Hopp til innholdet

Alt som er feil i Haukeland, i Haukeland, i Haukeland

  • 9 min read

Det er mykje som er bra i Haukeland. Det kunne eg godt ha skrive om, men har du nokon gong lese ein sjukehusblogg som skriv om positive ting? Nei, nettopp.

(No er jo ikkje dette primært ein sjukehusblogg, men det passa å skrive det der oppe.)

Og sidan Haukeland i aller høgaste grad er eit i-land, så har eg mange i-landsproblem å klage over.

Eg har ei lang liste over ting eg ikkje er nøgd med. Det blir kanskje litt masete å skrive om alt, men eg tek med det viktigaste.

Namnet

For det første er Haukeland eit dumt namn! Hauk, liksom?

Her har eg teikna ein hauk. Den er død, det beklager eg. Og så ser du tydeleg kva eg synest om å teikne haukar. Det var greitt med dei stripene i begynnelsen, men så vart eg dritlei. Det var dårleg teiknelys og.

(Apropos hauk, så har eg blitt oppmoda til å bli fugleinfluensar. Det skal eg vurdere etter at eg har sett korleis det går med dette innlegget.)

Jeg gikk meg over sjø og land
Der møtte jeg en gammel mann
Han spurte så, han sagde så
Hvor hører du vel hjemme?

Jeg hører hjemme i Haukeland
I Haukeland, i Haukeland
Og alle de som hauke kan
De hører hjemme i Haukeland

Veit du om du kan hauke? Nei? Då kan ikkje landet ha det namnet! Då veit du ikkje kva du skal svare den gamle mannen, og du veit ikkje om du høyrer heime i Haukeland.

Eg har slått det opp, og å hauke betyr å rope eller lokke (på buskap). Så då høyrer vel alle heime i Haukeland, då. Utanom dei stumme. Dei hører heime i Stummeland.

MEN. Her kjem twisten. Hauke i Haukeland har samanheng med elvenamnet Hauka, ein bekk som også blir kalla Landåsbekken. Den kan du sjå i terrenget øst for Brann stadion.

Konklusjon: Bytt namn til noko alle er sikre på at dei kan, gjerne genetiske eigenskapar, som å rulle tunge. Då veit du om du høyrer heime.

Andre gode namn: Klatreland, Liggeland, Tøyseland. Ingen fuglar i namnet, takk.

Rommet

Eg er VELDIG mykje på rommet, ca. heile døgnet, så her har eg detaljkunnskap.

Vi har veldig fancy sjukehusrom. Det fancyaste eg har sett, faktisk. Hadde det ikkje vore for sør-veggen med alle apparata og ledningane, munnbind- og hanskedispenser på hin veggen, stol i dusjen og antibac i alle retningar, så hadde eg trudd eg var på hotell.

Det er faktisk bedre enn hotell, for eg har fullt av trådar eg kan dra i, og så kjem det ting til meg.

Her kan eg trykke når eg treng frisk luft. Det er kjempebra, for då slepp eg å gå ut.
Desse greiene her bruker eg når eg treng å lyse litt ekstra på små stader.
Her kan eg få tak i nurse.
Denne bruker eg viss eg ikkje orkar å ete snopet mitt sjølv, då får eg glukose rett i blodet. Og eg kan sleppe å ete viss eg koplar på den andre.

Og eg har to TVar. Pluss ein bitteliten. Vanlege hotellrom har berre eitt. Ha!

TV med bitteliten TV under.
Større TV oppafor unisex-toalett. Moderne!

Men herlighet. Eg skulle jo klage! Etter berre ein dag merka eg at det ikkje var alt som var like gjennomtenkt.

Badet

Dei fleste problema med rommet er på badet. Det første eg reagerte på var den høge lyden då eg skulle låse dodøra. Eg prøvde å filme det, men effekten kom ikkje fram i det heile tatt. Eg vil påstå at det er like høg lyd som ein pikkstol.

Dette er ikkje bra for hjerneopererte barn. Eller andre sjuke barn. Då får dei hørselsskade og sjokk i tillegg til sjukdomen. Då vil eg seie at sjukehuset verkar mot sin hensikt.

Veldig bråkete lås.

Neste problem er dusjen. Det er stol i dusjen, og det er veldig fint, spesielt dei dagane du er trøtt i beina. Men eg hadde bytta den mot dusjkabinett utan å nøle. Det er ikkje noko kjekt for små sjuke barn å tørke golvet etter ein dusj. Dei har jo nok med å klare å dusje.

Dusj-stol til sals! Kan evt. byttast mot dusjkabinett.
Det er ikkje riktig at små, sjuke barn skal tørke golvet etter at dei har dusja. (Det gule på teikninga er ikkje tiss, det er berre at eg har tatt bilde av papir i dårleg lys.)

