Hopp til innholdet

Cellegift 2

  • 6 min read

Cellegift igjen? Det var då voldsomt til mas!

Men sånn er det. Når du les ein tumor-humorblogg, så må du tole fleire omgangar med cellegift. Akkurat som Jone på 3 år.

No har han hatt 6 kurar, så då må du i teorien tåle 6 innlegg om cellegift. Men det blir litt kjedelig, for det har vore dei same to kurane om att og om att og om att.

Det einaste som har vore nytt frå gong til gong, er graden av biverknader. Først gikk det superbra, så bra, så litt dårleg.

Hovudproblemet er sår. Eg kan berre vise eit utsnitt, for det er på private stadar, så du må berre tru meg når eg seier det er vondt!

Sår, bittelite utsnitt. (Dersom det er ekkelt å sjå på, må du berre prøve å tenke på at det er eklare å ha dei.)

No er det såpass lenge sidan sist kur at han har vore i skikkeleg god form i over ei veke! Han har vore seg sjølv. Meir fokus på humor enn tumor, liksom.

Så kvifor endå eit innlegg om cellegift?

Jo, fordi no skal vi til på ein heilt anna kur. Det er alvorlege greier.

Dei som følger godt med har lese at MR i januar viste tumorfri gut.

Ein skulle jo tru at når MR var så nydeleg, så var det ikkje nødvendig med meir cellegift. Men neeeeeeeiiiiidaaaaaa!

MRen var ekstra nydeleg, med hjarte og blomar.

Han må ha meir cellegift. Det er om å gjere å vere heilt sikker på at ein har drept kvar einaste lille kreftcelle.

Derfor.

HMAS

Høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte.

Ikkje HAMAS

Som er Harakat al-Muqawamah al-Islamiyyah. Palistinsk, islamistisk/nasjonalistisk, paramilitær og politisk organisasjon.

Ikkje HAMS

Som er noko som er rundt nøtta hos artar i hasselfamilien.

Ikkje AMISH

Neida, eg skal stoppe.

Altså HMAS

Denne kuren er annleis enn dei andre. Den er veldig, veldig, veldig, veldig hard.

Behandlinga består i å gi høge doser av cellegift og deretter sette inn mottiltak for å hindre livstruande biverknader.

Då kan ein drepe fleire kreftceller enn ved vanleg cellegiftdosering, og dosane er så høge at behandlinga medfører stor risiko for beinmargssvikt.

Derfor var det flaks at det blei henta ut stamceller frå Jone sitt blod i haust, for dei skal han få tilbake etter kuren, sånn at han kan lage seg heilt flunkande ny beinmarg. (Dersom du likar mange ord, kan kan du lese sjølv her)

Her gøymde han seg då han fekk høyre om kuren. Eg brukte veldig lang tid på å finne han.

Kva skal vi, sa du?

Eg føler, som vanleg, at eg har hamna midt i noko som eg ikkje har fått med meg at eg skal. Det er litt fordi eg ikkje høyrer etter på alt som blir sagt, og litt fordi at ikkje all informasjon når fram til rommet vårt før rett før vi skal gå.

Denne gongen var det sånn: “Koman, kle på dåkke, vi skal på ekkokardiografi og EEG.”

Eg veit ikkje kvifor vi skulle eller kva resultatet blei, men eg vart no med.

Eg skjønar jo sjølvsagt at det var fordi vi skulle tilpasse ny parykk! Hallo.

Kuren

Sjølve kuren er ganske udramatisk. Det går høgdose cellegift kontinuerleg gjennom kroppen i fem dagar. Samtidig går det liter på liter på liter med ei væske som eg kallar vatn. Dei kallar den noko anna, men det er ca. vatn. Den skal gjere sånn at det går an å overleve all gifta.

Ein gong per dag i desse fire dagane trillar vi inn på eit hemmeleg rom, og der blir det sett cellegift direkte i hovudet. Det har vi jo snakka om før.

Det er ikkje under sjølve kuren han er dårligast, det er etterpå. Under kuren er han nesten heilt vanleg, berre festa i stativ med ledningar.

Han heng fast i dei der stativa.
Ser du. Einaste forskjell på kur og ikkje kur er kleda og forankringa. Sidan han fortsatt ikkje klarer å gå, blir det litt likegyldig om han er festa til ledningar eller ikkje. Men han SER friskare ut, då.

Eg trur det hadde vore verre for han om han kunne gå. Eg vil ikkje direkte anbefale å ha lam unge under kreft-behandling, men eg vil ikkje ikkje-anbefale det heller.

Etter kuren

Ventar vi til immunforsvaret og alt det der er sletta. Då først kan vi flytte på isolat og starte reinfusjon av stamcellene. Det må bli neste episode, sidan vi ikkje har gjort det endå.

Kreftkort

Eg må berre ha med eit døme på kva Jone bruker kreftkortet sitt til. Her har han lurt fysioterapeuten til å trene på sine premissar. Ho er forresten ein av favorittpersonane våre i Hævkeland, så det er veldig trist at ho skal slutte her. (Grinefjesemoji)

Han berre: “Eg har kreft, så eg klarer ikkje å trene så hardt. Du må pakke meg inn i ei dyne og kose med meg i staden.”

7 kommentarer til “Cellegift 2”

  1. Takk for at du det ord på kvardagen med eit kreftsjukt barn. Det klarar dei færraste. Det trur eg at du har igjen for! 🙂

    Helsing ei kjenner høgdosekurane på kroppen – etter halvanna år med cellegift i barndommen.

Kommentarer er stengt.