Hopp til innholdet

Cellegift

  • 7 min read

Det er på tide med ein opplysningstekst om cellegift, sidan det er det vi har drive med denne veka. Dette er tredje gongen, så også dette har blitt ei vane.

Eg meiner ikkje at folk må gå rundt og kunne ting om cellegift. Det er kunnskap ein helst bør sleppe å bry seg med.

Men som lærar har eg eit voldsomt behov for å informere andre. Og ingen kan nekte meg, hah hah hahhaaha!

Min kjennskap til cellegift frå før

  • Ein mistar håret
  • Ser litt bleik og sjuk ut
  • At ein blir kvalm
  • Eg har forbunde cellegift med døden, fordi eg alltid har hengt meg opp i at ein kan dø av kreft, ikkje at ein kan overleve.
Sånn trudde eg cellegift var.

Dermed er cellegift eit ekstremt negativt lada ord for meg, omtrent som avgift for FrP.

No, derimot!

No veit eg mykje meir:

a) Det er veldig giftig!

Ja. (Skulle ønske det gikk an å skrive sånt blikk du får når folk synest du er heilt idiot.) Men eg meiner veldig, veldig, VELDIG giftig. Døme:

  • Eg må bruke hanskar for å skifte bleie, elles kan eg få for mykje gift på hendene
  • Bleiene må i eige boss.
  • Laken med tiss, bæsj, spy på må i eigen pose slik at vaskeritilsette skal sleppe å få kreft.
  • Det er så giftig at dei må gi motgift når det har gått ei lita stund.
  • Vi har skilt på døra om at vi er giftige. Eg vil lage eit eige på sløyden som vi kan ha på døra heime: “Her bur giftige folk!” eller “Her bur fam. Cytostatika”
Skilt på sykehusdør. Cytostatika

Så mykje gift gjennom den bittelille kroppen! Han berre sit der og tullar med ein kalkun, prøver å imitere kalkunlydar. Han oppfører seg ikkje som om han blir forgifta med så sterk gift at vi andre kan få kreft av å få det på hendene.

Det er rart at han er så upåverka. Det går an å sjå at han er sjuk på grunn av høgt hårfeste og sonde som er klistra fast midt i fjeset. Elles er han kvikk og fin.

Han er blitt litt sjefete, men det er fordi eg gav han kreftkort. Angrar på det. Men så tenker eg det er greitt å vere litt sur og sjefete etter at ein har fått cellegift rett inn i hjernen.

Og så er han så søøøøøøøøøt. Alle syns det.

Dei tre føregåande avsnitta er litt usaklege i forhold til kor sjokkerande giftig cellegift er. Eg ville berre skryte av ungen min.

Gutt på 3 år med kreft. Etter cellgift.
Så søøøøøøøøøøt! Rett etter cellegiftinjeksjon i hjernen. Kalkun i handa.

b) Det heiter cytostatika. Ikkje psykostatika, sånn som H. pilde pornobilde (HPP) trur…

Beklager å måtte vere den som fortel det. Eg torde ikkje seie det sist gong, håpar ikkje du blir såra. Men med tanke på kor giftig det er, så er det faktisk litt psykostatika.

Så var det biverknader

Eg skulle sjekke fakta om dei ulike psykostatika han får. Eg er jo blitt så superflink å leve i riktig tid at eg berre ventar og ser kva som skjer. Det er sånn eg finn ut av biverknadene.

Dessverre rakk eg berre å sjekke tre stykk, for eg rota meg inn i fakta som eg ikkje vil ha. Fakta om kreft i hjernen hos barn og sånn.

Flaks eg blei avbroten av nurse, og truga til å gå ut av nettsida! Ho berre: Dersom du ikkje går ut av nettsida, så gir eg ikkje kvalmestillande! Det var bra, for det hadde blitt ein vanskeleg kveld der det ikkje hjelpte med Clausthaler Radler ein gong. (Eg burde faktisk snart blitt sponsa av Clausthaler, for eg insinuerer at det hjelper i barnekreftsituasjonar.)

Eit veldig influensete bilde, eg har stilt opp Clausthaleren ved sida av sprøyter, med litt Haukeland i bakgrunnen.

Her kjem ei ny avsporing.

Så tenkte eg litt på kva personar eg kunne tenke meg fekk cellegift i staden for sonen min. Kva personar kan samanliknast med kreftceller?

Den første eg tenkte var eigentleg Donald Trump. Men eg tør ikkje å skrive om han, i tilfelle han les bloggen min. Då blir sikkert EG cellegiftbehandla umiddelbart.

