Hopp til innholdet

60 dagar på sjukehus!

  • 7 min read

Dette innlegget begynte eg på for 9 dagar sidan, så det er litt misvisande tittel no. 69 dagar.

Hehehehehiiiiiehhehehehehhheeheeheheeheheeheheheeheh!!! (du må førestille deg sånn rar, anstrengt lyd)

Dette var uttrykk for kjensla eg fekk då vi fekk reise heim på 60 dagars-jubileet vårt.

FØR 60 dagar på sjukehus.
ETTER 60 dagar på sjukehus.

Her hadde det passa med litt fakta om talet 60, men det er jo nesten ingenting interessant ved det! Anna enn at du kan skrive sexti, som er nesten sexy.

60 illustrert.

Eg hadde tenkt å lage eit langt og herleg innlegg om alle tinga eg elskar og hatar ved å bu på sjukehus, gjerne med 60 ulike punkt, eitt for kvar dag. Men det vart ein sånn voldsom overgang å komme heim at eg i staden blei heilt lam i tastaturet. Eg fekk ME i hendene. (Eg veit det ikkje er lov å tulle med hender, men eg måtte berre. Beklager GYRID OG EMILIE!). Det er umulig å konsentrere seg.

Eg antar det er heilt likt med å komme ut frå fengsel. Eg har sett mange gongar på film at det er drittvanskeleg. Dei berre står der heilt tafatte utanfor porten. Alt det dei kjenner og føler seg trygg på, pluss det sosiale nettverket, blir att inne i fengselet. Dette baserer eg sjølvsagt kun på gjetting og fordommar, som med veldig mykje anna eg uttaler meg om.

Akkurat kome ut frå fengsel.

Så då må eg nøye meg med å trekke fram nokre få punkt om kva som er bra og kva som er dritt med sjukehus, samt lage nokre vitsar med ord som begynner på H.

Haukeplong

Ulemper

Alle berre: Sei to ting du verkeleg ikkje likar med å bu på sjukehus, då.

Eg liksom: Eg saknar berre to ting i Føkkeland: Fridom og kontroll. Hahaha, der var eg lur! Valte to ting som rommar alt anna.

(Eg kunne tatt med at eg hatar å ha sjuk unge, men det føler eg er så innlysande at ein må ha veldig låg IQ for å ikkje forstå det.)

Dette er veldig utfordrande for meg:

  • Eg må spørre om lov til alt, og er prisgitt andre for å få gjere noko som helst.
  • Eg må berre vente og sjå. Eg veit ikkje kor lang tid ting tar, eg veit ikkje kor tid eg får svar, ingen svar er heilt pålitelege. Alt er kanskje eller får sjå.
  • Eg har ikkje kontroll på noko som føkkings helst!
  • Eg får ikkje velje kven eg skal vere med, eg må ta den omgangskrinsen som blir utdelt.

(Her må det seiast at eg har fått utdelt VELDIG GOD omgangskrins, altså! Eg prøver ikkje å klage på dei som jobbar i Falkeland. Når ein er mor til eit barn med ein absurd stor hjernesvulst, så er ein ganske sårbar. Like sårbar som rett etter ein fødsel. Nei, meir sårbar, men mindre sår i tissen.

Sårbar. Sårbarlund. Hehe.

Real life drama!

Holdt på å glømme barnet! Barna er også sårbare når dei har svære svulstar. Poenget er at på slike vanvittige punkt i livet, så er nurses veldig veldig veldig veldig veldig viktige. Og vi har vore heldige. Gi dei meir lønn og betre arbeidstid! Kåmmaan!)

Fordelar

  • Trygghet. Eg har følt meg heilt fullstendig trygg! Altså, eg har jo angst og alt det der, men eg har heile tida følt at sonen min er i trygge hender. Eg kunne ikkje vore på ein betre plass når livet først skulle vere så jævlig. Beklagar ikkje språket.
  • Eg slepp å tenke, eg får beskjed om kva eg skal gjere.
  • Nokon andre lagar middag til meg.
  • Eg kan sove midt på dagen utan å bekymre meg for kva sonen kan finne på.

Heime

Ulemper

Alle berre: Det må jammen vere deilig å komme heim!

Eg berre: Ja, jo, det er kjempedeilig. Pluss slitsomt.

Det ER supergodt å komme heim, men fytti fåkken kor merkbart (merkbarlund, hehe) det er at eg ikkje har med meg nurses.

Døme: Eg har festa sondematen på ei lampe, og heile første natta låg eg og drog i lampeledningen fordi det peip i pumpa. Eg trudde det var sånn rød ledning. I staden for å få nurse på rommet, fekk eg lampe i senga.

Tidlegare lampe, no stativ til sondemat.

Eg må gjere alt sjølv. Du tenker kanskje at eg har blitt veldig lat. Det er litt av sanninga (bortsett frå “blitt”, eg har vore det frå før og), men eg har dessverre brukt opp alle kreftene på å ta ein dag om gongen, leve i riktig tid, vente og sjå, håpe. Så å gjere sjukepleiar-oppgåver, spesielt om natta, er hardt.

Fordelar

Igjen: Eg reknar med det er heilt unødvendig å skrive at det er godt å vere med dottera mi.

  • Bilen min. Eg er ikkje opptatt av bil, berre alt den set meg i stand til. Berre køyre avgarde med vind i håret. Frå vifta, då.
  • Morgonane med kaffi og ro. Alle sit framfor kvar sin skjerm og er heilt stille. SÅ først startar dagen.
  • Det morgonen ALDRI startar med heime: At nokon bråkar seg inn på soverommet før ein er våken og seier med høg stemme at vi må trille avgarde med hjul-senga til narkose, MR, CT, operasjon.
Eg må berre beklage teiknenivået, altså, men no har eg ikkje teikna på PC på over 60 dagar!
  • Heilt vanlege ting, som å klippe hekken.
  • Lage middag. Neeeeeeiiiiddaaaa, kødda!

Vitsar på H

Hår

Eg stod på badet på sjukehusrommet og barberte håret fordi eg ville vere som dei andre på avdelinga. Så kom nurse inn og sa: “Det er berre dei med kreft som treng å barbere hovudet.” Eg vart dermed ikkje ferdig med klippen, men var heldigvis kome like langt på begge sider!

Kunne kanskje sagt det litt før?

Hanske

Dette har eg tenkt og tenkt og tenkt på. Hugsar du den gongen eg påstod at gummihansken var fem nødkondomar for dei med medium til liten tiss? Her kan du lese det: Kondomar. Eg skulle jo sagt at det var nødkondom for lesbiske! Det hadde vore ein mykje betre vits.

Hahahaha.

Kreftkortet

Til slutt vil eg seie noko om korleis det har gått å bruke kreftkortet i daglegdagse situasjonar.

Ulovleg parkering

Gikk heilt fint!

Kreftkort = parkeringskort!

Å komme seg unna stemming av instrument

Funka ikkje! Ho venninna mi som rimar på pilde pornobilde sa: “Sjølv om du har kreftkort, så må du stemme bassen din!”. Eg blei drittkrenka.

Krenka!

8 kommentarer til “60 dagar på sjukehus!”

  1. Eg trur det er ganske likt som å vere i fengsel, faktisk. Ulempene med å bu 60 dagar i Haukeland = ulempene med å vere i fengsel. Og den kjensla når ein kjem ut (ikkje for meg som jobbar der då, eg kjem jo ut kvar dag. Men for dei som bur der. I fem år, liksom.)

Kommentarer er stengt.