Hopp til innholdet

Hva kan man gjøre på i Haukeland

  • 7 min read

Alle berre: Det blir no lange dagar for deg i Haukeland.

Eg berre: Ja.

Men så tenker eg med litt om. Nei, dei er korte! Eg har nettopp mista september! Først var det august, så bittelitt september, og no er det plutseleg oktober. Frekt.

Neste veke er det haustferie, og det er heilt bortkasta når ein ikkje har jobba.

Men altså. Det er full aktivitet heile dagen, for det meste terapi. Eg føler at det er litt kjedelig å skrive om, så eg har laga ein song. Melodien er bamses fødselsdag, i tilfelle du har lyst til å synge.

Notar.

Terapi

I Haukeland er det ikkje fest, men mykje terapia
For barna må bli friske, ikkje ligge heile tida
Snille, fine barna vår(e) skal helst fylle minst 70 år
“Hei hurra” for terapi, som er litt kjedeli!

Og sjukepleiaren spring frå rom til rom og kviskrar heile natta
I morgon skal det vere legeterapi og leiketerapi klokka 11 (rimar ikkje heilt på natta, men nært nok)
Og farmakoterapi og musikkterapi og psykoterapi klokka 14
“Hei hurra” for terapi, som er litt kjedeli!

Og sjukepleiaren spring frå rom til rom og kviskrar heile neste natt og
I morgon skal det vere sosionomterapi og tannterapi klokka 10
Og fysioterapi og ekspekterande terapi klokka 15
“Hei hurra” for terapi, som er litt kjedeli!

Og sjukepleiaren spring frå rom til rom og kviskrar natta etter det og (det må vere veldig slitsomt)
I morgon begynner kjemoterapi, og det kan du grue deg til
Men så blir ungen kjempefrisk og får reise heim til Jølster
HEI HURRA for velferdsstat, fuck off dei som er sure for å betale skatt (ups, det vart litt strengt og jævla sosialistisk, ups igjen for eit språk!)

For å vere heilt ærleg, så har eg mest lyst til å gjere aktivitetar eg har funne på sjølv. Det er kjekkare.

Så dette blir ein influens om å finne eigen terapi og om gjenbruk. Kanskje litt rar kombinasjon, men det får du tole. Eg skal prøve å få inn litt fugleinfluens og.

Kjekke aktivitetar som eg har funne på sjølv

I tunnelane

Eg har lyst til å gjere ting i tunnelane. Der er det så spesielt. Det er ganske stygt der, og så heng det random kunst her og der. Det er eigentleg ei artig aktivitet i seg sjølv, å vase rundt der nede.

Blindebukk

Eg har prøvd å gå tunnelane i blinde. Ikkje alle, sjølvsagt, men ruta frå barneklinikken til oppvåkningsrommet. Eg gikk der veldig ofte ein liten periode, og følte meg klar til å prøve i blinde.

Dette gav eg opp med ein gong. Det var heilt umogleg, og veldig flaut.

Eg prøvde først med munnbind over brillene, men gav opp umiddelbart. Eg måtte ha mykje lågare vanskegrad, så eg prøvde utan briller. Det er jo neeeesten det same som i blinde (brillestyrke -5). Det gikk kjempefint! Eg krasja berre med ei sånn snor som vi opnar dører med, det var ikkje litt vondt ein gong.

Blind.
Krasja med snor, men kjente det nesten ikkje.

Ta tida

Det er alltid kjekt å ta tida. Derfor tenkte eg at eg kunne ha eit prosjekt der eg tok tida på kor lang tid eg brukte til kiosken og tilbake. Så ville eg setje det inn i excel og lage ei pen grafisk framstilling.

MEN. Eg klarte berre å ta tida ein gong. Alle dei andre gongane glømte eg å stoppe klokka då eg kom tilbake. Så grafen blei litt kjedelig. Men det er ein god ide! Ikkje prøv å seie noko anna.

Det ER litt meiningslaus med eit stolpediagram med berre ein stolpe. Men tenk så nydelig det hadde blitt om eg hadde fleire!

Eg har mange andre idear til kjekke ting å gjere i tunnelen, men det kan eg vente med. Kanskje når sonen blir frisk nok til å vere med? Orienteringsløp, kappgang, gøymsel, skattejakt, skremmegreier. Osv.

På rommet (eller kor som helst)

Eg har nemnt før at eg er mest på rommet, så det er her eg må finne på mest gøy.

Sjå ut vindauget

Det er jo så som så. Men det vart kjekkare etter at eg fikk meg kikkert. Då kan eg sjå på Ulriken skikkelig tydeleg. Og av og til streifar kikkerten forbi pasientromma i bygget framfor fjellet, men det er berre fordi eg er så dårleg med kikkert.

Eg kan setje meg i den andre stolen. Då blir utsikta heilt annleis!

Utsikt frå godstolen.
Utsikt frå hin stolen.

Eg kan sjå på fuglar. “Fuglar er fine og viktige.” Det var fugleinfluens.

Eg har prøvd å teikne den drittstygge fuglen.
Drittstygg fugl.

Gjenbruk/kostymeparty

På dette området kan ein ha timesvis med aktivitet og underhaldning, berre ein er litt kreativ.

(Eg vil ikkje ha på meg at eg sløsar med det medisinske utstyret. Det er jo gjenbruk det er snakk om her! Eg bruker det som elles ville blitt kasta. Hallo? Trur du eg er heilt gal eller?)

Her er i alle fall nokre idear:

Nødbikini av munnbind!
Bind av munnbind. Viss du har kraftig menstruasjon kan du gjerne ta to oppå kvarandre. Viss du er mann, treng du ikkje tenke på det.
Truse av munnbind. Ligg litt sånn sammenkrølla på golvet.
Nødkondom for dei med stor tiss, av spypose.
Med linjal/desilitermål
Fem nødkondomar for dei med vanleg til liten tiss. Utan linjal.

Dette gjenbruks-kapittelet trur eg kunne blitt veldig langt. Men du kan jo prøve å finne på noko sjølv og. Pluss at kanskje eg treng litt stoff til eit seinare blogg-innlegg, så eg kan ikkje røpe alt på ein dag.

Eg håpar denne guiden blir til nytte for deg viss du skulle vere så uheldig å flytte til Haukeland!

(Eg tenkte eg skulle sjekke om eg får kjeft av å skrive overskrifta på bokmål)

4 kommentarer til “Hva kan man gjøre på i Haukeland”

  1. Hanskar kan og nyttast til å lage ballongansikt med hanekam ☺️👍
    Lykke til vidare i Haukeland! Vondtkjekt å fylgje deg. Litt trist å ikkje få oppdatert angåande sneglane, men no håpa vi friskheita tek overhand med alle dessa terapiane å sånn!

    1. Ja, ballongansikt har vi vore innom 😊 Eg kan ikkje tru anna enn at sneglane er absolutt døde.

  2. Veldig morsomt og mange gode ide’ar til gjenbruk! I min alder blir det lite bruk for kondomar, det blir mest nostalgi!

Kommentarer er stengt.