Hopp til innholdet

Har du valt riktige vennar?

  • 9 min read

Eg har laga eit innlegg om vennskap før, og det burde vere nok.

Men så fikk eg lyst til å lage eitt til, for eg har kome på noko meir som må vere med.

Dessutan har eg nemnt at dersom du skal få eit alvorleg sjukt barn, så må du nesten ha vennar. Eg anbefaler IKKJE å få sjukt barn viss du ikkje har vennar.

Alt dette var berre ein gørrkjedelig intro.

Utval

Ikkje for å skryte, men eg har veldig gode vennar!

Eller. Du kan jo seie at vennane mine er gode, men det er like riktig å seie at EG er god til å plukke ut folk som eg vil ha med meg vidare i livet.

Når du møter nye folk, må du velje om du skal ha dei med deg vidare eller ikkje. (Du treng ikkje bestemme deg same dagen, altså). Det er umogleg å ta med alle, så du må behalde dei med størst potensiale. Og du treng ikkje mange av same sort.

(Med mindre det bryt ut ein pest-pandemi som tar sjukt mange menneskeliv. Då bør du ha dobbelt opp av alt, både barn, vennar og ektefolk! Men prøv å ikkje tenke på det.)

Eg har valt mine vennar med omhug, etter visse kriterium, og eg har hatt fleire testar som dei ikkje veit om. Eg har henta dei fleste testane på tara.no, der eg spesielt har brukt desse: “Kjenner du designerskoene?”, “Hvilken kaffidrikk er du?” og “Har du karisma?”. No røper eg ganske mykje her.

Vennane er i utgangspunktet spesialiserte, men det viser seg gong på gong at alle er brukande til nesten alt. Dei er allround-vennar. Og til saman er dei heilt fantastiske! Eg er serr, altså.

No når livet har slengt meg veggimellom og trakka meg midt i fjeset, har eg verkeleg fått føle kva det betyr å ha vore heilt genial i venne-vala mine.

No kan du stoppe, Liv!

Svakheit i systemet

Det er ein liten svakheit i systemet mitt, og det er at eg har hausta nesten alle dei noverande vennane mine på jobb. Eg orkar ikkje å vere med folk etter jobb, så eg kombinerer jobb og vennskap på dagtid. Eg har vennar som ikkje er lærarar og, men dei ser eg dessverre ikkje så mykje, for då må eg gå ut igjen etter jobb, eller invitere folk heim til meg. Det gidd eg faktisk ikkje.

Avsporing

Dette har eg alltid trudd: For å ha besøk må eg rydde huset, og LIKEVEL lage eit broderi som kan henge i gangen, der det står “Gu, eg beklagar rotet, altså! heheheh…”

Berre for å ha det sagt: Eg beklagar IKKJE rotet! I tillegg beklagar eg ikkje støvet, at eg ikkje har pakka ut alle kassane etter at eg flytta for 1,5 år sidan, at det er tannkrem på speilet, at det er sokkar under senga, at ungane sine ting ligg strødd, at eg ikkje har bretta klede, at det er pastasaus på golvet. Så mitt broderi må vere “EG BEKLAGAR INGENTING! FU”

Broderiet mitt. Eg vil ikkje høyre noko om at det er skeivt og sånn, for det er faktisk ikkje så lett å lage broderimønster utan ruteark!

(Dette prøver eg å innbille meg)

Tilbake på spore, Tore

Den største svakheita i å berre ha kollegaer som vennar, er viss kommunen bestemmer at skulen skal rivast for å bygge idrettshall, men gløymer å gi beskjed på førehand. Då blir alle vennane mine rivne og. Ikkje eg, for eg bur i Haukeland.

“Uuups, glømte visst å seie at skulen skulle rivast…”

Eller at vi er på kollegatur på danskebåten, og så dett alle i sjøen utanom meg.

I begge desse tilfella blir eg vennelaus. Jobblaus og, for så vidt.

Meg som venn

Eg snakka med psykologen om kva i føkkens navn det er som gjer at folk gidd å vere venn med meg. Det var ho som spurte, i form av ein song. Melodien var “Høyt i et tre en kråke satt”

Vel møtt til terapi-time
Sim-terapi-pang-pang-terapi-pling-plong
Vel møtt til terapi hi hi hi


Eg skjønar ikkje kvifor
Sim-terapi-pang-pang-terapi-pling-plong
Eg skjønar ikkje kvifor du har vennar


Du gir jo ingenting
Sim-terapi-pang-pang-terapi-pling-plong
Du gir jo ingenting tilbake


(Utanom litt tull og fjas og mas
Sim-terapi-pang-pang-terapi-pling-plong
litt tull og fjas og mas – pling!)

