Hopp til innholdet

Kva har blitt betre av å ha son med kreft?

  • 8 min read

Førre innlegg (Eg gidd ikkje meir!) var ok. Det blei godt mottatt, men det er eit par ting eg ikkje er heilt nøgd med.

For det første posta eg det på dag 97. Det perfekte hadde vore dag 100. Ingen tvil om det.

For det andre verka det som om eg er misfornøgd med ALT, og det er eg ikkje. Eg er svært takksam for veldig mykje. (Så mykje at eg har materiale til endå eit innlegg, faktisk.)

2019

La oss berre slå fast: 2019 har vore det verste året i livet mitt!

Unntatt det året eg var kvinne i Afghanistan.

Tulla! Dette er verre enn det og.

Tulla! Eg har ikkje vore i Afghanistan, berre kvinne. Og det har gått heilt greitt.

Bortsett frå at eg ikkje har vore mann, då. Då hadde alt vore høgare: kroppen, respekten, lønna. Nei, kva skjedde no? Feminisme? WTF? Visketasten min er vekke, så det får berre bli ståande. Beklager, altså.

Feminisme har ingenting å gjere i ein humorblogg!
Feminisme har ingenting å gjere i ein humorblogg!

2020

Eg ser faktisk føre meg at 2020 blir endå verre.

Estetisk sett er 2020 mykje betre enn 2019. På høgde med 2002, men ikkje i nærleiken av 1001!

Men når det gjeld innhald og påkjenningar, så trur eg 20 blir verre enn 19. Det er like greitt å forvente det verste.

Likevel må eg peike på ting eg har blitt flinkare til av å ha son med hjernekreft. Eg er så sjukt positiv av og til.

Advarsel: Eg vel frisk son framfor ALLE desse positive tinga! Men no når eg ikkje har noko val, så får eg vel omfamne det positive. Bla bla bla.

Friske ungar! (Trudde eg)

Ting eg har blitt betre til!

Bruke emojis

Her hadde eg mykje å lære, og eg føler meg meir og meir komfortabel med det.

Mine seks mest brukte emojis. Eg føler egentlig ikkje eg har brukt føkkefing så masse, men lista over mest brukte lyg ikkje!

Sidan eg vaks opp i ei tid der rettskriving og riktig teiknsetjing vart sett på som viktige kunnskapar for å vere eit danna menneske, så har eg hatt veldig vanskeleg for å tilpasse meg det nye, merkelege språket, der punktum betyr at du er sur og ropeteikn betyr sint. Eg er ikkje sur. Eg er ikkje sint!

Eg jobbar med saken, og eg har sett nytten av emojis i det siste. Når eg sender ut oppdatering via snapchat, til dømes, så får eg kanskje 45 svar. Eg blir så sliten i tomlane av å svare at eg har lært meg å svare med hjarte og kyssemunn som spyttar ut hjarte. Og vanleg smil. Dei er fine å ha for å lette litt på stemninga. Så slepp folk å bli deprimerte av min situasjon.

Eg har ikkje visst om denne kreft-emojien. Fann den no.

Vere intim

Hei, hei, hei! No må ikkje fantasien din ta heilt av her. Eg snakkar ikkje om sånn intimitet som du tenker på! Djiz.

Venne-intimitet.

Før denne idiotiske livserfaringa hadde eg ei intimsone på 1 km, og det føltes litt tett og klamt å bu i byggefelt. Men du må anten bu i byggefelt eller på gard der eg kjem frå. Eg kunne aldri drive ein gard!

Eg kan bittelitt om jordsmonn, men eg følgte dårleg med i jordsmonn-timane på gymnaset, så eg hadde nok planta feil plante til feil tid i feil jordsmonn. Gjødsel kan eg ingenting om. Eg er redd alle dyr og innsekt, redd for å bli klissete og skitten på hendene, og eg er redd for å ta i eit tak. Så det måtte bli byggefelt. Opp med handa alle som synest dette var ei avsporing.

Poenget. Eg tar nesten initiativ til klemz. Og eg flyttar meg ikkje når folk set seg for nær meg. Grunnen til denne utviklinga er sjølvsagt at eg har hatt mykje vennebesøk i Spurveland, og til og med heime! Kva anna skal ein gjere enn å klemme? Skal ein liksom snakke vekk problema? Då er det betre å klemme dei vekk. Skvise dei. Fuck the pain away. Neida, no tenkte du grisete igjen.

