Hopp til innholdet

Å vente, ventar, venta, har venta, vent!

  • 7 min read

Eg var litt i beit for bloggidear. Eg har jo nemnt hundre millionar gongar at heile hjernen min er veldig fokusert på her og no. Det er bra, for elles hadde eg jo blitt heilt pling plong.

Hjerne.

Derfor var førre innlegg om cellegift. Det var det vi gjorde akkurat då.

Dette innlegget burde dermed handle om å vere heime. Då måtte eg ha skrive om at eg har rydda vekk sommaren, som fortsatt låg slengt rundt huset mitt. Syklar, sommarleikar, hageslangen, vannspredaren, badebasseng, grill, utemøblar, parasoll.

Eg måtte hatt med at eg hogde ned nesten eit heilt tre fordi eg ikkje nådde opp med julelysa, at eg faktisk hengte opp julelys, rydda garasjen og hogde litt opptenningsved.

Eg skulle berre kutte av nokre greiner, men klarte ikkje å stoppe. Eg brukte øks, og sa kreft kreft kreft kreft i takt med hogginga.
Eg la ein unge oppå kvistane sånn at julelysa skulle vise på biletet.
Ho sat litt fast, men det gikk heilt fint til slutt, så det er ingenting å ta på veg for.

Og så litt om at eg besøkte jobben min, og at eg reiste fram og tilbake til Førdesjukehuset annakvar dag.

Men dette er på langt nær like interessant som kreft og vanskelege kvardagar, så eg droppar det.

Så kom eg på noko lurt!

Eg har skrive logg frå dag 1 av sjukehuslivet. No har det blitt 82 dagar. Eg ville leite litt i loggen, kanskje der var noko morsomt eg kunne skrive om. Så såg eg at ord nr. 5, 6 og 7 var “vente”.

Utklipp av loggen.

Heldigvis er eg veldig teknisk begava, så eg søkte etter kor mange gongar eg hadde skrive ulike former av “å vente” i loggen. Det var 67. Sånn:

Vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, vente, veeeeeeeeeente! (67)

Alt dette har eg gjort!

Eg var allereie lei av å vente før eg fekk sjukt barn. Eg har ein tendens til å vere rastlaus i hjernen min. Då kan du tenke deg kor hardt det er for meg å vente 0,83 gongar per notat!

Ting eg ikkje likte å vente på i det gamle livet:

  • At møte skal slutte.
  • Barn som kler på seg. Eller barn, då.
  • At elevane skal bli ferdig med oppgåva sånn at eg kan snakke igjen.
  • At andre skal bli ferdig å snakke sånn at eg kan snakke igjen.
  • At folk skal bli ferdig med å fortelle kva dei drømte i natt.
  • At steikovnen skal bli varm.
  • At kaffien skal bli ferdig.
  • På grønt lys.
  • Heisen!
  • Noko godt. Eg trur ventinga er forgjeves uansett.
  • Det er meir, men det er ikkje ei superinteressant liste, dette her.

Ting eg har måtta lære meg å vente på i det nye livet:

  • MR
  • CT
  • Legen
  • Nursen
  • Ingenting
  • Svar på MR (den aller aller aller aller aller aller verste ventinga eg veit!)
  • At operasjonen skal bli ferdig
  • At ungen skal lære å snakke og gå igjen
  • Alle terapeutane
  • At fasten er ferdig
  • Å bli henta til narkose
  • At ungen skal vakne frå narkose
  • Heisen!
  • Neste dag
  • At det heile skal gå over, og vise seg å berre vere eit mareritt. Då må dei andre vente medan eg fortel om den rare drømmen eg hadde hatt.
Her er mine standard ventefjes.

Eg tenkte eg skulle rangere ventinga, men det er litt mykje å ta fatt på, så eg tek ein kort-versjon:

Verst

Det verste å vente på er svar på MR. Kvifor det er så vanskeleg, spør du? Jo, fordi ein kanskje ventar på den verste beskjeden ein kan få. Då er det veldig vanskeleg å leve i nuet.

At operasjonen skal bli ferdig er høgt oppe på vente-versting-lista, men eg stolar nesten heilt blindt (i alle fall med dårleg syn, ca. minus 5) på operatørane, så eg er ganske roleg. Og kva så om dei gløymer ei saks inni hjernen? Det er jo berre å operere den ut igjen, er det ikkje?

Midt imellom

Det meste.

Enklast

Det er truleg forbode, men det er nesten deilig å vente på at sjølve MRen skal bli ferdig, for då har eg full frihet den tida. Ingen ventar på meg, eg treng ikkje ha dårleg samvit for at eg er vekke.

Korleis eg ventar

I starten var Jone veldig sjuk. Han kunne ingenting anna enn å ligge i senga og spy og vere fortvila. Han hadde mista språket totalt, blitt midlertidig lam i høgre side av kroppen, han smilte ikkje, var redd alle med kvite kle.

Då var vi triste begge to, og eg venta som ei reke rundt kroppen hans. Det var ikkje noko anna å gjere. Eg fekk ikkje tatt selfie, det seier seg sjølv. Men eg har photoshoppa eit fotografi slik at du skal skjøne korleis det var.

Krølla meg rundt som ei reke. Du trur det kanskje ikkje, men det ER photoshop!

Så begynte pasienten å kunne ting, for eksempel sjå på TV og ipad samtidig. Då begynte eg å vente i stolen min. Drakk kaffi, skreiv litt på PCen og dreiv med generell scroll. Eg vart veldig godt kjend med utsikta frå rommet, og følgte godt med på sjukebilane som var på utrykning over fartsdumpane i 40-sona.

Utsikt.

I det siste har guten klart å sjå på TV, trykke på ipad, leike med bilar og dyr og snakke samtidig, så eg føler han er godt aktivisert. Derfor har eg begynt å vente i senga mi. Så sovnar eg litt og mistar telefonen ned i fjeset, og så vaknar eg og fortset med sudokuen. Dette kjentest litt kjedelig å skrive om, men eg måtte liksom fullføre.

Kva skal eg liksom avslutte med, då?

Eg kjem ikkje på noko bra slutt. Men det kan nemnast at det er nydeleg å vere på plass i bygda mi igjen. Alle er veldig snille i auga og rause med klemmane. Flaks at intimsona mi har krympa i Haukeland! (Har ikkje akkurat noko val.)

10 kommentarer til “Å vente, ventar, venta, har venta, vent!”

  1. Solrun Underdal Nistad

    Tenkjer masse på deg. Så imponert over at du klarer å formidle fortvilelse, angst, sinne og håp med galgenhumor.. Det må vere vanskeleg å vere sterk mamma i denne situasjonen. Masse lukke til og eg ynskjer at de kan få jul som er litt glede.

  2. Fantastisk! Eg kjenner ikkje deg eller dine – men les kvart blogginnlegg. Takk for di fantastiske formidlingsevne med humor og nyanser 🙏🏼

  3. Eg starta å lese på må-få, (veit ikkje om det er eit ord), og enda med å lese alt. Underhaldande, interessant, lærerikt!

  4. Kan ikke (vil ikke heller) forestille meg hva dere har gått igjennom. Vi har selv hatt samme utsikten da babyen vår var 3 uker gammel, men heldigvis ikke på langt nær noe så alvorlig som kreft. Følger spent med på bloggen din (som er til å le og gråte av). Du er en veldig flink influencer og mamma 🙂 masse lykke til videre!

Kommentarer er stengt.