Hopp til innholdet

Det er den draumen eg ber på

  • 7 min read

At døra skal opne seg. Døra på Latter.

Yrket mitt er topp! Eg har aldri hatt lyst til å skifte. Derimot tenker eg om alle andre jobbar at “det der hadde eg aldri orka!” Sjukepleiar, kontor, leiar, vegvesen, alle andre jobbar som er utandørs (eg synest faktisk inspeksjon i friminutta er litt i overkant utandørs). Det er ingen andre yrke eg kunne tenkt meg. INGEEEENNN!

Nokon har sagt at eg er ein komplisert person, men det er berre teater. Eg er eigentleg veldig enkel. Eg har aldri hatt konkurranseinstinkt eller høge ambisjonar. Eg har ikkje hatt så mange draumar i livet, nesten ikkje om natta ein gong.

Eg vil berre ha det bra og vere god nok.

Sjå kor kjekt eg har det!

No har eg ein draum

I have a dream. Det er den draumen eg ber på.

I have a dream that my four little children (der vart du overraska over at eg har fire barn. Eg har nemlig to til, men dei har anna mor og far. Neidaaa, eg er faren. Neiiidaaaa) will one day live in a nation where they will not be judged by the color of their skin, but the content of their character. Dette var det Martin som sa.

Det er heilt irrelevant, for vi bur i Norge, og i min familie er vi ikkje plaga med eksem eller andre hudproblem, sånn som for mørk farge.

Huff, no fekk eg flashback til då Jone hadde lege ei heil natt med bleie med cellegift i.

Apropos lege. Eg har lært å bøye verbet å ligge av elevane mine. Å ligge, ligg, lagg, lugg. Skulle tru dei var bergensarar heile gjengen.

Bleie og cellegift. Regelen var at han måtte skifte minst annankvar time, men eg sov, og nattevakten glømte det litt. Jone fekk opne sår på tissen, pungen og rompa, og det var så smertefullt at han måtte få morfin når han skulle skifte bleie. Dette er eitt av dei minna som sit sterkast i meg. Eg skulle lagt ut bilde, men det kan eg faktisk ikkje. Følsame sjåarar ville døydd eller fått eksem. Dette var usakleg, denne teksten skal handle om meg.

Det var for lite bilde her, så eg berre teikna penis, pung og rompe.

Eg skal bli komikar!

Ikkje at eg skal slutte å vere lærar, altså. Der er det altfor mykje materiale og godt publikum til at eg nokon gong kan slutte. Eg vil berre vere komikar i tillegg. Eg har sjekka på utdanning.no, og det er verken beskytta tittel eller krav om utdanning. Så eg er komikar, det bestemmer eg sjølv. Og eg skal stå når eg framfører vitsane mine, så eg er i praksis stand up-komikar.

Eg hadde faktisk ikkje forventa at det skulle gå fort å oppfylle den draumen.

Sånn, det var det, takk for i dag.

Neeeeeeeeeidaaaaa.

Koffor det då?

Eg elskar at folk ler av vitsane mine! Det er det beste eg veit. I tillegg til friske ungar. Eg har vore morosam på personalfestar og i bryllup og gravferder og sånn, men eg har ein mannleg kollega som er veldig raskt ute med å fortelje meg at det er eit veldig enkelt publikum. Spesielt dersom den og den er der, for dei ler så høgt at dei andre sin latter druknar. Det kan hende dei ikkje ler ein gong, for alt eg veit. Det er ein effektiv måte å få meg ned på jorda igjen, så takk for det, Rare Mangelfjes. (Han heiter faktisk det, apropos humor lizm.) Det betyr berre at eg må jobbe hardare og finne eit vanskelegare publikum.

Sånn ville eg vanlegvis ha teikna Rare.
Men sidan eg merkeleg nok har veldig stor respekt for denne sure mannen, har eg her gjort mitt aller, aller beste for å teikne han. Eg lovar, betre enn dette blir det ikkje.

