Hopp til innholdet

Det var ikkje sånn det skulle bli!

  • 4 min read

Altså bloggen min.

Eg starta blogg i mai for å øve meg på å vere morsom skriftleg. Bloggen skulle vere om veldig tøysete og usaklege ting, som leikar, sneglar, og andre sentrale saker i livet mitt.

Eg hadde aldri trudd eg skulle skrive blogg frå Paukeland!

Symboltungt bilde frå toalettet.

Men i det livet endra seg dramatisk, så endra bloggen seg og. Eg anar jo ikkje om eg har sneglar lenger! Og eg veit ikkje kor Britt og dei er. Eg veit ikkje om det fortsatt er sommar, eller om det har blitt haust (joda, berre kødda, eg får jo vite årstidene på Snapchat!). Sist eg var heime var 17. september.

Så kom eg på hin dagen at det må vere rart for dei som ikkje kjenner meg eller har snakka med meg på ei stund at eg plutselig begynte å skrive om Gaukeland. Eg har jo formelt sett ikkje opplyst om grunnen.

Det er dumt, for eg likar ikkje når andre berre hintar, og så må eg gjette kva som er gale. Det var ikkje meininga å vere slik. Eg vil nytte dette perfekte høvet til å påpeike: DET ER IKKJE LOV Å BERRE SEIE A!

Ho sa berre A, og ho hi vart dritforbanna og sa FU, som betyr fuck U, som betyr fuck you.

Det er berre det at eg vil at det fortsatt skal vere ein humorblogg, ikkje sjukdomsblogg. Sjukehusblogg må det nok fortsatt vere, så lenge eg bur på sjukehus.

Så kom til saken, då!

Tenker du kanskje.

Saken er at eg har ein nydeleg gut på 2,93 år. Inntil nyleg, nærmare bestemt 17.september, trudde eg at han var heilt frisk og fin og vanleg, berre litt kvalm og svimmel den siste tida. Men så viste det seg at han hadde ein stor svulst i lillehjernen. Den blei operert ut same veka, og det var ein ondarta svulst. Derfor skal vi til med kraftig cellegiftbehandling no. Det er skremmande og ufattelig, så eg må nesten få lov å tulle så masse eg vil.

Dette kunne for eksempel ha vore ein vits: Kva er best/verst av ein stor svulst i lillehjernen og ein liten svulst i storehjernen? Men det er meir eit reellt spørsmål.

Etter at eg blei sjukehusbloggar har lesartalet gått opp. Det er sikkert litt fordi folk elskar drama frå sjukehus. Eg nemner Grey’s anatomy, House M.D., ER, Chicago hope, Scrubs, Ambulansen, Fødeavdelingen OG SÅ VIDARE.

Men. Fleire og fleire veit om sjukehusdramaet mitt fordi fleire og fleire deler innlegga mine. I det siste har det vore mykje deling og mykje lesing.

På dette sjølvportrettet er eg veldig sjukehusdramatisk.

Det gjer meg glad og inspirert, og eg føler at eg har noko kjekt å gjere på om kveldane. Så takk for det!

Til slutt vil eg seie: Haukeland – Aukeland – Faukeland – Gaukeland – Kaukeland – Paukeland – Raukeland.

Dei andre sjukehusinnlegga:

14 kommentarer til “Det var ikkje sånn det skulle bli!”

  1. Har ikkje hatt tid til å lese dei siste innlegga dine før no. Og veit ikkje kva eg skal seie. Tenker på deg og dine og den fine gutten din, og håper dokke er alle snart heime<3 Stor klem!

  2. Takk for nok ein tankevekkjande blogg Lillian! Eg har vorte flinkare til å velje ut kva eg skal irritere meg på etter at du og dine to fine barn fekk livet snudd heilt på hodet!

  3. Kjære Lillian, eg håpar livet om ikkje altfor lenge blir slik igjen at vi får høyre meir om Britt og sneglar og motetips. Inntil det skjer er dette min absolutt favoritte (det er ikkje eit ord, men no lagde eg det) blogg frå sjukehuset. Eg er glad for at det hjelper deg å skrive om det, og eg lærer noko av det du skriv. Eg veit ikkje kor mykje eg hadde tenkt på korleis det er for pårørande å vere i sjukehusland over lengre tid, ganske lite, sikkert.

    Du skriv så fint om dette, og det er godt å sjå at du ikkje har mista deg sjølv i ein vanskeleg situasjon. Eg håpar det aller aller beste for deg og guten din, måtte de snart vere heime og friske og krige mot sneglane igjen.

  4. Heia og GOD BETRING til den nydelege sonen din!! Heia deg!! Og heia humoren, teikninga di og både seriøse og mindre seriøse blogginnlegg – begge deler trengs for å balansere livet på godt og vondt! LUKKE TIL med alt! 👍

  5. Vanskelig å vite kva ein skal sei, men godt du klarar å bruke litt humor. Tenker på dokke og sender dei beste ynskjer.

  6. Lykke tell og god beiring mæ svulsten.

    Kor finn du inspirasjon te klean du tægnæ? Dæ e verken avant garde eller hauke (sic) couture. Og ikkje særlig Vero Moda eller andreetasjen på Samvirkelaget. Loppis? Gamle barndomsminnæ? E bi uansett litt inspirert, sjøl om e verken brukæ skjørt eller pumps.

    Laukeland og snaukeland.

    1. Takk!

      Det med kleda tenkte eg på i dag, for eg sat og fargela mens sjukepleiarane fiksa sonen min. Tanken var: Korleis kan dette bli rarast mulig? Og så valte eg litt spesielle fargar og mønster. Ho som sa A skulle egentlig få rød drakt, fordi eg likar ikkje ho, og eg syns ikkje vi skal gå med drakt sånn generelt. Men så skjedde det noko som gjorde at eg ikkje vart ferdig å fargelegge. Hugsar ikkje kva.

Kommentarer er stengt.