Ikkje Donald Trump.

Så blei eg einig om desse: Hitler, Himmler, Hussein, Hirohito, Harvey Weinstein. Eg kjem tilbake til dei seinare. (Litt feigt å ta døde folk, kanskje)

Gifttypane

Metotrexat

Den vil eg døype om til #metoo trexat. Då kan vi gi den til menn som misbruker makt. Det gjeld jo alle eg har nemnt. Då kan dette skje med dei:

Leukopeni (eg kallar det sjølvsagt leukopenis og ser for meg ein penis som liknar på ein løk), kvalme, anoreksi, diare, stomatitt, oppkast, alopesi (håravfall), utslett, infeksjonar, hovudverk, parestesi, svimmelheit, sjukdomskjensle, trøttheit, feber. Dette er dei mest vanlege. Det finst 50 000 fleire. Ca.

Fullt fortent, ikkje sant? Sjå for deg Hitler med løk-penis, diare og utslett.

Hitler med utslett, løk-penis og diare. (Eg har visst kutta av beina)

Vinkristin

Skal det vere litt vin, Kristin? Neida, vin er mykje artigare enn cellegift.

Kvalme og oppkast, vevsirritasjon, påverknad av beinmergen, trøttheit, håravfall, nevrologiske problem, forstoppelse, nedsett fruktbarheit.

Nedsett fruktbarheit burde alle mine utvalte personar få.

Saddam Hussein med håravfall, oppkast og nedsett fruktbarheit.

Ikkje photoshoppa!

Cyclofosfamid

Kjemisk modifisert utgåve av sennepsgass!

Så blei eg avbroten.

Mitt barn

Ungen min har førebels ikkje så mange biverknader. Han har mista håret på toppen, men har fortsatt augevippar (veldig viktig, han må få extensions viss dei dett av) og bryn. Eg veit ikkje om han ville blitt kvalm, for han får kvalmestillande før han rekk å bli det.

Det vanskelegaste har vore at han ikkje kan ta solarium.

Neeeeeeeeiiiiidaaaa! Eg er ikkje heilt idiot, då.

Meg

Ting som tyder på at eg har vore uforsiktig med cellegift:

  • Eg har fått grått hår. Det løyste eg fint med å klippe det av.
  • Eg har fått rynker. Eg har sikkert klødd meg i fjeset med hanskehender etter at eg har skifta bleie. Då har eg fått cellegift frå tiss og bæsj i panna og rundt munnen.
Eigentleg løyste det ingenting å klippe håret. Har fortsatt både grått hår og rynker. Faens cellegift, altså!
  • Eg har fått kognitiv svikt. Eg gløymer viktige ting, men eg vil ikkje utdjupe det. Skam.

Cellegiftsong

Eg har sjølvsagt laga ein song om cellegift! Sjangeren er Death Metal (det må det nesten vere). Dermed går det ikkje an å forstå orda, så eg berre transkriberer den slik:

Øøøøøøøøøøøø øøøøøø brøl. #metoo øøøøøøøøøøøøøøø
Trexat. Øøøølllllrrrrrr
Vin, Kristin? Eller vodka? Æææææøøøøøaaaaa
Sennep!

16 kommentarer til “Cellegift”

  1. For nokre tøffingar dåkke er, begge to! Fantastisk informasjon formidla på ein utruleg måte!💕
    Skriv meir! Stå på! Vi andre heiar på dåkke!!!

  2. Sterkt å lese🙏♥️Og veldig bra skrevet,viktige budskap,og litt humoristisk måte. Jeg har selv bodd der oppe dere er med min datter,å kjenne nesten lukten i gangen når Eg lese. Sterkt! En fantastisk skjønn og sterk gutt! Han minner om min datter,hun var like tøff og smørblid. Hun vant,det skal dere også! Stay strong! Sammen er dere sterke! ♥️🙏

  3. Kjære deg! Tenk å vere pårørandemamma, innestengt på sjukehus i månadsvis og følge barnet gjennom det tøffaste løp som finnast! Det er verkeleg ekstremsport! Det er godt å sjå at den underfundige personen Lillian kan sette ord på det med galgenhumor,men og mykje alvor og mykje lærdom for oss som les. Håpar du har “sterk rygg vidare . Måtte gode krefter fylgje dåke to.

  4. Britt kari Kalhagen

    So fint du skriv, om noko som er så absolutt lite fint. Krysser fingrane for dykk👍🤞🤞👍 håpar de ksn få ei fin førjuls- og juletid, sjøl om situasjonen er u-kjekk.

Kommentarer er stengt.