Hopp til innholdet

6 veldig, veldig gode råd om VENNSKAP

  • 6 min read

Terapeuten min har forklart meg (eg forstår jo ingenting sjølv) at eg er redd for at folk ikkje skal tole alt ved meg, og at eg derfor støyter dei vekk. Det forklarer kvifor eg har så få vennar, men at dei eg har er supergode. Hadde det ikkje vore for at eg har så gode vennar, så hadde eg ikkje hatt vennar. Sånn kan det seiast. Eg er ein veldig dårleg venn sjølv.

No skal eg presentere ei med veldig godt vennepotensiale, nemlig Britt. Britt Veikås-Ålhus-Årdal-Sunde. Ho skulle eigentleg heite Eikås-Ålhus-Årdal-Sunde etter faren, men mora ville at alle etternamna skulle begynne på ein bokstav som var blant dei ti siste i alfabetet, så det blei Veikås.

Andre alternativ var Teikås, Ueikås, Weikås, Xeikås, Yeikås, Æeikås, Øeikås og Åeikås. Eg veit kva EG ville valt, for å seie det sånn…

Britt har ikkje relasjonsproblem sånn som eg, men ho er ikkje typen som umiddelbart viser heile seg. Ho har litt å by på, men ikkje kjempemasse, liksom.

Sel

Her ser du bilde av heile Britt, saman med kjæledyret sitt, selen Magne. Sjå korleis selen held kjærleg rundt foten til Britt. Ikkje SÅNN kjærleg, då. Herregud, skjerp deg!

Britt er 29 år. Kanskje litt ungt, men sånn er det. Alle kan ikkje ha same alder – nokon er unge, andre er eldre. Ho er 110% hetero, men har ikkje funne den rette mannen endå. Dette tek ho med ro, ho er jo fruktbar i mange år til!

Traktor

Ho bur rett ved ein gard, og eig ein blå traktor. Ho er veldig glad i traktoren, og det er ikkje noko problem for ho å fikse den når noko er gale. Av og til har ho faktisk blitt kalla traktor-Britt på grunn av dette. Det er eit kallenamn ho ber med stoltheit. Ein gong ho var på karneval kledde ho seg faktisk ut som ein traktor! Det seier sitt, liksom.

Britt er ein god venn fordi ho har veldig mange praktiske eigenskapar, og desse deler ho gladeleg med andre. Ho er til å stole på, og stiller alltid opp.

Guide: korleis velje vennar

Eigentleg treng du ikkje meir enn ein venn, viss denne har alle dei riktige eigenskapane. Men det er vanskeleg å finne ein sånn, pluss at det er risikabelt å berre ha ein, i tilfelle denne døyr eller blir sur, då har du ingen. Så eg vil anbefale å nokon i reserve. Her er spørsmåla du kan stille deg når du skal velge vennar:

  1. Kven ville du hatt med deg på fødsel? Dette må vere ein person som elskar å sjå slimete ungar og ødelagte kjønnsorgan, såre brystvorter og tårer. Han må vere villig til å stå opp midt på natta for å kjøre bilen til sjukehuset. Og han må ha tid til å vere igjen litt etter fødselen for å snakke om følelsar og angst. Dette er ei krevande venne-rolle. (Nokre bruker kjæresten sin til dette, sjølv om han eller ho ikkje nødvendigvis er ein god venn, men dei om det.)
  2. Eg innser at førre spørsmål blir litt rart å stille seg dersom du er mann. Det vil eg ikkje ta kritikk for. Men kven ville du hatt med deg på koloskopi? Det blir ikkje heilt det same, for det kjem ikkje nye menneske ut endetarmen, og ein får ikkje ømme bryst eller fødselsdepresjon av det. Ein får kanskje litt skada kjønnsorgan, dersom du definerer anus som kjønnsorgan (det trur eg går fint). Poenget er at det kanskje er like intimt som ein fødsel. Eg veit ikkje heilt.
  3. Kven ville du hatt med deg i krigen? No er vi jo ikkje så voldsomt plaga med krig her i landet, men lat oss seie at du har tatt ein skikkelig stygg tatovering i syden, og så vil du klage og levere den tilbake. Og så er du konfliktsky sånn som meg, kven ville du hatt med deg på tatoveringssjappa? Kven skal forsvare deg når du er svak? Kven skal sloss for ungen din når du ikkje klarer sjølv? Dette vart for alvorleg, så eg vil ikkje meir. Viss du ikkje har fatta poenget endå, så veit eg ikkje heilt kva eg skal seie…
  4. Kven skal seie det til deg når du er heilt idiot? Når du tek heilt feil og oppfører deg dårleg, så er du avhengig av at nokon gir beskjed. Elles veit vi ikkje kor teite vi er, og held fram med denne oppførselen til evig tid. Kven vil du skal gi deg denne beskjeden på ein slik måte at du sluttar å vere teit?
  5. Kven ville du hatt sex med? Neida.
  6. Kven ville du hatt til alt anna? Det beste er jo viss ein person kan alle punkta ovanfor pluss alt anna du treng frå ein ven, men det er litt mykje å forlange. Så kven skal fylle resten av livet ditt?

Eg ville hatt Britt Veikås-Ålhus-Årdal-Sunde til å kjempe kampar for meg. Eg ville ikkje hatt ho med meg på føden, for hennar erfaring med fødslar er dei gongane ho har vore avløysar og tatt i mot lamb og selar. Eg vart litt usikker på korleis selane får avkom, og eg kunne nok googla det, men det får vere måte på kva eg skal vite.

Eg ville ikkje hatt ho til å kalle meg ein idiot. Litt fordi eg ikkje er det, og litt fordi ho er for ung til å vite betre enn meg. Eg ville hatt Britt til å hjelpe meg med slåtten, det er ho perfekt til!

5 kommentarer til “6 veldig, veldig gode råd om VENNSKAP”

  1. Eg har ei Britt. Veldig greitt for ei mislykka bondekjerring som syns kyr er litt store. Då ringer eg Britt, så kjem ho, med heile roen, og får ut dyr på beite, eller sjekkar om ei kyr kjem til å kalve dei neste timane. Veldig bra dame. Føden får ho ikkje vere med på, ho toler så mykje meir enn meg… Men no skal ikkje eg på føden att då, så det er greitt, enkli.

    1. Merkelig at det er så mange Britt, egentlig. Eg har ei Britt frå før og, nemlig Janne Britt. HO kan faktisk mange av dei rette tinga!

  2. Eg lurer på om eg har ei Britt, eg vart litt usikker no. Eg likar iallefall deg, og humoren din, og psyken din når den er grei med deg (kan ein psyke ha mennesklege eigenskapar?) Gler meg til fortsettelsen på bloggen, då eg har sakna dine påfunn sia siste skrivet om Barbie og Ken. Lykke til med bloggen, eg heiar på deg!

Kommentarer er stengt.