Hopp til innholdet

Tinder-date nr. 3: Knutt Karis Son

  • 4 min read

Tilbakeblikk: Tinder-dating på 1-2-3, Tinder-date 1 (Ken) og Tinder-date 2 (Magn)

Her er profilbiletet til Knutt Karis Son på Tinder:

Bonde på traktor

Teksten var slik:

  • Eg har ikkje barn, men eg har hest
  • Eg har traktor
  • Eg likar kvitvin
  • Eg likar ikkje fisk og dyr som lever i havet!

Britt valte ikkje Knutt på grunn av utsjånad eller namn og tittel, sånn som ho gjorde med dei to andre. Det var rett og slett profilteksten som appellerte til ho. Denne profilteksten likte ho MYKJE betre enn Magn sin! Det heilt openberre problemet var jo at han var redd for havorganismar, men ho ville prøve han likevel. Kva gjer ein vel ikkje for traktor og hest?

Utsjånaden hans fall ikkje heilt i smak hos Britt, men håret likte ho kjempegodt. I sum var denne mannen svært lovande.

Knutts hår

Ho ville atter ein gong bruke same lure plan som på dei to andre møta, nemleg hente han på bensinstasjonen med traktor for å sjekke traktor-skills. Men denne gongen var det Britt som fekk seg ei overrasking! Knutt hadde med eigen traktor! Og hest.

Men på bensinstasjonen heldt det på å gå heilt gale. Britt spøka med namnet til Knutt, og kalla han Karies-son i staden for Karis Son. Dette var ein heilt uskuldig spøk, og Britt kunne ikkje vite at Knutten kosegutten skulle begynne å grine berre for det. Men han fikk forklart at Kari var mora hans, og at ho var død. Så det var ikkje så kjekt når folk kalla han Karies-son, som om mora var ein bakterie, liksom! Knutt sa at dersom Britt kalla han karies ein gong til, så reiste han heim igjen. Britt sa unnskyld, unnskyld, unnskyld, unnskyld, og så var det greitt.

Dei kjørte heim i kvar sin traktor.

Heime på tunet GIKK det heilt gale! For det første viste det seg at han var bitteliten, det hadde ikkje kome så tydeleg fram i traktoren. Men endå verre var det at møtet mellom Knutt og Magne var ei katastrofe.

Magne hoppa glad fram for å helse på Knutt, men Knutt blei livredd og sprang og gøymte seg i komfyren. Han nekta å komme ut, sjølv om Britt, Magne og hest lokka og lokka og lokka. Plutselig kom Ken ut av det blå og prøvde å hjelpe til. CREEPY! Dette tok mange timar, og dei fikk ikkje tid til middag, berre dessert. Cupcakes.

Knutt i komfyr
Ken kom ut av det blå
Angstprega måltid med merkelege cupcakes

Så måtte dei rett til sengs. Heile opplegget var veldig rart. Knutt ville ha med hesten sin, for han følte seg tryggare på hesteryggen, og Magne måtte dei feste i ein kjetting under senga.

Knutt var humoristisk i senga, men ikkje spesielt god. Dermed vart det svært vanskeleg å vurdere. Ho vil helst ha ein som ikkje er morsom + dårleg i senga. Det skal ikkje vere lett!

Etter senge-“hygge” måtte dei ha seg skive med kvitost med litt vin attåt. Knutt drakk seg full og begynte ein lang seanse om kva kroppsdel Britt meinte ho kunne klare seg utan. Det var veldig interessant, men han ville liksom aldri slutte. Ho svarte organ som ein strengt tatt ikkje treng, evt. berre treng eitt av:

  • Puppar
  • Arm
  • Fot
  • Nyre
  • Lunge
  • Vagina
  • Osv.

Knutt nekta å svare då Britt stilte det same spørsmålet til han.

Alt låg til rette for at dette skulle vere drømmemannen, men det var ein del faktorar som øydela litt…

Ingen formelutskrift, for å provosere kollega!

Stay tuned for the konklusjon!