Hopp til innholdet

4 tips for å lykkast på Tinder

  • 4 min read

Oppsummering av Tinder-veka

Dette blir veldig rart for deg å lese viss du ikkje har lese dei andre Tinder-innlegga: Tinder på 1-2-3, Tinder-date nr. 1, Tinder-date nr. 2 og Tinder-date nr. 3.

Det hadde vore ei hektisk og noko hyggeleg veke.

Etter denne veka var det svært vanskeleg å velje kven ho skulle gå vidare med, viss ho i det heile tatt skulle.

Det var omtrent like mykje negativt som positivt med dei ulike friarane. Ho var litt sår i tissen, og ho hadde truleg fått HPV-virus (humant papillomavirus), sidan det var dårleg med kondom-bruk.

Humant papillomavirus. HPV er ei stor gruppe virus som består av om lag 200 ulike typar. Nokre av desse typane kan medføre vorter på fingrar og tær, men ca. 40 av desse typane smittar gjennom seksuell kontakt. Viruset kan medføre endringar i hud og slimhinner, der dei vanlegaste endringane er kjønnsvorter og celleforandringar (forstadium til kreft) på livmorhalsen. (Litt dårleg formulert, faktisk, for det verkar som om kjønnsvortene er på livmorhalsen, men det er ikkje tilfelle. Eg tek ikkje ansvar for dette, sidan eg har skrive av teksten direkte frå NHI.) Kilde: nhi.no

Det desse erfaringane viser, er at Tinder-match ikkje er den ultimate måten å få seg kjærast på. Ein kan verken velje ut frå profilbilete eller profiltekst. God utsjånad treng ikkje bety god person, og dårleg tekst treng ikkje bety dårleg person. Kjipt! Det skulle vore enklare.

Men oppi alt dette må vi ikkje gløyme at Britt berre var på Tinder for å sjekke om ho var attraktiv, og ho ville ligge litt rundt. Det eg seier no er litt kontroversielt, men faktisk ville det vore mykje lurare å jobbe som sex-arbeidar (nytt namn for prostituert) ei vekes tid, for då ville ho tent pengar på det heile, i staden for å ha utgifter til mat og sånn.

I følge det nøyaktige poengsystemet til Britt, var resultatet sånn:

Litt uventa, altså.

Eg har litt lyst til at ho ikkje skal velge nokon av dei, og heller gå vidare med det fine og problemfrie livet ho hadde i utgangspunktet. Det kan jo tenkast at ho møter nokon heilt naturleg, for eksempel på ei feriereise til syden. Kven veit?

Men sidan dette er ein blogg, så kan eg jo ha ei avstemming. Er det stemning for avstemming? Då kan eg lære meg å lage det på Facebook.

Kva har vi så lært? Her er 4 tips for å lykkast med Tinder-livet:

  1. Dersom du har starta ein lovande blogg om tull og tøys, og skal skrive om ei dame som skal på Tinder-date, lat som om ho skal på EIN date i staden for TRE. Det kan bli litt travelt, nemlig, og vanskeleg å komme på noko nytt heile tida.
  2. Dersom du berre er ute etter sex, lønner det seg (pengemessig) å jobbe som sexarbeidar i staden for å ha stemnemøte heime. Der må du jo betale for både strøm, mat og diesel. Men då er det ekstra viktig med kondom! Prøv å unngå HPV-virus, liksom.
  3. Ikkje bruk Tinder viss du vil finne den store kjærleiken. Sannsynet for å treffe den rette er lite. Kanskje berre 0,09 eller noko sånt (rein dikting).
  4. Dersom du ikkje føler at du MÅ ha kjærest fordi alle andre har det, kan du legge deg i hengekøya i staden for å stresse med det. Du kan ha date med ein kopp kaffi og nokre søte kjeks.