Hopp til innholdet

Livet mellom MR

  • 6 min read

Eg håper du har merka at eg har hatt ferie frå skrivinga. Elles må du nesten følge betre med.

Grunnen er at eg har øvd meg på å få meir avansert språk, sånn som vaksne har:

Med utgangspunkt i en faktabasert kunnskapsflyt kommuniseres incentiver innenfor rammen av et forhåndsdefinert læringsutbytte. Din dumme bæsj.

Neida

Eg har vore opptatt med å bygge ting. Du hugsar vel at eg skulle bygge platting? Men så måtte eg bygge stolar og flaskehaldarar, og akkurat i det eg skulle til å starte på plattingen, så fann eg ut at eg mangla bord til å ha flaskehaldarane på! Så eg måtte bygge det.

Til slutt fekk eg endeleg begynt, men då måtte eg ha pause. Broren min kom heilt frå byen for å hjelpe til. Med pausane.

Byfolk er heilt supre folk, men å velje arbeidsklede, det kan dei kanskje øve meir på. Merk deg bordet.

Neida

Eg har vore opptatt med å feire kvart einaste lille framsteg Jone har hatt. Det er ganske mange i det siste, så livet er ein fest.

Han har så vidt begynt å nærme seg andre barn. (Sandkassa var ei gåve som blei overlevert saman med spleis-pengane. Super-populær skute! Takk igjen.)
Han har så mykje hår at han må samle det i ein flosshatt. Mat på gensaren viser at han har begynt å ete.
Dette er IKKJE snikskryt av at han kan å skrive, det er berre håret eg skal vise fram. Pluss at det var sol.
Her er han på skogstur med vennen sin. Skikkelig chill.

Skal livet rakne og rase snart?

Det er noko skummelt som held på å skje, og det finst tusen millionar bilete på det.

I november skreiv eg om korleis eg heldt meg levande. No las eg det på nytt for å hugse korleis det var: Umoglege små ting. OK+ innlegg, faktisk.

Er det på tide å ta ned guarden? Eg har aldri boksa før, men det er eit perfekt bilete! “Det er det øyeblikket den ene bokseren senker hendene han holder opp foran ansiktet sitt, og dermed blotter seg for motstanderen. Det er lett å bli nonchalant, overmodig og tenke at vi er trygge. Det er for tidlig.” (www.ht.no)

Eg har vore så heldig å ha gjesteteiknaren Kine igjen! Ho har brukt ein ny teknikk som ho ikkje har prøvd før. Dette skal illustrere at eg har tatt ned guarden, og konsekvensen av det.

Skjønar? Perfekt bilete. Livet er så sjuuuukt skummelt.

Og så kan eg snakke om symjing med hovudet over vatnet.

Limet som går opp. Karbonmonoksidforgifting. Bobla som sprekk.

Berg-og-dalbane

Men her er det beste. Du veit når du tek berg-og-dalbane, og toget blir dratt saaaaaaakte opp bakken, og du gruar og gledar deg til du skal utfor bakken?

Eg haaaaaaaaaaaaaaaatar karusellar og berg-og-dalbaner! Hate hate hate! HATE.

No har eg slept meg opp bakken, og eg føler det er like før toget skal utfor. Eg har lyst å hoppe av, men det er ingen god ide. Då slår eg meg i hel. Så eg må blir med ned bakken. Den angsten gir meg ikkje glede. Det er ALTFOR tidleg.

Dette er veldig fake smile. Du trur det kanskje ikkje, men det er faktisk photoshop.

Hinder i tissen

Eg kjenner på ein lettelse som er livsfarleg. Eg må ikkje bli for letta, det kan slå meg i bakken ved første hinder. Eg kjem til å prøve å hoppe over hinderet som ein kjempeflink hest, men så landar eg med ein fot på kvar side og får dritvondt i ballane.

Her er meg som flink hest. Dette smilet er IKKJE fake, for det er rett før eg slår meg i ballane.

Eg lurte deg, eg har ikkje fått ballar. Likevel kan det vere vondt å få eit hinder i tissen.

Nok om tissen.

Verda di og verda mi

Eg har begynt å merke skilnaden på livet mitt og livet ditt. Du tenker kanskje at eg er idiot som ikkje har merka det før. Men det er eg ikkje, for eg har budd på sjukehus der alle har sjuke ungar. Heime er det så mykje som er ulikt.

Det er veldig stor skilnad på kor vi er kome. Eg merkar at folk rundt meg er ferdige med sjukt barn no. Alle er i mål, medan eg berre står der, heilt døv i øyrene av smellet frå startpikkstolen. Desorientert.

Eg må møte deg i di verd, ikkje du i mi. Og eg passar ikkje inn lenger.

Og korleis eg skal komme meg tilbake i uniform levemåte, det har eg ikkje peilig på! Vi må jo liksom leve i same verd i same tid.

Her eg meg og bybroren min i uniform. Eg er faktisk ikkje heilt sikker på om eg VIL tilbake hit…

Framtid? WTF?

Folk spør meg kor tid eg skal begynne å jobbe igjen. Det er så fjernt!

Korleis skal eg kunne bruke hjernen min igjen? Korleis skal eg kunne leie ei gruppe fjortenåringar gjennom ein heil dag? Korleis skal eg kunne halde ut lyden i musikktimen? Kva om eg får kvadratrota av eit negativt tal i mattetimen? Tenk om tissen-humoren har forsvunne? Tenk om eg sluttar å kalle grafen til ein lineær funksjon med positivt stigningstal for ein tiss som peikar oppover? Tenk om dei ikkje likar meg lenger?

Før i tida. Full kontroll.

Når nokon spør meg om framtida, så tenker eg berre på neste MR. Det er det neste som skal skje i livet mitt, i september. I mellomtida berre kosar vi oss med framskritt. Og andre skritt. Neidaaaaaaaa!

Puh for at tissen-humoren ikkje er vekke!

8 kommentarer til “Livet mellom MR”

  1. Kjenner meg veldig igjen. Er så redd for å «jinxe» det at han virker frisk nå. Ny kontroll rett etter skolestart for oss. Krysser fingre og tær for oss alle ❤️ Stat strong, virkeligheten kan komme når du har landet helt. Inntil videre; gled deg over framskrittene til J. Det er heltidsjobb nok det etter det vi har vært gjennom

    1. Takk for melding, det er heldigvis ikkje mange som kan kjenne seg igjen ❤️ Mykje lykke til på kontroll!

  2. Forferdeleg og fantastisk å lese. Lukke til – livet vert aldri slik det var, men det kan bli bra likevel❤️

Kommentarer er stengt.