Hopp til innholdet

Å bygge verda på nytt

  • 4 min read

Etter istid 7 og svartedauden 2. (Beklager til historie- og/eller geologivennane mine for ekstremt upresise referansar.)

Civilization 7 liksom. (Ver så god til nerdevennane mine for nerdereferansen. Ingenting å takke for.)

Det er 9 månader sidan verda raste saman, og no skal eg setje den saman igjen. Korleis gjer ein det, då? Eg har berre bygd sivilisasjonar i dataspel, aldri IRL.

Korleis skal ein gjenreise dette kunstverket av ein familie?

Eg er så stappfull av tankar og kjensler. Eg er heilt forvirra. Dagane går berre med til å lure på kor eg skal starte. Det er så mykje vi kan gjere.

Eg må ta igjen haustferien frå oktober, haustdepresjonen frå november, julestria frå desember, januandepresjonen frå januar, skigåinga frå februar, påskepyntinga frå mars (høhø, særlig! eg veit ikkje kor tid det var påske ein gong), euforien for lysare tider frå april, ekstasen over sol og grøne blad frå mai, og gledinga til sommareferien i juni. Tenk då! Det er driiiitmykje. Eg trur eg begynner med haustferien.

Det vi har gjort i staden for.

MR (ei hyppig brukt overskrift i bloggen)

Livet har vore heilt psyko, men eg har verkeleg følt at psyko har toppa seg dei siste to månadane. Den siste MRen tok kaka!

Dei som elskar oss, likar oss eller berre synest vi er heilt ok, vil nok glede seg over at det var bra resultat på MR. Den greia på MRen i april var uendra, og dermed tenker dei at det ikkje er svulst. Dersom du er gira på ein fest, men ikkje har noko å feire, så kan du feire dette. Versågod, ingenting å takke for.

Oppvåkning etter nydeleg MR-bilete.

No skal vi liksom følgje den planen som vi eigentleg skulle følgje frå april. Det skal vere MR kvar tredje månad i eg vetsj kor lang tid. Eg drit i det, no skal vi berre late som om vi er vanlege folk fram til neste. Då blir alt heilt psyko igjen, garantert. Men det er kjeeeeeeempelenge til!

Mykje rør

Og så blir eg så rørt av folk. Både mine eigne og heilt framande. Eg har hatt bursdag. Det må liksom til. Då ville eg ha innsamling til Barnekreftforeningen som gåve, og det har gått veldig bra! Ved å bidra gjer du barnekreft bittelitt enklare.

Eg er omgitt av raushet. Det går vel an å seie?

Eg må vere intelligent nok til å dele bursdagsinnsamlinga mi på bloggen, når eg først har ein blogg lizm. Den har allereie nådd 560 % av målet. Her kan du bidra:

Innsamling til barnekreftforeningen

Fordelen med å trykke på linken er at du kan lese samandrag av historia vår. Då slepp du å lese heile bloggen! Juhu!

Endå meir rør

Ei venninne som er naboen til naboen til naboen har i tillegg starta aksjon slik at dei same folka har gitt oss pengar som vi skal bruke på å lage ein fest av ein ferie. Det skal vi få til! Eg må berre tenke meg litt om.

Det er mange som har skrive helsingar på spleisen, og det er veldig rørande å sjå kor mange som bryr seg.

Det er eit veldig rørete bilete.

4 kommentarer til “Å bygge verda på nytt”

  1. Stå på kjære deg!!!! 💞 Ta tilbake litt av livet i små biter…. Plutselig en vakker dag er LIVET ditt tilbake nesten 100%♥️ Null stress! Sender deg en stor dose av energi og verdier og livsglede!!!!

Kommentarer er stengt.