Hopp til innholdet

Kontrolla

  • 8 min read

(Eg tenker at eg ikkje treng å spesifisere at overskrifta er eit ordspel på kontroll og korona)

Dette innlegget er litt annleis. Norge har faktisk ikkje opplevd eit slikt innlegg i fredstid.

Det skulle vore eit innlegg om kor lyst eg har til å ha kontroll, men så likna ordet kontroll såpass mykje på korona at eg begynte å spore veldig av.

Korona, vel!

Så fann eg ut at korona godt kan vere med i eit innlegg om mangel på kortroll, for det er jo eit perfekt eksempel på noko som er ute av kontroll.

Kontrollbehov

Alle har det, men i ulike grad. Eg har alltid hatt det ganske sterkt, men ikkje heilt psykopatisk. Det er mitt eige eg vil ha kontroll på, eg har ikkje behov for å kontrollere andre. Ikkje Andrè heller.

I mangel på relevante bilete fann eg eit tilfeldig av ein mann som heiter Andrè.
Denne veka har eg gjesteteiknar! Ho heiter Kine, og er kjempeflink. Berre vent til du ser teikning av Jahn Teigen lenger nede i teksten. Her er hennar teikne-kopi av biletet av Andrè.

Eg likar rutiner, faste tider, og at ting går som planlagt. Eg likar ikkje forandringar. Halv-bra er betre enn nytt. Alt eg ikkje kan kontrollere gir meg uro og ubehag.

Tap av kontroll

Så skulle eg skrive om den harde utfordringa det var at eg mista absolutt all kontroll ved å få sjuk unge og bu på sjukehus.

Absolutt alt! Ingenting gjaldt lenger. Alt eg trudde om livet mitt var feil.

Ekstra-service til dei som berre forstår ting som er forklart gjennom kjemi-analogiar:

Liksom eg har samla opp oksygengass i ei flaske. Og så er liksom oksygenmolekyla delane av livet mitt. Så hamna vi på sjukehus, og det betyr at flaska knuste. Er du med? Så skulle eg prøve å halde styr på molekyla.

OMG! Haukeland er dritstort, og molekyla fauk fritt omkring. Så spalta nokre seg sånn at frie oksygenatom bandt seg til oksygenmolekyl. Alle hugsar vel frå naturfagen kva som skjer då? Det blir danna OZON! O er kjedelig, O2 er supert, O3 er giftig.

Sånn. Skjønar du no?

Ozon: Bra som lag, drittdårleg som gass i menneskelunger.

(Kjemivennane mine kan berre drite i at denne modellen ikkje held mål. Hørt om språklege bilete, eller?)

Korona

Eg har alltid vore så heldig å sleppe unna influensa. Vi har vel slått fast at det er derfor eg ikkje fekk vere med på Vuxen-awards. Vixen? Men uansett bank i bordet.

Eg har aldri hatt grunn til å frykte influensa, anna enn at eg synest det er vondt med feber. Men eg har heller aldri hatt immunsupprimert unge før!

Så no slit eg veldig med å ikkje ha kontroll over kva andre gjer. Har eg blitt psykopat?

Alvor

Det er alvor no. Når noko har kome til Sogn og Fjordane, då er det alvor. (Sogn og Fjordane er noko som fanst i 2019, til informasjon for dei som ikkje følgte med/var født.) Vi slepp liksom unna ein del ting her.

Sogn og Fjordane er det oransje.

Den største avsporinga i fredstid

Eg beklager på førehand.

På 80-talet var eg livredd for to ting. Ja, eg veit det er heilt utruleg, men eg var faktisk både 3 år og 12 år på 80-talet. Hæææææææ? Korleis er det mogleg?

Eg var redd på ekte for atomkrig og aids. Og alle andre ting på A. Aerobic, arbeidskar, atmosfæretrykk, augehole. Neida, berre atomkrig og aids.

Atomkrig

Ikkje småtteri, altså. Men det var jo litt begrunna frykt, då. Den kalde krigen og alt det der.

Jahn Teigen (signe minnet) skreiv songar om den kalde krigen, og eg hugsar framleis dette utanåt:

Vind fra øst har blitt mildere i år
Kan vi tro at det er sant?
Bla bla bla, huskasje.

