Hopp til innholdet

Sel-skap! Magne får besøk frå Bergen

  • 7 min read

Fire fantastiske fråd om friendship (eg eksperimenterer litt med språket mitt)

Altså: 4 fantastiske råd om vennskap (del 2 av mine faktabaserte vennskaps-råd)

Vennskap kan oppstå i utrulige situsjonar og mot alle odds. Det er vennskapet mellom Magne og Dagfinn eit bevis på.

Dette er eit heilt spesielt vennskap som dei har knytt til trass for at Dagfinn er spekkhoggar og Magne er sel. Spekkhoggarar likar faktisk selar veldig godt.

Til middag.

Dei et heldigvis andre sjøpattedyr og, samt fisk, skilpadder og pingvinar, og det er nok derfor Dagfinn ikkje har ete Magne. Endå.

Bestevennar som likar å klemme.

(Det at spekkhoggarar et andre sjøpattedyr er litt vel aggressivt og maktdemonstrerande etter mitt syn. Kva er vitsen med det? Det er plenty of fish in the sea.)

Akvarium-delfinar er sjølvsagt ikkje slik! Dei er opplært til å vere mest mogleg menneskelege.

Du trur kanskje at Dagfinn heiter Dagfinn fordi han har finne? Det er feil. Dagfinn heiter Dagfinn fordi då han kom til akvariet for mange, mange, Magne (heh) år sidan, så kalla dei han Dolphin. Dei visste at spekkhoggarar er i delfin-slekta. Ikkje verst, hæ? Han eine som jobba med delfinane kunne ikkje engelsk, så han kalla alle delfinane for Dagfinn.

Det viste seg seinare at Dagfinn var hokjønn, men det har ingenting å seie, utanom for levealder.

Magne og Dagfinn blei kjent med kvarandre då begge budde på akvariet. På eit tidspunkt var det for mange selar der, og ein del av dei måtte adopterast vekk. Dermed fekk Britt sel.

Då Dagfinn reiste på besøk til Magne og Britt, sneik Tor seg med. Dette er eit problem for Dagfinn. Uansett kor han skal, prøver Tor å snike seg med. Han krøllar seg rundt den store finnen, og Dagfinn har ikkje så mykje følelse på ryggen, så han merkar ingenting.

Sniking på finne

(Også namnet til Tor har ein litt spesiell bakgrunn. Då han kom til akvariet, trudde alle at han var ein alligator, så dei syntest det var litt morsomt og søtt å kalle han Tor. Han er jo firfisle eller noko sånt, så det er ganske misvisande.)

Magne og Dagfinn møtest ganske sjeldan, men dei har det veldig kjekt kvar gong! Derfor var det litt dumt at Tor skulle snike seg med. Då kom han liksom i vegen for gjenforeninga. Dette førte til at M & D gjorde slemme ting for å prøve å bli kvitt Tor.

Det verste var kanskje at dei prøvde å fryse han ut.

Dei la han rett og slett i ein boks med vatn i frysen. Det er veldig slemt gjort, og Tor vart enormt fortvila, for han sat fast i isklumpen i timesvis. Han måtte smelte i sola. HELDIGVIS var det sol den dagen!

Då Britt oppdaga kva dei hadde gjort, blei ho veldig sint! Ho trua med at Dagfinn ikkje fikk overnatte, at dei ikkje fikk laurdagsgodt, og at ho skulle fryse dei slik at dei fikk føle kor gøy det var å bli utfrosen.

Ho tok fram ein pinne og begynte nesten å slå vilt rundt med den, men då skunda Magne og Dagfinn seg å legge seg på rygg for å beklage. Legge seg flate, liksom. Det forhindra ein god del vold.

Ho roa seg litt ned, og tvinga dei heller til å stå og sjå på at isen rundt Tor smelta. Dei fikk ikkje lov å blunke ein gong.

Så vart alt bra igjen.

Det er jenter sin metode å fryse ut andre jenter når dei vil mobbe, så det er nærliggande å tru at det var Dagfinn som fann på dette grusomme. Den teorien rauk grundig her, for det var Magne sin ide, og Tor er gut.

Dei sendte Tor tilbake til Bergen med bussen. Heile akvariet, både menneske og dyr hadde begynt å uroe seg, så det var bra for alle. Kanskje utanom Tor. Veit ikkje.

Tor er inne i denne bussen, men det går ikkje an å sjå.

Etter at Tor var vekke gjorde M&D mange typiske venneting. Dei gikk på fjellet, festa rundt bålet, brann nesten av seg finnane, tok på seg tøysete auge, bada og sprang i vannspredaren, vart kjende med ein tøyhai frå Tøyen.

No tenker du kanskje: Kor mykje skal ein måtte lese og sjå før ein får innsikt i vennskaps-råda? Eg meiner du må tåle litt lesing og sjåing utan å begynne å syte og klage med ein gong.

Dei svært gode vennskaps-råda du har venta på:

  1. Ikkje et vennane dine! Du kan ete MED dei, då. Null problem. Sørg for å ete variert kost og drikk vatn til måltidet. Det er bra for fordøyelsen.
  2. Det er ikkje lov å fryse ut! Uansett kor irriterande det er at andre artar snik seg med i leiken, så er det ikkje lov med utfrysing. Du må faktisk finne ei anna løysing på “problemet”. Du kan hente ein vaksen og få ho til å sende snikaren med bussen til Bergen. Det er berre eitt av hundrevis av døme. Du kan kanskje komme på nokre sjølv?
  3. Kanskje du føler deg som Tor? Har du lyst å vere med i den kule gjengen, men blir ikkje inkludert? Det kan kjennest vondt å vere utanfor. Men då må du hugse på at den kulaste gjengen ikkje nødvendigvis er dei som er best å vere med. Det er slett ikkje sikkert medlemmene der har dei verkelege gode venne-eigenskapane, jamfør råd om vennskap, del 1.
  4. Dette visste du kanskje ikkje, men du treng ikkje vere med vennar HEILE tida! Det går heilt fint å legge seg i hengekøya heilt aleine og berre nyte livet. (Det er faktisk ein fordel å vere utan vennar når du skal ligge i hengekøye, det blir for klamt og trangt.)

Då er det berre å setje i gang! Inviter ein ven frå Bergen, men ikkje brenn opp finnar og fingrar.

2 kommentarer til “Sel-skap! Magne får besøk frå Bergen”

Kommentarer er stengt.