Eit anna bad-relatert problem er størrelsen på handdukane. Eg trur egentlig det er vaskeklutar, nemlig, men eg spurte ei nurse, og ho fann ikkje større. Så det er vanskeleg. Dei går ikkje rundt heile hovudet, så eg får ikkje tørke håret sånn som eg er vant med. I tillegg får eg berre tørka ein kroppsdel før eg må ha ny handduk. Isje bra.

Vanskeleg å tørke hår.
Vanskeleg å tørke kropp. Eg turde ikkje å kle av meg for å ta realistisk bilete. Pyse pyse pyse.

Dette som eg skal komme inn på no er per i dag det verste problemet eg har med badet. Dei andre problema er ikkje sånn kjempestore, sidan eg ikkje dusjar noko særleg eller låser døra på do.

Men det er eit kjempeproblem at lyset på badet skrur seg av automatisk etter ei viss tid. Herregud, for eit dusteproblem, tenker du kanskje. Men det er før du får opplysninga om at bade-lyset er det einaste lyset eg har på om kvelden. Så når det skrur seg av blir det heilt mørkt, og eg må røyse meg kvar gong for å skru det på igjen!

Eg har prøvd ulike metodar for å aktivere sensoren utan å røyse meg, men førebels har eg ikkje lukkast.

Her er lyset fortsatt av etter mislykka forsøk på å skru det på igjen med eit krølla tørkepapir.
Her er lyset på igjen etter at eg har røyst meg for å aktivere sensoren. Eg gadd ikkje plukke opp papiret.

Personalet

Det er eit kjempeproblem at alle som jobbar her har same farge på kleda sine, nemlig kvit.

Eit kjempeproblem!

For det første veit vi ikkje kven vi skal sjå opp til, og kven vi skal sjå ned på. Og her er det vanskeleg med klassifisering. Eg veit veldig godt kven EG ser opp til. Andre har heilt ulike kriterium for rangering av menneske.

For det andre veit ikkje ungane kven dei skal vere redde og kven dei skal vere trygge på. Det er jo litt urettferdig overfor dei ufarlege.

Lat oss, reint hypotetisk, seie at du har ein son som blir redd av å sjå folk i kvite klede. Denne angsten er ny, og har oppstått av heilt forståelege årsaker.

I alle fall. Dette fører til at han får angst når vaskaren kjem inn, når sosionomen kjem inn, når psykologen kjem inn, når psykopaten kjem inn, når bioingeniøren kjem inn, når forskaren kjem inn, når folk som berre har pynta seg litt på ein søndag kjem inn. Men IKKJE når kirurgen som sagar i hjerneskallen eller anestesilegen som dopar ned kjem inn, for dei har fancy drakt i grønt, liksom. DET er urettferdig. Glømte tannlegen.

Her kan du prøve å vere 2,8 år og fortelle kven som er kven. Lege, reinhaldsperson, nurse, bioingeniør. Hugs at du er 2,8!

Løysinga på dette problemet er sjølvsagt å bestemme sentralt, i regjeringa, kva farge dei ulike yrka på sjukehuset skal ha. Sidan den sittande regjeringa er så glad i blå, så vil blått sikkert bli sett på som det gjevaste fargen. Eller brun?

Men viss EG kjem i regjering, så skal sjukepleiarane ha gull-farga kle. Ekte gull, berre i veldig tynt lag, slik at det ikkje blir så tungt å gå med.

Avsporing

Og så skal dei få si vekt i gull i lønn. Det er i utgangspunktet dritt-urettferdig, sidan då vil det atter ein gong lønne seg å vere mann. Eller å ha trent, slik at musklane blir tjukke og tunge. Og sånn skal det ikkje vere. Derfor bestemmer eg at gjennomsnittsvekta på sjukepleiarane er 74 kg. Slapp aaaavvv, kvinner! Det er menn med i talmaterialet.

Med ein gullpris på 219kr/g (18k gull), vil sjukepleiarløna bli 16 206 000 kr. Fullt fortent. I alle fall like fullt fortent som konsernsjefen i Aker og sjefen i Equinor si løn.

Det var faktisk ei avsporing. Eg vil uansett at nokon skal fikse dette med fargekodane. Og at det blir påbudt å følge dei.

Andre klager

Eg vil og klage på døropnarar og shopping-moglegheiter, men eg orkar ikkje akkurat no.

Isen

Eg vil avslutte med å skryte noko vanvittig av isen i Haukeland. Den er nydeleg. (Den er sjølvsagt av og til litt for kald, men det tåler eg.) Eg vil ha isbitmaskin når eg kjem heim.

Skryt, skryt, skryt. Her eksemplifisert med eit glas farris on the ice. Med filter, naturlegvis.

Eg beklager at det vart litt mykje skryt. Det var ikkje meininga.

2 kommentarer til “Alt som er feil i Haukeland, i Haukeland, i Haukeland”

Kommentarer er stengt.