Kan vi tro at glasnost
Ikke er et spill, men
Noe vi kan tro på
Noe som er fint

Eg hugsar ikkje resten, det får vere måte på kva ein skal hugse.

Jahn Teigen! Alle mine gjesteteiknarar får to forsøk når dei skal teikne. Du hugsar vel at det var to Andrè?

Aids

Og så var det aids.

Eg fekk lære at det smitta gjennom blod og sæd, men eg meinte sjølv at eg kunne bli smitta berre ved å leve.

I 1985 hadde eg ikkje fått mensen ein gong, så blod var heilt ukjent for meg. Eg trur ikkje eg visste så mykje om sæd heller. Og dette var jo leeeeeeenge før eg visste kva homofili var, og eg kunne ikkje vite om eg skulle bli mannleg eller kvinneleg homo. Eller hetero. (Aids var visst mest vanleg blant homofile menn.)

Blod og sæd?

Homofili var ikkje kome til Sogn og Fjordane.

Og no kom eg på poenget med avsporinga: Eg hugsar då aids kom til Sogn og Fjordane! Då vart krisa heilt reell for meg. Det var ein person i fylket som hadde sjukdomen, og det var grunn nok for meg til at eg kom til å dø av aids. Kanskje ein vart homofil av å ha aids og? Det trur eg.

80-talet. Du ser det kanskje ikkje så godt, men eg var livredd for atomkrig og aids.

Korona i Sunnfjord

Derfor er det no alvorleg for meg at korona har kome til Sunnfjord. Eg er veldig oppteken av å ikkje få det i hus.

Eg har jo skrytt av den imponerande intimsona eg har fått av å bu på sjukehus, men no er den tilbakekalla. Eg går tilbake til 1 km. Nokre stader er det vanskeleg, til og med i Jølster.

Intimsona mi.

Her er historia om intimsona: Betre av kreft.

Vi er for det meste inne i huset, men når vi må på sjukehus for å ta blodprøver er det drittvanskeleg. Eg jobbar for å komme meg frå parkeringsplassen til barneavdelinga utan å få korona på vegen, og det er litt av eit prosjekt.

Eg spritar meg kontinuerleg, har hengt opp sprit-drypp på det der stativet til Jone. Eg går sikksakk bortover gongen, og held pusten når eg passerer folk. Heilt sant!

Eg trykker på heisknappen med kneet, for eg synest albogen er for nær munnen. (Her var den opphavlege vitsen at eg trykker med ein del av tissen, men eg er ikkje blitt tøff nok endå til å bruke sånne vitsar.)

Det er ikkje min feil

Men kva hjelper alle tiltaka mine dersom andre infiserte går rundt og spradar? Det er der du kjem inn. Slutt å sprad! Gå vekk!

Jone er ikkje nøytropenis eller dei tinga der akkurat no, men alle skjønar jo at han ikkje bør ha korona.

Han her kjem jo ikkje til å kle korona!

Og dette har eg ikkje kontroll over! Buhuuu. No er det nesten sånn at eg gledar meg til å vere på isolat igjen frå neste veke, for der er eg trygg.

Sutre

Og ein ting til: Dersom eg høyrer ein einaste sutr for å måtte vere isolert, så klikkar det for meg. Eller ikkje klikkar, då, men eg blir kanskje litt irritert.

Ikkje for å klage, men vi var nettopp isolert fem veker på Haukeland. Eg sutra nesten ingenting. Ikkje Jone heller.

Beklager å vere så brutal, men dersom ungen min overlever kreft, for så å dø av influensa, DÅ klikkar eg på ekte!

Eit lite familiebilde skadar vel ikkje heilt på tampen?

7 kommentarer til “Kontrolla”

  1. 20.000 i bot til den som bryt karantene og anna forhåndsregler, men verst av alt ->bank av meg! Han skal komme seg gjennom dette óg ❤

  2. Eg har tenkt på dåke i denne tida! Nåde dei som ikkje tar all informasjon Og alle direktiver om corona på alvor!

Kommentarer er stengt.