Hopp til innholdet

Tinder-dating på 1-2-3

  • 5 min read

Is Tinder the shit for Britt?

Eg har jo nemnt at Britt Veikås-Ålhus-Årdal-Sunde er hetero og singel. (Her står det: Singel hetero-Britt). Det trivs ho godt med, men ho blir av og til nysgjerrig på om folk synest ho er attraktiv eller fråstøytande. Og det kan jo vere greitt å ligge litt innimellom all traktorkøyringa og hekkinga. Ho er langt frå desperat, altså!

I studietida var ho dritt-populær, spesielt i helgene på kveldstid. På nesten kvar fest vart ho faktisk meir og meir attraktiv for kvar time som gikk! No er studietida over for lenge sidan, og det er ikkje like lett å få respons på eigen attraktivitet.

Dette er historia om då Britt prøvde Tinder.

Britt likar å planlegge, så ho la ein ganske grundig plan for det ho kalla “Tinder-veka”. Ho skulle finne tre matchar og gå på date måndag, onsdag og fredag i same veka. Effektivitet! Lørdagen skulle ho bruke til å tenke litt på om ho ville gå vidare med nokon av dei, og søndagen ville ho presentere resultatet.

Ho bestemte seg for at Magne skulle vere med på daten, for då ville ho få eit inntrykk av korleis kjemien mellom mannen og selen var. Dette forholdet må vere veldig godt, det er ikkje snakk om å ha ein kjærest som ikkje likar Magne!

(Når Magne dør kan det bli enklare å få kjærest. Levetida for Steinkobbe er imidlertid 35 år, og Magne er berre 5, så det kan tenkast at Britt sine eggceller er brukt opp når han dør. Då er jo ho ca. 60 år. Sånn sett er det best å finne ein mann som ikkje er redd selar.)

Her er det Britt ser etter i ein mann:

Nokre av dei ho IKKJE valte:

Harry, 52, frå Kristiansand
Larry, 20, frå Syden
Par med ponni frå Bergen

(Klapp klapp klapp klapp. No, ney, never no more!)

Dei ho valte:

Kandidat 1: Ken Kenson (31)

Tekst på Tinder: “I’m a university professor, so intellectual interests rank high for me, but I’m also a fun oriented party boy”

Kandidat 2: Dr. Magn Düplingz (35)

Tekst på Tinder: Æ e snill å omtænksom, men kan bli førbanna viss nån bi skada eller behandla dåli. æ ha jamt humør, e gla i å le å få anner ti å le å koze sæ. Prøvæ stort sett og tænke posetivt 🙂 Ikkje så gla i livæ, men de e jo akkuratt de æ prøvæ å fikse på! Heheh. Ønskæ å træffe ei som for de te å bruse i bloe. Dæn goe kjemien 🙂 <3

Kandidat 3: Knutt Karis Son (26)

Tekst på Tinder:

  • Eg har ikkje barn, men eg har hest
  • Eg har traktor
  • Eg likar kvitvin
  • Eg likar ikkje fisk og dyr som lever i havet!

Etter å ha valt desse tre, tok ho sjansen på at dei ikkje var drapsmenn, og inviterte dei heim til seg på middag. (Nei, ikkje alle tre samtidig, det var då voldsomt så skitne tankar vi skulle ha i dag!)

Ved å ha daten heime ville dei hemmelege testane hennar bli ein naturleg del av treffet. Då var det ikkje noko unormalt å ha med selen på daten, sidan han budde i same hus. Ho kunne ligge med mennene utan noko stress med å finne lokale og sånn, og det vart ikkje noko som helst rart å legge inn ein traktor-test. Gu ko spennande!

No er det ikkje plass til meir på denne sida. Den er stappfull, og eg må finne eit nytt ark. Du har dessutan sikkert ikkje tid til å lese fleire ord no, så det er best å gå og gjere det du egentlig skulle.

PS: Du får SJØLVSAGT vite korleis det gikk! Pust med magen.

Tinder-date nr. 1

Stikkord: