Hopp til innholdet

Tinder-date nr. 1: Ken Kenson

  • 4 min read

Her kan du lese starten på dette virvaret: Tinder-dating på 1-2-3

Det første Britt tenkte då ho traff Ken, var at han var altfor høg! Ut frå biletet hadde ho tenkt at ho kom til å få eit omvendt problem. Han såg veldig liten ut i forhold til ein vanleg gaffel, liksom. Ho skjønte alt då ho fekk forklart at det var ein hagegaffel han hadde.

Men med SÅ pent fjes (for ikkje å snakke om håret!) og veltrent kropp, så ville ho gi det ein sjanse. Han hadde dessutan utrulig fin tights på biletet.

Britt var veldig lur. Ho avtalte med Ken at han skulle ta buss til bensinstasjonen og sitte på med ho heim. Det ho ikkje fortalte, var at Ken skulle kjøre traktoren! Då fekk ho sjekka traktor-skills i same slengen.

Ho hadde imdlertid ikkje trudd at Ken skulle kvelve med traktoren. SÅ elendig visste ho ikkje at det gikk an å vere. Det er snakk om å kjøre ein traktor 1 km på asfaltert veg, liksom…

Det høyrest sikkert dramatisk ut, men det gikk fint. Han berre stramma magemusklane til slepebilen kom (naboen sin traktor), så han slapp unna med at tre hårstrå blei rive ut av brystet hans (ikkje at det er smertefritt, altså!).

Tre hårstrå

Då dei kom heim, møtte Magne dei på tunet, og Ken sprang rett bort og kosa med han. Det såg ut som dei fann tonen med ein gong.

Etter litt omvisning i huset, begynte Ken å lage spagetti med kjøttdeig til middag. Alle likte maten.

Dei kosa seg under middagen, men Britt syntest at Ken hadde litt vel mykje humor. Ho blir sliten av å le, og ho er redd for smilerynker og rynker rundt augene. Døme på vitsar han fortalte:

  • Kanskje Magne bør få seg eit sel-skap?
  • Har Magne nokon gong jobba som seljar?
  • Viss Magne får kreft, så må han vel få sellegift?
  • Likar Magne selleri?
  • Limer selluloselim godt, Magne?
  • Er du veldig selektiv med maten, Magne?

Dette er berre utdrag, sånn heldt han på heile middagen. Men igjen: Med SÅ pent ansikt er det mykje ein kjem seg unna med.

Etter desserten tok Ken seg ein joggetur opp på fjellet og ned att. Han vart bittelitt andpusten av det, men han kunne godt ha gjort det ein gong til.

Så gikk dei opp på soverommet og hadde hankypanky der. Ken var ein skikkeleg god elskar! Det gjorde Britt litt trist. Ho likar best parforhold der begge er middelmådige i senga. Då blir det minst prestasjonspress.

Til slutt bad ho Ken om å gå heim. Ho ville ha kjørt han, men traktoren var defekt etter ulukka tidlegare på dagen, og ho hadde ikkje rukke å fikse den.

Neste morgon laga ho eit excel-ark med eit poengsystem som skulle gjere det enklare å velje etter at alle mennene var utprøvd.

Formelutskrift

Stikkord: