Hopp til innholdet

Korleis eg klarer det

  • 2 min read

Alle berre: Huff, alt du må gjennom. Korleis klarer du det?

Eg berre: Nei, altså, bla bla, ein dag om gangen, bla bla bla.

Men eg har ein hemmelegheit! Eg har nemlig fått låne bedøvelsespray her på sjukehuset, og den bruker eg til å smøre inn kjenslene mine med.

Xylocain. Spray som inneheld lidokain. Lidokain er eit lokalbedøvande middel.

I byrjinga var det litt vanskeleg å vite kor eg skulle spraye. Det einaste eg visste, var at eg ville bedøve dei vanskelege tankane og kjenslene. Men kor er eigentleg dei?

Tankane er jo i hovudet, det veit alle. Men det er ikkje så lett å få det der røret inn i hjernen. Eg har prøvd både nasa og øyrene, men det har ikkje hjelpt.

Rør i nasa og øyret. Illustrasjonsfoto.

Etter mykje prøving og feiling (eg tok midlertidig ein dag om gongen), fann eg ut av det. Eg spraya litt på brystet og litt i fjeset, og så venta eg på bedøvelsen. Dermed slepp eg å føle og tenke. Nais.

Eg gjer meg klar.
Sprayar litt på kjenslene.
Og litt på tankane.

Etterpå er alt heilt greit.

OK

6 kommentarer til “Korleis eg klarer det”

  1. Enig, alt e verkelig helt greit når du har på de sånne kleæ som på dæ siste bildet. Og kanskje ikkje bærre helt greit, mæn og ganske fint og artig.

Kommentarer er stengt.