Hopp til innholdet

Har du gjort deg klar til å få alvorleg sjukt barn?

  • 7 min read

Eg har laga ein guide til kva du bør ha ordna før du får eit alvorleg sjukt barn. Og det er ein heil del ting, skal eg seie deg!

No er jo ikkje eg ekspert på dette heller, men eg pleier å uttale meg om mange andre ting som eg ikkje har ekspertise på, så kvifor ikkje no?

Her presenterer eg ei sjekkliste, og så utdjupar eg det eg har lyst til etterpå (då kan dei som ikkje likar å lese berre stoppe etter at dei har kryssa av på lista. Det er litt underleg å lese blogg dersom ein ikkje likar å lese, då men).

Tilfeldig rekkefølge, ikkje gradert:

  • Det er ein fordel å ha sterk psyke, men det er ikkje eit must. Det er nemlig veldig omdiskutert (i mitt hovud) kva mental styrke eigentleg betyr.
  • Uavhengig av om du har sterk eller svak psyke, så er det ein fordel om dette ikkje er det første negative som skjer i livet ditt. Dette er jo samanslåbart med punkt 1, så her blir det fusjon!
  • Du må ha humor. Den treng ikkje vere like god som min, det held i massevis å berre ha litt eller litt+.
  • Du må ha vennar.
  • Du må eigentleg ikkje få unge før du har rokke (det byr meg heilt imot å skrive rokke) å jobbe ei stund, sånn at du har rett til å få litt av skattepengane tilbake. Dette gidd eg ikkje å skrive meir om seinare.
  • Du må tole både eitt og hitt. Dette berre skreiv eg for å få eitt punkt til.

Humor

Du MÅ ha humor. Dersom du er så uheldig at du ikkje har humor frå før, så KAN det hende du kan prøve humorbøker eller komediefilmar, men det kan godt hende løpet er kjørt for deg. Då bør du heller vurdere å ikkje ha sjukt barn.

Du treng ikkje ha mørkesvart humor (sånn som eg), det kan vere ordspel-humor, grov humor, ironi-humor, ekstrem overdriving-humor. Ja, kva som helst!

Ikkje humor: Heilt vanleg premie for flinke alvorleg sjuke barn.
Humor: Manipulert premie, med auge på baksida slik at halen blir tissen.

Her er nokre oppkonstruerte døme der eg tullar med hjernesvulst (eg seier ikkje at dette er GOD humor:

  • Ordspel: Oi, det er litt av hjerne du har! Ja, men det er berre litt av ein.
Litt av ein hjerne.
  • Ein grov vits: Det var ein anestesilege som hadde sex med ein anna anestesilege (eller det er kanskje meir sannsynleg at det var ein sjukepleiar som blei hatt sex med). Så sa den eine: Var det godt for deg? Så sa den andre: Ja, det var litt av ei oppvåkning! (Her glømte eg visst å ha med svulst)
  • Absurd overdriving kombinert med grovhet: Å, herregud! Svulsten hadde ein omkrins på 19 cm! Ja, akkurat som tissen min, høhø! (det kan det for eksempel ha vore kirurgen som sa)
Svulst med 19 cm omkrins og tiss med 19 cm omkrins.
  • Au au, eg har så ilt i hovudet! Ikkje klag, du har no mindre å ha ilt i no enn før.
  • Huff, eg føler meg så tung i hovudet i dag. Å, du burde no føle deg lettare etter operasjonen.
  • Samanlikning blanda med absurditet: Ein hjernesvulst er som ein brunsnegle. Brun og slimete. (ikkje faktabasert)
Hjernesvult og brunsnegle med slim.

Utan humor blir det nemlig veldig vanskeleg å takle det drittfuckalvorlege som skjer heile dagen. Den treng som sagt ikkje vere kjempegod, men den må vere såpass at du ikkje druknar i alvorlege tankar.

Sterk psyke

Alle berre: Du er jammen sterk.

Eg berre: Njaa…

Eg veit ikkje ein gong kva det betyr å ha sterk psyke. Er det at du ikkje grin? At du klarer å snakke samanhengande? At du er morsom? At du ikkje legg deg ned på golvet midt i gangen og hyler og sparkar forbipasserande medan du riv av deg håret?

Muskelstyrke er enkelt å måle. Du kan løfte 1000 kg i armhevingar osv. Mental styrke er umogleg å måle. Kor tung er liksom børa av å ha eit alvorleg sjukt barn? 10 kg? 42? Tusen millionar tårer tungt? Eg vetta fan.

Eg berre googla “hva er sterk psyke”, og valte det resultatet eg var mest enig i:

  • Å leve i riktig tid. Det høres mykje betre ut enn “å ta ein dag om gongen”, det er eg så drita lei av å seie! Eg kan ikkje leve som om det er mandag når det eigentleg er fredag. Då får eg jo ikkje tid til å leve fredag. Så ballar det på seg.
Ballar
  • Å berre bruke tid på ting du får gjort noko med.

Eg har ALDRI vore god på dei to punkta, men er det plutselig no. Det er eigentleg som føding, du har plutselig musklar som du ikkje har til vanleg. Berre fordi du må. Du kan ikkje IKKJE presse ut ungen. Eg kjenner at dette begynner å bli seriøst, og det passar ikkje så godt i denne humorbloggen.

Du kan ikkje IKKJE presse ut ungen!

Er det første gongen for deg?

Så er det ein fordel om dette ikkje er det første negative som skjer i livet ditt.

Du bør har nokre erfaringar med at livet kan vere jævlig, pikk, pung, bæsj, balle, avføring, faen, menskopp, abort, penis, kaos, spy, tårer, vin, sang, rock (nei, der spora eg av), hore, føkk, dritt, rævva, tampong, vold, mensen, sjølvmord, fuck, bind, helvete, satan.

Eg beklager, altså.

Dersom det verste du har opplevd hittil i livet er å ha fått nei då du ville ha meir kake, så må du skunde deg ut og gjere dumme ting med harde konsekvensar. Eventuelt bli ramma av uforståeleg urettferdighet.

Etterpå kan du le (fordi du har humor) av dei som brukte tida på treningssenteret medan du var ute og trente mentalt heile studietida. Drikke pule spy. Neida, ikkje le av dei, for dei har musklar og kan banke deg lett som berre det.

Då er det vel berre til å setje i gang?

4 kommentarer til “Har du gjort deg klar til å få alvorleg sjukt barn?”

  1. Hei Lillian!😊
    Dette med humor er veldig viktig!
    Eg trur det er ein av de viktigaste tinga å ha! Det er sundt å le! Du trener magemusklene,( eg så ein god komedie ein gong som varte i to timar! Eg gjekk ut frå kinoen med sixpack!) ( men den forsvann like fort som den kom)

  2. Humor rimæ på tumor. Tilfeldig? Neppe.

    Dæ verkæ dessuten som om at du har bra hår, så dæ e fint at du ikkje har lagt de på golvet og reve av de håret mens du sparkæ forbipasserende eller ikkje.

    1. Det har du jaggu rett i! Shit.

      Eg har ok hår. Litt grått når eg har glømt å farge det. Dessutan var det litt overdrive det om å rive det av. Her på huset får ein hjelp til hårfjerning.

Kommentarer er stengt.