skal berre sjå på den, ikkje ete.
  • Han påstår at blomstrane på dyna er fluger, og at eg må ta dei vekk, for han kan ikkje sove før dei er vekke.
Fluger?
  • Han vil ha nasa i panna, så eg må flytte den.
  • Han vil ha av den perla som er i midten av smykket han har laga.
“Eg skal ha den lyserosa perla.”

Døropnaren er på feil side av gangen

Isolat-rommet er heilt nærmast døra i gangen. Det betyr at eg må gå omveg for å bruke døropnaren. Sjukt stort problem. Alternativet er jo å få smitte på hendene fordi eg må opne døra med dørhandtaket!

Ser du? Dette er synet som møter meg når eg opnar døra frå rommet vårt.
For å unngå skittent dørhandtak må eg gå 114% så langt. OMG, liksom!

Eg føler det var noko meir eg ville seie, men eg har visst gløymt kva det var. Jaja.

10 kommentarer til “Relativt problematisk”

  1. De pumpelydene… Jeg en åtteåring med nyoppdaget diabetes type 1 her. Vi hadde EN eneste natt på intensiven for å stabilisere blodsukkeret. Jeg tror det var én slange med NaCl, én med glukose og én med insulin. (Pluss arteriekran, men den er et helt annet kapittel.) Lydene fra pumpene holdt på å få det til å rable for både meg og poden! Bare én natt. Har fått en bitteliten smak av en liten brøkdel av det du skriver om. Det var mer enn nok.

    Og så synes jeg fortsatt det er leit at jeg ikke rakk å bli bedre kjent med deg IRL, på musikksamlingene.

    1. Pumpene var desidert verst på intensiven. Der var det så gale at Jone vart redd for pipelydar ei god stund etterpå.

      Ja, det var veldig dumt at eg måtte slutte. Virka som ein veldig fin gjeng!

  2. Denne nydelege guten har verdens beste mamma, og det er det han treng i tillegg til den medisinske behandlinga. Han får så mykje kjærleik at han klarar smile midt i alle undersøkingane, medisinane, sprøytene, spy-omgangane. Eg heiar og heiar meg hås på deg og Jone.
    Stor klem!
    Bjørg

  3. Kjære deg!! Syns du skriv så intenst bra!! Må vere knalltøff å ha sitt kjære barn, så sjuk!!! D riv i hjertet mitt å lese, men samtidig har du glimt i auget, mykje varme og ei god sjølvinnsikt +ironi😉kan d skrivast betre? Eh, nei, spør du meg!
    Som mødre flest, har også eg alltid villa d beste for mine; gode venner, gode karakterer osv, og så (merkeleg nok, til slutt kjem:) god helse!! God helse, ser ut til å vere ein faktor, ein tar for gitt! Eg, som nærmar meg 50,tar ikkje helsa for gitt, lenger. Men d at eit lite barn blir sjuk, dødssjuk, d vekker mange kjensler. Kjensler som (kanskje) berre ei mor kan ha!! Ønsker alt godt til deg og dine❤️
    Mvh inger G Djupvik

  4. Å herregud, ja! Jeg kjenner meg så igjen. Jeg hatet å gå utenfor Riksen og se på folk med normale liv når vårt var alt annet enn normalt… 3 år siden nå, men den følelsen der husker jeg veldig godt. Nå er vi tilbake til det normale livet selv, og sitter her med trivielle, uviktige problemer 😊 Perspektiv er viktig…

    Takk for viktig og bra blogg!

Kommentarer er stengt.