Lår mot lår fordi eg IKKJE flytta meg.

I tillegg er det det at eg ikkje har vore aleine sidan midten av september. Privatliv er det heilt slutt på. Eg som var introvert einstøing! Mimre mimre. Lol.

Konklusjonen er at intimsona mi er under 0,1% av det den var. Eg vil seie 0,075%. Ca.

Intimsone før og no.

Svare ja på invitasjonar

Dette høyrer til punktet over, eigentleg. Det er ikkje noko poeng å seie nei lenger, eg får jo ikkje vere aleine uansett. Då kan eg like godt gå på fest.

Utsetje ting

Her var eg kjempegod frå før, men no har eg perfeksjonert det. Eg gjer INGENTING straks! Uansett kva det er.

Nurse1: Du må gi sondemat og skifte bleie. (Eg kjem på det sjølv og, altså, det er ikkje SÅ dårleg stilt med meg.)

Jone: Du må hente mat til meg! Eg skal ikkje ete den, berre sjå og knipe på den, men eg må ha den med ein gong!

Sosionomen: Du må søke nav om ditt og datt.

Psykologen: Du må grine.

Vennane: Du må seie frå om det er noko eg kan gjere.

Eg 1: Ja, berre vent litt.

Eg 2: Ja. (Medan eg tenker: nei, eller hysj!)

Ny kunnskap

Eg har lært mange nye ord sett på prosedyrer. Det er sniksjukepleiarifisering.

Døme: Medullablastom (har ingeting med ull å gjere), Hickman, Ommaya, immunsupprimert, erytrocyttar, leukocyttar (har ingenting med lauk å gjere), trombocyttar, nøytrofile (har ingenting med homofile å gjere, eller nesten ingenting), nøytropen (har ingeting med pen å gjere, eller penis), namn på hundre millionar cytostatika. Neida, ikkje så mange.

Namn på medisinar. Det blir for mykje å skrive + gørr.

Enklare å vaske håret

Til Jone.

Fremst i køen

Ved å ha kreftsjuk unge kjem du langt fram i influensavaksinekøen. No er ikkje dette ei kø eg pleier å stå i til vanleg, men veldig fint når eg først måtte, at eg slapp å ligge i sovepose utanfor legekontoret i fleire netter. I vaksinekø.

Vaksine-emoji. No begynner eg å bli lat med illustrasjonane, altså!

Flinkare å dokumentere

Eg er blitt marginalt flinkare til å dokumentere livet mitt. Her har eg same problem som med emojisane, det er ikkje blitt ein del av ryggmargsrefleksen min å ta bilde av alt som skjer. Eg synest det er flaut å ta bilde. Men også dette jobbar eg med.

Dokumentasjon: Han har tatt narkose og operert. Mange gongar, men berre eitt bilde som bevis.
Dokumentasjon: Han er like god som ein kameleon til å gøyme seg. Han gøymer seg ofte, men berre på eitt bilde.
Dokumentasjon: Han er ikkje ALLTID superglad, sjølv om han er det på dei fleste bilda.

Den aller største dokumentasjons-tabben min er at eg ikkje fekk tatt bilde då eg hadde spinalvæska til sonen min på armen. Og den andre gongen då eg hadde litt på haka. Eg har vitner, men dei har jo taushetsplikt. Det er heilt sant, altså!

Ikkje dokumentasjon: Dette er berre vatn, men det må ha sett omtrent sånn ut.

Godt nyttår, då!

Eg har endå meir å vere takksam for, men det får då vere måte på lengde på blogginnlegg!

10 kommentarer til “Kva har blitt betre av å ha son med kreft?”

  1. Lykke til med all vidare behandling og på veien vidare til å bli frisk!❤️(Dei som er sjuke, spesielt dei som er små, får alltid hjerte-emoji! Den gir eigentleg ikkje berre kjærleik men også støtte og så mykje meir!)

    1. Hei Lillian ❤Håper inderleg det går bra med Jone . Heftige saker de må igjennom. Klem, klem og klem 😘.

Kommentarer er stengt.