Hopp til innholdet

Friluftsliv i Haukeland

  • 8 min read

Her har eg samla nokre turtips i nærområdet til Haukeland. I same slengen kjem eg med litt gjenbruks- og motetips. Turklede-mote.

(Når du lurer på kva anna du kan gjere på, kan du lese: “Hva kan man gjøre på i Haukeland?“)

Turklede

Eg startar med kleda, sidan det er naturleg å kle på seg før ein går.

Eitt av problema med å hamne på sjukehus litt overraskande, er at du ikkje klarer å tenke eller pakke rasjonelt. Du har dårleg tid, panikk, angst, panikkangst, og du veit ikkje kor lenge du skal vere vekke. Turklede er liksom det siste du tenker på! Det er heller ikkje så lett å tenke på kva du treng om to månader.

Då har du plutselig med deg klede som passar til ambulansetur i akkurat det veret det er den dagen du reiser.

Då må du vere løysingsorientert, og ta det du har tilgjengeleg.

Vottar

Vottar hadde eg sjølvsagt ikkje pakka. Det løyste eg lett med å putte kompressar nedi gummihanskar. Det treng ikkje vere vanskelegare. Vanntette, litt varme vottar.

Utstyret. Du berre stappar kompressane godt nedi hanskane.
Varme og deilige vottar, eller?

Lue

Eg er lue-person, sommar og vinter. Då er det lett å skjøne kor fortvilande det er for meg at eg ikkje pakka lue. No treng eg ikkje vere lei meg lenger. Eg har laga ei fin og moteriktig lue av den bikinien eg brukte i eit anna innlegg. Det fungerer utmerkt!

Bikini til lue.
Frå ein bittelitt anna vinkel, med eit litt anna ansiktsuttrykk.

Jakke og bukse

Du kan sjølvsagt gå tur i dei heilt vanlege kleda du hadde med. Problemet med det er berre at du helst vil unngå å få svettelukt på dei, sidan vaskemoglegheitene er litt begrensa. Derfor er det beste å ha eigne klede til “trening”.

Det kan vere ei litt vrien utfordring å finne treningsklede, men du må berre satse på at nokon gløymer igjen kleda på rommet ditt på eit tidspunkt. Det har heldigvis skjedd med meg, og eg går tur i den drakta du ser på biletet.

Treningsdrakt.
Sånn ser eg ut når eg ventar på bussen.

Drikkeflaske

Det er lett å gløyme til og med når du IKKJE skal på sjukehus! Det gjer ingenting. Berre ta med nokre sprøyter med vatn eller saft i. Ps: Det er lurt å ha sonde.

“Drikkeflasker”

Turane

Turane er ganske korte, og det er fleire grunnar til det.

Utgangspunktet var at eg måtte ha turalternativ når nokon sa “ta deg ein liten tur, eg kan sitte her i 15 minutt, null stress”. Då følte eg veldig på at den måtte vere liten, spesielt viss det var sjukepleiar-barnevakt. Du risikerer ikkje akkurat at sjuke barn døyr på naborommet, men dei får i alle fall ikkje medisin og trøst og sånn.

Så må turane passe for folk med muskelsvinn, fordi det kan lett oppstå når du sit i ein stol store delar av dagen, i mange, mange dagar. Musklane må ikkje ha forsvunne heilt, sjølvsagt, for det er vanskeleg å bruke kort tid når du må slepe deg sjølv bortover asfalten.

Meg med muskelsvinn i beina. Eg må seie at eg godt kan øve meir på å teikne den statuen der.

Dei siste dagane har eg kunna ta med ungen i vogn, for vi har klipt av alle slangane. Han var uansett begynt å bli for gammal til navlestreng. Neeeeiiiidaaaa, den er klipt for mange månader sidan! Lurte deg!

Tur 1: Berre rundt ho kvinna som held barnet opp i lufta

Denne turen passar for dei som absolutt ikkje likar å gå tur. Den tar kanskje 30 sekund å gå. Du kan legge inn stopp for å sjå på statue-dama, eller du kan sjå på den medan du går. Frå alle kantar, liksom.

Berre rundt ho dama.
Eg har tatt bilde av ho, så du treng eigentleg ikkje stoppe for å sjå.

Det er ingen moglegheiter for shopping på denne turen, så kortet kan ligge igjen på hotellrommet. Oioioi, der skreiv eg feil, gitt. Eg meinte sjukehusrommet.

