Hopp til innholdet

Slutt å kaste vekk tida på feil gym!

  • 4 min read

3 nyttige tips om gym frå ein ekte ekspert

Eg må begynne med å beklage til dei som elskar gym: Beklager! Og eg burde nok ikkje snakke stygt om eit skulefag, for vi lærarar skal late som vi likar alle fag like godt, men eg lar det stå til! Crazy crazy crazy!

(Ps: Eg meiner at gym er eit veldig viktig fag, men eg må no få lov til å like nokre delar av faget betre enn andre. Det gjeld alle fag. Eg synest for eksempel at samspel er kjekkare enn teori i musikk, sjølv om begge delar er viktig, bla bla bla. Og les det med lita skrift…)

Eg skulle eigentleg seie at fotball er dumt, men så kom eg på at alle ballspel er like dumme. Dei har INGEN nytte. Eg veit eg er heilt sprø som påstår dette. Pling!

Den gymen eg verkeleg ser poenget i, er sånne aktivitetar som har oppstått av behov. Gym som måtte til for å overleve i gamle, gamle, gamle (eg meiner SKIKKELEG gamle) dagar. Eksempel: svømming, springing, fjellgåing, skigåing, slåssing.

Menneskekroppen passar til å kunne dei tinga, og desse gymøvelsane har god helsegevinst. Du trenar hjarte og uthald og sånn. Det er dei som var gode i desse øvelsane som er forfedrene våre, ikkje fotballspelarar eller andre ballspelarar. Dei som valte å drive med ballspel i staden for å lære å svømme fekk ikkje barn, dei døydde lenge før dei var kjønnsmodne.

Døme på at eg har rett

Volleyball

Det går ikkje an å spele volleyball for å unngå å drukne.

Fotball

Du kan ikkje spele fotball for å komme deg unna ein voldtektsmann (eller kvinne (for eg prøver å bli litt meir feministisk (men det er ukorrekt å late som om det berre finst to kjønn, så eg seier voldtektsPERSON))). Du kan godt prøve å seie at voldtekt er steinalderoppførsel, og ikkje relevant lenger, men eg kjem til å hyle at du tek feil. Hyle på ein litt forsiktig måte.

Handball

Du kan sikkert komme deg over Jostedalsbreen ved å spele handball, men det er mykje tryggare og meir effektivt med ski.

Innebandy

Innebandy har så latterlig liten ball at eg veit ikkje om det blir rekna som ballspel ein gong. Du bruker dessutan kølle, og det er omtrent som eit våpen. Eg skulle til å seie at eg heller ville brukt kampsport enn innebandy mot ville kyr, men eg er søren ikkje sikker.

Eg kunne holdt på heilt til det ikkje var fleire ballspel igjen, men eg trur eg lagar kvelds i staden.

Er eg sterkt engasjert i dette? Nei. Eg kom berre til å tenke på det, liksom.

PS: Eg hadde med bilete av gymsokkar berre for at det skulle skape resonans, du skulle tenke nostalgisk tilbake på dine eigne gymsokkar.

PPS: Jajaja, eg skjønar at det er underhaldande å sjå på når andre leikar med ball, og at det er det som er poenget, men eg meiner fortsatt at det ikkje har noko nytte. Ikkje for meg.

3 nyttige tips om gym

  1. Ikkje spel ballspel for å overleve i naturen.
  2. Sats på springing og skigåing og den slags.
  3. Ligg i hengekøye og tren på å drikke kaffi samtidig. Det er bra trening. Det er dessutan antioksidantar i kaffi, og det treng vi for å beskytte cellene i kroppen mot frie oksygenradikalar og vernar oss på denne måten mot kreft og hjartesjukdommar.

Eg føler meg ikkje så interessert i om du er einig eller ikkje, men eg kan ikkje nekte deg å vere fornærma + krenka på vegne av ballen. I så fall beklager eg.

1 kommentar til “Slutt å kaste vekk tida på feil gym!”

Kommentarer er stengt.