Hopp til innholdet

Godt nyttår, ja

  • 8 min read

No skal eg vere litt meir vanleg bloggar, og skrive om kva vi har gjort på og kva kle vi har brukt den siste veka. Det er tydeligvis interessant når dei andre influensarane gjer det, så eg prøver!

Den eigentlege grunnen er jo sjølvsagt at eg ikkje fann tema.

(Redaksjon: Det viser seg at temaet er spy.)

Heime

Det er mykje vanskelegare å vere bloggar når vi er heime. Eg blir veldig lett distrahert. Sånn sett er det mykje betre i Haukeland, det er betre arbeidsro på hotellrommet.

Faktisk blei eg avbroten akkurat då eg skulle skrive førre setning. Det er litt problematisk at alle i familien har kreftkort, faktisk. Eg kan trekke kreftkortet og seie “hysj, eg skal skrive”, men då kan Jone trumfe det med sitt kreftkort og seie “jamen sondematpumpa pip, du må skru den av”. Og så kan Tuva trekke sitt kort og seie “mamma, eg har ikkje mamma for tida, så eg må få all oppmerksomheten din”. Akkurat det med å gi dei eigne kreftkort var faktisk ikkje så godt gjennomtenkt.

Ei uinteressant veke

Kreftmessig har veka vore ganske uinteressant. Vi har vore nesten heilt vanlege folk.

Sånn sett var førre helg meir interessant, då Jone til forandring vart litt dårleg av kuren. Og med dårleg meiner eg at han spydde.

Sliten av cellegift. Prøver å varme seg under ein slags frakk.

“Litt spy må du no tole”, tenker du kanskje. Men eg blei faktisk spy-traumatisert i starten av dette eventyret!

“Det var ein gong ein lukkeleg familien på 3. Ei mor, ei dotter og ein son. Nesten heilt vanleg, altså.

Familiebilde. Ja, støvsugaren er ein del av familien no.

Dette var heilt til sonen begynte å sjangle og spy i 2×7 dagar (eg prøver å få inn sjangerkjenneteikn, og 14 er ikkje så vanleg som 7 i eventyr, derfor denne fiffige varianten) og blei sjekka i hjernen. Der blei det funne ein svulst på 3+1,5 cm.

Først begynte mora å grine, så begynte dottera å grine. Så resten av kongeriket. Men sonen, han grein ikkje (liksom at to gjer det same, medan den tredje er ein kontrast, ein helt). Han berre lo av at han gikk som ein pingvin og var ein skjelvande gele. Heilt til han ikkje lo meir, fordi han mista språket, latteren og blei litt lam under operasjonen. Han berre begynte å spy mykje meir enn før.

Snipp snapp snute. Eventyret er ikkje ute, eg gidd berre ikkje skrive meir.”

Spy-traumer

Først spydde han ca. kvar dag i to veker før operasjonen, så annankvar time heile døgnet den første veka etter operasjonen. Eg såg ikkje alltid på klokka, men er ganske sikker på at det var så ofte. Alt vart gjennomvått av spy. Eg måtte dra i rød snor fleire gongar per natt for å få hjelp til å vaske. Då hadde han langt hår og eit digert plaster i nakken, begge delar vart dynka i spy.

Omtrent sånn. Langt hår, plaster i nakken, bekken i nærheten.

Det gikk ikkje an å få vaska det skikkelig, så ungen min lukta spy heile tida. Spylukt blei nesten ok. Litt sånn som at alle likar babylukt, til tross for det er lukta av sur morsmelk. Litt gulp, litt bæsj, litt tørka melk rundt munnen og på kleda. Åååå, så god babylukt! Sånt forhold fikk eg til at ungen min lukta spy.

Vanleg mat-spy vs. sondemat-spy

Då han slutta å ete sjølv, og måtte begynne med sondemat, fekk eg eit nytt forhold til spy igjen. Sondematspy er av ein anna sjanger enn vanleg spy.

Spyet til barn som et vanleg mat liknar jo litt på lapskaus. Det er små matbitar med ulike fargar. Men når barn som ikkje et fast føde spyr, så blir liksom spyet meir som ein smoothie. Det er så vått, atte! Og så ser det så mykje ut.

Vanleg spy.
Sondemat-spy.

Eg prøver alltid å fange spyet med pussbekken, men merkeleg nok kjem det like uventa kvar gong. Då er eg superklar til andre runde. Det mest irriterande er når eg faktisk klarer å fange spyet, men så kvelvar eg bekkenet ved uhell etterpå.

Det verste for Jone er når han spyr rett opp, og vaknar av at han får spy i fjeset. Då er det ingen av oss som skjønar kva som har skjedd.

