Hopp til innholdet

Tinder-date nr. 2: Dr. Magn Düplingz

  • 5 min read

Les forhistorien her (Tinder-dating på 1-2-3) og her (Tinder-date nr. 1).

Her er profilteksten til Magn:

“Æ e snill å omtænksom, men kan bli førbanna viss nån bi skada eller behandla dåli. æ ha jamt humør, e gla i å le å få anner ti å le å koze sæ. Prøvæ stort sett og tææænke posetivt 🙂 Ikkje så gla i LIVÆ, men de e jo akkurat de æ prøvæ å fikse på! Ønskæ å træffe ei som får de te å bruse i bloe. Dæn goe kjemien 🙂 kiss kiss <3”

Britt er opplært til å skrive skikkeleg norsk, så denne tinder-teksten var veldig vanskeleg å forholde seg til. Ho fann den litt fråstøytande og vart litt kvalm. (Ikkje for å vere alvorleg, meg eg synest ærleg talt at fleire burde hate slik skrivemåte, d e jo umuli å forstå!) Den sa dessutan ingenting om Magn.

Grunnen til at ho likevel valte han, var at det stod doktor framfor namnet, og at han hadde briller. Det er faktisk ikkje så kjekt å vere i eit forhold der berre den eine parten har briller. Det er flaut når brillene krasjar inn i augene til partneren, spesielt viss han får blodutredelse av det. Då er det betre når det er gjensidig.

Auge med blodutredelse

Førsteinntrykket då dei møttest var at han var pen, og sjølv om han var litt låg, så var han stor nok til at ho kunne leve med det. Ca. eit halvt poeng på høgda.

Ho brukte same plan på Magn som på Kennyboi. Dei møttest på bensinstasjonen for at ho skulle lure han til å kjøre traktor. Det gikk HEILT SUPERT! <3 Han triksa rundt, kom seg over kvar einaste lille hump på asfalten, løfta skuffa opp og ned. Han var heilt vill, og dette lova bra!

Møtet mellom Magn og Magne på tunet gikk sånn passe. Det var tydeleg at Magn var veldig skeptisk til Magne. Dessverre. Dei løyste det på ein fin måte. Magne sat i traktorskuffa i byrjinga av daten (det er så og seie det same som å sitte i bur, for du kan jo prøve å sjå for deg ein sel som prøver å komme seg ut av ei traktorskuffe som er høgt oppe…det skulle eg likt å sjå!). Så fekk dei nærme seg kvarandre litt forsiktig etterpå.

Dei hadde noko raudt med noko kvitt på til middag, og cupcakes til dessert.
Litt redd, men med eit forsiktig smil på lur.

Dei snakka godt med kvarandre, og Magn var open og ærleg om fortida si. Det var greitt for Britt å snakke litt, sidan dei ikkje såg på Netflix samtidig. Han var kirurg, med blindtarm som spesialitet. Han kunne alt som er verdt å vite om blindtarm. Det var litt skuffande spesialitet, men ein kan ikkje alltid får det heilt som ein vil her i livet.

Litt betent blindtarm. Ti prosent av befolkninga får blindtarmbetennelse i løpet av livet. Oftast er det personar i alderen 10-30 år som får sjukdomen. Dei fleste blir operert med laparoskopisk kirurgi.

Han hadde vore med i fleire reality-program i løpet av studie- og turnuslegetida, blant anna Robinson-ekspedisjonen, Paradise Hotel og Luksusfellen. Det var berre luksusfellen han vann. Britt tenkte at Luksusfelleproblem var litt alarm, så ho spurte kor masse sparepengar han hadde. Han hadde meir enn 100000, heldigvis.

Magn i Robinson
Magn på Paradise
Magn i Luksusfellen

Han var som ein kirurg i senga. Egoistisk, men med spisse albogar. Det var positivt, for då var Britt mykje betre enn han. Ho er, som nemnt før, middelmådig i senga.

Etter poengføring i excel ser det slik ut:

Formelutskrift:

Ein score på 1, altså. Det blir heilt vanvittig, utrulig spennande å sjå kva Knutt får!

Stikkord:

4 kommentarer til “Tinder-date nr. 2: Dr. Magn Düplingz”

  1. Hei!

    Omg førr et sammentreff. Den samme dagen som e les om at ho Britt hadde nåkkæ rødt mæ kvitt på te middag, ska e ha akkurat dæ samme!

Kommentarer er stengt.