Hopp til innholdet

Isolasjon

  • 5 min read

Eg skulle eigentleg isolere loftet mitt før denne vinteren, men eg måtte jo på sjukehus, så det blei ingenting av. Derfor var det bra det ikkje blei vinter.

Glava isolasjon.

Hahahahahaha! Der lurte eg deg! Det er ikkje sånn isolasjon det skal handle om.

Isolasjon

Denne episoden er framhald av CELLEGIFT 2.

Etter den harde kuren har Jone vore i betre form enn på mange månader. Han har vore seg sjølv. Glad, tøysete, aktiv. I den grad ein kan vere aktiv i ei sjukehusseng. Han kan fortsatt ikkje gå, hugsar du.

“Smil då!”
Utflukt med bestevenn før isolasjon.

Digital kompetanse

Heldigvis er han ein sånn som kan underhaldast av ipad time etter time etter time i dag etter dag etter dag etter dag. Det er veldig sjeldan han slenger ipaden på golvet fordi eg ikkje høyrde kva han sa. Men det hender.

Digital kompetanse.

Så det vil eg seie til alle som har dårleg samvit for at ungane bruker for mykje skjerm: Du kjem ikkje til å angre på den kompetansen dersom ungen blir alvorleg sjuk.

Du må for all det ikkje lære opp ungen din til å tru at aktiv er best. At å springe og hoie, ta backflip og slenge seg frå tre til tre er meir verdt enn skjermtid. Då er du i deep shit den dagen han må ligge 157 (still counting) dagar i ei seng. Ikkje shallow shit, liksom. Deeeeeeeeeep!

Så frå no av må du passe på å verdsetje at dei elskar å vere passive og. Neste gong ungen din har spelt fortnite fire timar i strekk kan du seie: “Gu ko bra at du let deg underhalde av skjerm så mange timar utan pause!” Versågod for tipset.

I tillegg er det snik-læring i Youtube Kids. Han har til dømes lært alfabetet. Det er nyttig, for då blir spy gøy. Han spydde eit par sondemåltid blanda med ulike medisinar og ost, og så kommenterte han forma på spyet i senga: “Det er bokstaven C”. Og vi lo!

Isolat

Det høyrest veldig dramatisk ut å vere på isolat. I fengsels-seriar er det heilt kritisk. Dei som kjem på isolat klikkar. Og eg har liksom blitt advart mot isolat.

Men det eg skal fortelle no er hemmeleg, og det må det fortsette å vere, slik at ingen rutinar blir endra.

Det er betre å vere på isolat enn på ikkje-isolat. Hyyysssjj.

Hovudgrunnen til dette er at langtidsopphald med barn på sjukehus er berekna på barn med to foreldre. Det er sånt som folk ikkje veit.

Så her er endå eit godt tips frå meg: Dersom du er aleineforelder, prøv å unngå at barnet blir sjukt. Dersom det ikkje går, unngå sjukehusopphald på meir enn 2 veker.

Heile sjukehusopphaldet er nemleg isolat når du er aleine.

Jone har det fint uansett kor han er, for han er mest i senga og utforskar det spanske alfabetet på youtube.

Nokre fordelar for meg:

  • Eg har meir fritid. Det er heilt føkkings sant! Eg er meir isolert til vanleg enn no. Eg får beskjed om å lufte meg litt og “passe på meg sjølv opp i det heile”. Samtidig er alle samde i at barn på 3 år med kreft ikkje kan vere aleine på sjukehus. No, derimot, får eg tilbod om å gå ut fleire gongar for dag.
  • Eg har fått sjukehusseng. Det er mykje kjekkare enn veggseng. Sjukehusseng har fjernkontroll, og det er veldig mange moglegheiter for ligging. Og sitting.
Eg kan sove i nedoverbakke.
Her prøver eg å brette ei bestevenninne.
  • Folk som kjem inn er reine og fine. Det er dei heilt sikkert til vanleg og, men eg følte det var litt lite med to punkt.

Nokre ulemper:

  • Veit ikkje endå, men det kan hende det blir kjipare når Jone får vondt og blir lei seg.

Reinfusjon av stamceller

Holdt på å glømme det viktigaste: Det gikk veldig bra!

Det kan nesten sjå ut som han drit i heile reinfusjonen.

12 kommentarer til “Isolasjon”

Kommentarer er stengt.