Hopp til innholdet

Emmmmmmæærrrrr

  • 5 min read

Tok du an? Det er munnleg for MR.

Tippar det er litt sjokkerande, men vi har vore på MR igjen. Eg heldt, som vanleg, på å dø veka før. I ventehelga mellom MR torsdag og svar måndag måtte eg gjenopplivast fleire gongar. Slitsomt.

Meeeen. Her er utdrag frå sjornalen:

“Det ses svært pene forhold intracerebralt, uten tegn til tumorresidiv verken intracerebralt eller i spinalkanalen. Ikke tegn til hydrocephalus.”

Skjønar?

Det stod vidare:

“I tillegg gjorde vi unike funn, nemlig at Jone hadde A beautiful mind, Good Will Hunting, Inside out, The Matrix og Eternal Sunshine of the Spotless Mind. Det vil si at han er en nydelig gutt, både utenpå og inni. Det har vi aldri sett på MR før.”

Ikkje like lett å skjøne.

Alt dette betyr at Jone er frisk, i alle fall til desember. Då er det ny MR. Lat oss ikkje tenke på det no.

Dokumentar

Denne gongen har eg dokumertert MR-turen med teikningar. Det kan jo bli litt kjedeleg og einsformig med alle dei nydelege bileta. Dersom du orkar å scrolle heilt ned, så får du sjå kva eg eigentleg har prøvd å teikne.

Det andre vi måtte gjere etter vi kom til barneklinikken for å bli innlagt, var å bli isolert i fire timar fordi Jone hadde to dråpar snørr som han hadde tatt med seg frå barnehagen. Dråpane kunne jo innehalde koronaviruset. Det er heilt ok å vere isolert, omg lizm, men vi kom i feil etasje. Vennane våras jobbar i 3., men vi måtte vere i 4. Isje gøy. Jone var heilt misfornøgd med fargen på golvet på do. Slim.
Eeehem. Eg er ikkje superstolt av denne teikninga. Det skal førestille at vi kosa oss litt med selfies og sånt i dei fire timane vi venta i feil etasje med feil farge.
På hotellet leika Jone med vogna si i staden for å legge seg.
Oppvåkning. Alle veit jo at barn er på sitt aller nydeligaste når dei søv. Då kan du tenke deg kor heldig eg er som får sjå på dette i over to timar kvar gong Jone har hatt narkose. (Eg har visst glømt å teikne slange til oksygenbegeret.)

Blåmerker

Eg kjenner forresten ein anna nydeleg gut, og han hadde plutseleg eit stort gult og grønt merke på låret, men han visste ikkje korleis han hadde fått det. Fargen på blåmerker endrar seg over tid frå blåfiolett til grøn, brunleg og gul. Det vil seie at han hadde hatt det ei stund. Var ikkje dette ei fascinerande historie?

Eg skal sjølvsagt fram til at eg har merker i sjela mi.

Blåmerke på skjel. 2020.

Og det fiffige poenget er at dei er gule og grøne. Eg har fått dei for ei stund sidan, men har ikkje merka dei før no. Eg har jo visst om dei, men har valt å klistre store plaster utanpå, slik at det ikkje gikk an å sjå dei. Luringen meg.

Eg skal sjølvsagt ikkje ta sorgene på forskot (tusen takk for kjempegodt råd frå velmeinande menneske), men eg føler det er ein reaksjon i emning. Eg merkar det godt når det kjem opp minner på snapchat.

“1 år siden i dag.” Og der er det bilete av ein veldig sjuk son, og eg blir sjokka og får akutt sorg i meg. Det var då vi blei prylt av livet, og fekk mange av blåmerka som eg teipa over med brun teip. Den er veldig fin, for eg får nydeleg brunfarge akkurat der teipen er. Men, og det veit alle bittesmå kreftpasientar, den er heilt vanvittig vond å fjerne.

Nakken full av brun teip. Den heng veldig godt, til trass for at den er festa i håret og er blitt spydd på 7000 gongar.
Så vondt er det! Dei flinke sjukepleiarane prøver fortvila å fjerne den brune teipen. Kanskje brun teip burde avskaffast?

Kva eg eigentleg prøvde å teikne

Gut på spyfarga golv.
Mor og son i isolasjonskosestund.
Gåande gut på hotell.
Nydeleg sovande gut.

Elles håpar eg 2020 er eit fint år for deg!

6 kommentarer til “Emmmmmmæærrrrr”

  1. Herregud! Kor heldig eg føler meg når eg les bloggen din. Takknemlig og heldig. Som kun har vore fem døgn på sjukehus med mine unger, og fire av dei var då dei vart født.
    Så letta og glad på din og familien din sine vegne over at emmerren var fin igjen❤️

  2. For ei glede.. håpar du får kjenne den fullt ut når skuldrane er komme ned der dei skal være! All muleg lukke til!!

  3. Eg trudde de leika 17.mai på første teikninga, eller julafta. Grunnen til det er fordi eg var sikker på at Jone hadde pynta seg i matrosdress. So feil kan ein sjå, men sjå då…eg kunne hatt rett om ikkje fasitsvaret kom til slutt. P.S eg er skikkelig glad for MR-resultatet, sjølv om eg var litt synsk i forkant og spådde rett, men gleden var enorm likevel! Heia Jone og mammaen med plaster på sjela, og storesøster gul-knupp!

Kommentarer er stengt.