Spy i fjeset.

Uansett får eg ei veldig dårleg kjensle når han spyr. Eg får assosiasjonar til ei traumatisk tid. Derfor var det flaks at han berre spydde laurdag, søndag, mandag og tysdag. Onsdag, torsdag og fredag spydde han ikkje. Laurdag spydde han igjen. Søndag og.

Tippar DETTE var interessant!

Måndag

No har eg skrive tusenvis av ord utan å komme til måndag ein gong. Men, som sagt, det har vore ei uinteressant veke. Måndag var siste kurdag i denne runda. Eg fekk besøk og drakk kaffe på ein fancy kafe som hadde ordet kaffe i namnet. Det tyder på kvalitet.

Eg gikk med svart bukse og grå eller svart gensar. Heilt vanlege kle. Jone gikk anten med bar overkropp og bukse, eller med bar underkropp og gensar. Eg hugsar ikkje. Han låg jo berre i senga uansett.

Tysdag

Eg hadde akkurat drømt at legen sa at det viste seg at Jone var kreftfri, så vi kunne avslutte behandlinga og reise heim. Fin drøm. Og så kom akkurat den same legen og skreiv oss ut på ekte. Men vi må komme tilbake. Neste gong er det til og med MR! Shit fuck! Eg dauar.

Når det gjeld mote, så spydde Jone på mote-kleda sine rett før vi skulle gå ut av rommet. Eg skunda meg å tørke opp, slik at vi kunne stikke av før nokon sa at vi måtte bli igjen og vente på at spyet blei undersøkt.

Onsdag

Eg er faktisk ikkje heilt sikker på kva eg gjorde onsdag. Burde sjekka loggen. Men eg veit at eit nytt år starta denne dagen.

Eg hugsar ikkje så godt, men eg tippar begge ungane mine gikk med pyjamas heile dagen. Personleg gikk eg framleis med den svarte buksa, og svart eller grå hettegensar. (Eg berre veit at eg har gått med to gråe og ein svart gensar denne veka. Eg hugsar at den svarte hadde sondemat på sida, så eg måtte bytte før eg hadde tenkt.)

Dette KAN ha vore onsdag.

Torsdag

Eg hugsar litt av torsdag! Vi var i Førde for å ta blodprøver, og alt var heilt fint. Vi kunne reise heim etter berre to timar.

Herregud kor gørr det er å skrive om mote! Eg trur eg berre droppar det.

Men eg har tilfeldigvis eit bilete av Jone som eg skulle sende på snap til alle, men glømte det:

Her er han i ein nydeleg heimestrikka gensar og motelue. Klar for Førde-tur.

Fredag

Fredag såg eg nesten ikkje ungane mine. Mamma gjorde alle sjukepleiartinga, og eg reiste til Førde på handel. Herreguuuud, det var berre sååå superduper effektivt! OMG, liksom.

Om kvelden bygde eg ei halv seng.

Laurdag

Vi skulle til Førde for å ta blodprøver. Jone hadde blødd naseblod om natta, med etterfølgande spy, og eg vedda 100 kr med mor mi om at han måtte ha tilførsel av både raude blodceller og blodplater. Eg tvinga ho til å vedde imot, for eg var så sikker på å vinne.

Eg tapte.

Søndag

Det er jo i dag, det. I dag har eg vore på øving med rockebandet som eg er med i! Det er eigentleg det kjekkaste eg veit no for tida. Eg gløymer heilt at eg har eit elendig liv.

Eg veit eg ikkje ser så glad ut, men her prøvde eg å vere krenka fordi kreft-kortet ikkje verka.

Jone byttar mellom å sjå på iPad, sjå på TV, sjå på begge deler samtidig, og leiking på golvet. Gjerne med ipad attmed seg. Han har ubegrensa skjermtid, nemlig. Det må no vere nokre fordelar med kreft og.

Utanom det jobbar eg hardt med å ete opp all konfekten og maten som eg fikk til jul.

Tja…

Dette innlegget vart ganske kjedelig. Det beklager eg, og eg skal nok gå tilbake til tema-basert innhald igjen.

6 kommentarer til “Godt nyttår, ja”

  1. Godt nyttår til dikka! Håper Jone vil bli heilt frisk ! Masse god bedring, du er utrolig stark og imponerande kvinne !

  2. Godt nytt år 2020. Måtte dette året verte eit gledens år. Det er imponerande at du klarer å formidle dagleglivet ditt med humor.. Veldig kjekt å sjå guten din. Masse lukke til.

Kommentarer er stengt.