Eg har dessutan ei sterk overbevisning om at verda blir fredeligare av at folk ler. Det er visstnok sånn at du ikkje kan hate og le på same tid. Det er heilt sant, altså, det var ein professor (minst) i humor og krig som sa det. Så dess fleire nazistar som ler, dess mindre nazisme.

Berre tenk deg om Trump og Han Hin hadde hatt sjølvironi, då. Eller Hitler! Eg veddar ein finger på at det hadde blitt mindre krig i verda av det. Og ingen kan motbevise det, så fingeren er trygg.

Hitler med mikropenis og diare.

Eg må bli kjendis

Den enklaste vegen for meg er å først bli kjendis, SÅ selje meg sjølv for å fortelle vitsar. Det er der boka mi kjem inn i biletet. Den skal selje hundre millionar eksemplar. Så må eg på Lindmo. Der skal eg snakke om elendige erfaringar i livet på ein svært så artig måte. Men likevel sånn at folk får tårer både her og der. Sa partneren. Og så tvingar dei meg sikkert til å gå med kjole og sminke. Det blir humor.

Meg på Lindmo. Ja, det er same bilde som sist gong. Eg må no få lov å resirkulere litt.

(Eg burde faktisk snart skrive den boka, ikkje berre skryte av at eg skal.)

Sunnfjording som vil bli kjendis?

Det er motsetningar. Eg har tenkt ein del på dette, kvifor eg appppselutt vil bli kjendis. Og det skaper ein voldsom uro. For det første vil eg ikkje at folk skal vite at eg vil det. Vi ser litt ned på dei som stikk seg ut. Men dei som kjenner meg veit at eg er såpass rar at det med utstikking er eit tog som har reist for lenge sidan, kanskje så tidlig som åttitalet. Tuuttuuuut! Og det er ikkje kjendisstatusen i seg sjølv som er interessant, det er det at folk må vite om meg for å kjøpe meg.

Vitsen med kreft

Den første førestillinga mi skal heite “Vitsen med kreft”. Det må vel vere interessant? Alle berre: Wow, det blir interessant å endeleg få vite kva vitsen med kreft er. Og så får dei berre den overraskinga når dei skjønar at det faktisk er vitsar eg skal framføre. Overrasking er ein av hovudgrunnane til at folk ler. Dette har eg studert, så berre stol på meg. Det var riktignok på livets skole, men skole er skole.

Førebels har eg berre ca. 5 minutt av førestillinga, og det er om den gongen eg trudde eg skulle dø av livmorhalskreft. Det er ganske morsomt.

Her er vitsen med livmorhalskreft. Eg skjønar godt kva Rare Mangelfjes meiner med at nokon skaper ekstra god stemning. Eg lot vere å redigere vekk at han prøvde å sabotere showet mitt.

Favoritthumorar

  • Ironi (spesielt sjølvironi)
  • Sarkasme
  • Sa brura (eller partneren)
  • Absurditet
  • Ekstrem overdriving eller underdriving
  • Død og/eller fordervelse
  • Anna

Du kan berre sende melding, så avtaler vi pris. Eg tippar eg er nesten gratis no før eg har blitt kjendis.

Etterord

  1. Eg ser ironien i at denne teksten om at eg er komikar ikkje var kjempemorsom, men ironi er ein av favoritthumorane mine, så det kan eg leve med.
  2. Fortsatt ikkje millionær.
  3. Eg har laga ein instagram med berre teikningar. Det er for dei som nesten ikkje kan lese, pluss alle andre. Der vil eg ha 3000+ følgarar, helst.
  4. Instagram: Barlunds3k instagram.com/barlunds3k

2 kommentarer til “Det er den draumen eg ber på”

  1. Eg gler meg til neste innlegg – har veldig sansen for humoren din og alvoret som ligg under . 👍👏🎉🥰

Kommentarer er stengt.