Ei perfekt vennegruppe

Eg har vore inne på det før: Det går fint an å berre ha ein venn, så sant denne har alle eigenskapane som trengs. Men det er svært sårbart, og eg vil absolutt anbefale å ha fleire. Det kan dessutan vere greitt å ha litt forskjellige fjes å sjå på.

Tenk på dette når du skal velje vennar

Tør du å grine utan å tenke på at du er stygg når du grin?

Det er faktisk kjempevanskeleg!

Tør du å vise dette fjeset til vennen din?

Kan du tulle med alt du vil?

Det er viktig at vennen har humor, han må le av DIN humor. Toler han svulst-humor? Vennar utan svulst-humor kan du kanskje ha viss ungen din har diabetes. Då må dei til gjengjeld tole sukker-humor. Prøv å ikkje få ein unge med både diabetes og kreft, då. Djiz.

Er alle aldersgrupper representert?

Det har du kanskje ikkje tenkt på, men du treng vennar i ulike aldersgrupper. Du treng nokon som kan få deg til å føle deg ung, og nokon som får deg til å føle deg erfaren og klok (ikkje gammal).

Eg har hatt stor suksess med å ha vennar som har blitt tatt for å vere besteforeldre til ungane mine, sjølv om dei f.eks. berre er eitt år eldre enn meg. Hahahahahahahahahaha. Det har gitt meg fleire minutt med glede. Eg har to slike, dei har same namn.

Kan du snakke uanstrengt om pung?

Det er ikkje sånn at eg treng å gå rundt og snakke om pung heile tida. Men pung er ein kroppsdel eg ikkje har, så det er interessant å lære litt om den.

(Andre kroppsdelar eg ikkje har: penis, bittelitt av lillefingeren min fordi eg kom bort i barberhøvelen ved eit uhell, bittelitt av livmorhalsen. Kjem ikkje på meir, så eg er heldig sånn sett.)

Kroppsdelar eg ikkje har.

Eg har opplevd fleire gongar at folk prøver å snakke det vekk når eg tek fram pung-tematikken. Dei seier sånn: “ehehe, eg kan ikkje så masse om pung…” (sjølv om dei har heime).

Av og til treff eg folk eg kan snakke om pung med, utan skam. Det er søren meg ikkje ofte det skjer, men det er veldig befriande. Eg tenker litt at dei ein kan snakke om pung med, kan ein snakke med om heile resten av kroppen og.

Scrotum. Hudfold rett under penis, med rikelig glatt muskulatur.

Pung-vennane må ein ta vare på. Eg har to slike. Den eine har eg hatt ei stund, medan den andre er heilt ny, både som venn og som menneske (ganske ung).

Her skulle eg ha med fleire punkt, men eg fikk ikkje tid

Veldig dårleg planlagt.

Eksempel på venn

Til slutt vil eg vise eit døme på ein av vennane mine. Eg kan ikkje seie namnet, for då kan ho bli stolen (ettertrakta som venn), men ho begynner på H, og namnet rimar på pilde pornobilde. Eg har teikna kva som skjedde første gongen ho besøkte meg i Haukeland.

Her treng eg vel ikkje skrive så masse? Vi sa farvel til kvarandre etter ein lang og intens dag.
“Shit shit shit shit! Eg finn ikkje bilen.”
“Eg veit ikkje mi arme råd, så eg kvilar meg litt i denne stolen i resepsjonen.”
Latar som ingenting.

Mine desidert beste venne-visdomsord

  • Ein bestevenn i ein situasjon er ikkje nødvendigvis den beste vennen i ein anna situasjon. Eg veit ikkje om du merka det, men det var ekstremt klokt sagt.
  • Når du først har funne ein skikkelig bra venn, så MÅ du behalde han. Eller ho, hen, hin, hun. Ikkje tenk at du sikkert finn ein like god venn ved neste behov, for dei må helst vere klare når krisa oppstår.

Det var det for denne gong! Du må kanskje ut og leite etter dei du manglar i samlinga?

(Beklager at eg ikkje vart heilt ferdig, då. Men det var kanskje greitt for dei med dårleg tid.)