Veldig kjedelig tur. Kanskje den beste for dei med total muskelsvinn.

Tur 2: Bort til Rema

Eg må seie det er litt tøysete av google maps å foreslå den grå ruta. Det blir jo berre stress.

Denne turen passar for dei som likar bråk, uferdige bygningar og døde folk på gravplassar. Nesten alle, altså.

Døde folk.

(Apropos det, er det humor eller berre praktisk at verdens største gravplass ligg rett ved sida av verdens største sjukehus?)

Det er tusen heisekranar og maskiner, og veldig mykje bråk frå vegen, så du må bruke ropestemme viss du går saman med nokon og har lyst å snakke. Det har jo ikkje eg, så det er ikkje mitt problem.

Tusen heisekranar. Cirka.
Drittdumt at Rema er stengt når du endeleg er framme!

Tur 3: Til Kiwi.

Denne turen passar for dei som likar litt roligare veg, kyrkjer og grusom lukt frå vaskeri. Eg veit at nokon likar det. Du kan ta med deg ein venn, for det er ikkje noko problem å snakke vanleg her.

Vaskeri med kvalmande lukt. Flaks at dei tilsette ikkje luktar sånn, for då kunne dei ikkje hatt cellegiftige pasientar.

Dersom du har problem med tissen eller livmora og er kvinne, så ligg kvinneklinikken på vegen. Det kan jo vere greitt å vite.

Kyrkje.

Tur 4: Til den styggaste plassen på jord

Danmarksplass.

Danmark er så fint, splass er så stygt.

Stygt, ikkje sant?

Denne turen passar spesielt godt for dei som likar kjedelige turar. Det er ingenting å sjå på, anna enn eit veldig spesielt tre vi gikk forbi. Eg skulle ta bilde, men fikk ikkje fram det spesielle, og då tenkte eg det var betre å la vere. Kven ønskar seg eit bilde av eit heilt vanleg tre, liksom? Haha.

Eg tok ikkje bilde frå sjølve turen, men dette frå rommet viser starten.

Turen er litt lenger enn dei andre, men eg glømte å ta tida. Det ville uansett blitt litt misvisande, sidan eg stoppar kvar gong eg tar ein slurk av kaffien. Eg tør ikkje å drikke medan eg går, for då kan eg brenne meg og/eller søle.

Til slutt vil eg nemne nokre ord som begynner på BAR, sånn som etternamna våre. Då kan vi sjå om det er ein mystisk samanheng ute og går (på tur, hahahahahahahahahah!)

  • BARnekreft
  • BARack Obama
  • BARbie
  • BARtender
  • BARt Simpson
  • BARyton
  • BARutstyr
  • BARista
  • BARometer
  • BARstol
  • BARskap
  • BARskog
  • BARsel
  • BARfot
  • BARkrakk
  • BARkebille
  • BARlind
  • BARcelona
  • BARbermaskin
  • BARmhjertighet.
  • Det får holde. Eg føler det er ein del hint her om at eg burde begynne å drikke, men det kjem ikkje til å skje. Elles er det ganske frekt at barnekreft begynner med bar.

(Då eg laga denne lista las eg litt om barkebiller. Det var interessant! Dei har eit variert og interessant kjønnsliv.)

Barkebille.

10 kommentarer til “Friluftsliv i Haukeland”

  1. Eg trur me har budd på samme rom, for eg kjenner igjen utsikten.. Me prøvde å sjå om det var nokon som snuska i vinduene, og hadde til og med med kikkert for å snike på dei.

  2. Takk for artige tips om bekledning Lillian! Kjekt å huske på hvis en kommer ut for et langt sykehusopphold! Du ser ut til å takle situasjonen på en flott og enestående måte! Beundrer deg for det!❤️

  3. Eg har testa turen til Kiwi ein del gonger. Den er dritskummel på kveldstid når ein går langs kirkegården. Kan då anbefale å gå gjennom tunnellane (for dei har jo liksom ingen skumle monster som kan kome etter deg og vil gjere deg vondt). Då kjem ein ut hotellet sin hovudinngang, og ein unngår samtidig forureina luft av bilar (for golfbilane avgir vel ingen farlege gassar?). Kjekt du deler gode turtips, alle andre ruter var nye for meg, håper eg slepp teste dei! Treng du hue o.l kan du kanskje høyre med prematuravdelinga om dei har fått ei vaksenhue av rein feiltagelse, for då kan du sikkert få den.

Kommentarer er stengt.