Hopp til innholdet

EG ER KRENKA!

  • 6 min read

Eller, ikkje heilt. Men eg kan bli, så ver forsiktig med meg!

Berre sjå på minoritetsbakgrunnen min, då:

Lesbisk, geriatrisk, psykisk sjuk, sjølvvald aleinemor med vanskeleg oppvekst, som har handikappa barn som følge av gjennomgått kreftbehandling.

Mer enn du aner, Pakistaner! Ta den, lille venn! Ikkje kom her, ikkje-binær!

(I dag er alle illustrasjonene berre puppebilder frå dette innlegget. Eg har fått korona i teiknebrettet, så det virkar ikkje.)

Eg veit ikkje kor eg skal starte ein gong

Homofili

Eg kan sikkert ta vekk det med homofili, for det er ingen som bryr seg lenger. I alle fall ikkje dei eg omgir meg med, som er barn og ungdom. Dei bryr seg verkeleg ikkje. Eg berre: Eg er faktisk homo, altså. Skal eg ikkje bli mobba berre bittelitt? Neidå, dei berre care face, whatever, kom med noko ekte vanskeleg, kva er svaret på denne oppgåva?

Eg er såpass naiv at eg meiner at vi ikkje treng å sortere etter seksualitet lenger. Den treng ikkje vere statisk ein gong. Vi kan heller sortere etter dei som elskar parteren sin og er snille, og dei som hatar og mishandlar.

Oppvekst

Eg kan kanskje luke vekk vanskeleg oppvekst og, for det har jo alle. Det er meir å bli krenka for dersom du er ein av dei få som ikkje har blitt skada i barndommen. Hæ? Har du aldri blitt hengt opp i smertefulle stillingar og fått sigarettglo trykt mot huda? Aldri blitt innestengt i mørke og fuktige rom? Aldri fått gluten i brødet eller nei til ny Levisbukse? Stakkars deg, du er jo heilt utanfor.

Eg har vore på foreldrekurs i to dagar, så eg er i praksis utdanna psykiater no. “Emosjonsbasert ferdighetstrening for foreldre.” Veldig bra kurs, altså! Eg skulle berre hatt to dagars oppfriskingskurs i veka.

Ein av dei tinga eg sit igjen med, er at vi alle er ganske så mislukka foreldre. Alle påfører barna sine skadar i oppveksten. Men her kjem det nydelege: Vi kan reparere dei! Det skal eg prøve ein gong.

Psykisk sjuk

Hahahahahahahahahahahah! Den må du lenger ut på landet med! Det var usakleg. Ein kan ikkje komme lenger ut på landet når ein er kome til Jølster. Dessutan har psykisk sjukdom kome til bygda og.

Apropos bygda. Naiviteten min tillet meg å meine at eg har rett til å la bilen stå open, for det er forbode å stele. Forsikringsselskapet krev at du har låst bilen dersom den skal bli definert som stolen! Og eg meiner at det er lov å seie nei til sex sjølv etter at penisen er inne. Det er lov å seie stopp til og med då. Men forsikringsselskapet meiner at når penisen først er i nærheten av tissen din, så var det faktisk din feil at du blei hatt sex med. Dette har eg opplevd mange gongar. Neida, tulla.

Geriatrisk mor

Pøh! Det er knapt minoritet på bygda ein gong. Og berre sjå i storbyen! Der er alle småbarnsmødre når dei er 42. Det er det ingenting spesielt ved. Det finst unge mødre og, då, men dei er minoriteten. Desse er dei som ikkje sa stopp sjølv om penisen var inne. Og dei som er religiøst overbeviste og sånn.

Denne ideen er ikkje direkte min, men hadde det ikkje vore herleg med eit program som heitter “geriatriske mødre”? Eg ser det for meg. Ti litt enkle nybakte mødre på 80-90 år som fortel om utfordringar og gleder ved å bli mor.

Handikappa barn, post kreftbehandling

Den kan stå. Men det ingen som ville drøyme om å krenke meg for det. Der er det berre sympati og trøst å hente. Det einaste eg eventuelt kan kritiserast for, er at alle samtalar med meg blir vridd til at Jone har hatt kreft. Men det er det ingen som tør å kritisere endå. Og til mitt forsvar har eg framleis fått vere for lite i vanlege livet til å ha andre referansar.

Likevel klarer eg å delta i diskusjonar på lærarrommet om perfekte bananer, pålegg på knekkebrød, kokko elevar (ikkje lov å seie, krenk) og veret. Og penisar, porno, pubertet, pengar. Og mange andre ting på P. Desse emna har eg dessutan stor glede av å uttrykke meiningane mine om. Det er koselege, engasjerte samtalar der alle tør å seie meininga si.

Sjølvvald aleinemor

HER er det krenkemateriale! Eg pleier eigentleg å seie at eg er ukrenkbar(lund), og det er ikkje langt frå sanninga. Men dersom du vil sikre deg krenk, så er det berre å seie at eg er ei dårleg mor. Sensitiiiiv.

Før gjorde eg mitt aller, aller beste. No føler eg at eg har meir å gå på, men eg klarer ikkje å gjennomføre. I andre land enn Norge hadde ungane mine vore narkomane for lenge sidan. Garra. Dette er sårt.

Alle fagfolk seier bla bla bla, du er god nok. Men dei baserer jo utsegnene sine på det eg seier høgt. Og der er eg så hudlaus som eg har lyst til akkurat den dagen. Inni meg tenker eg noko anna enn det som kjem ut munnen.

(Apropos samliv

Dette er hemmeleg, og det må IKKJE komme ut, for det kan slå så vanvittig hardt tilbake på meg. Eg har ofte tenkt at det er enklare å bu aleine enn å bu med partner. Dette er basert på hundre tusen samtalar, både som eg har deltatt i og som eg har lytta til. Det er nesten ingen som seier noko positivt om å bu med andre vaksne. Og dei som ikkje seier noko negativt, dei seier ingenting. Eg kunne ramsa opp fordelane med å vere aleinemor, men eg vil ikkje lage for mykje fuzz.)

Zzzzzzzzzzz

No vart eg litt trøtt av å snakke om minoritetsbakgrunnen min. Eg får heller bli krenka ein anna gong. Neste gong skal eg kanskje snakke om draumane mine.

3 kommentarer til “EG ER KRENKA!”

  1. Eg trudde eg hadde hatt ganske kjekke foreldre, men dei nekta å kjøpe Dieselbukse til meg, dei ga meg det ei Cubusbukse kosta, og sa eg måtte betale resten sjøl…

    1. Eg hugsa det godt med mine 3 ogso!!..dei ville ha diselbukse!! Men så fekk dei faktisk pengar som tilsvarte cubus bukse!! 🤣
      Så byrja dei å plukka bringebær, jordbær og pakka aviser på avistrykkeriet, og då hadde dei råd til det dei ønska seg! Dei blei flinke med pengar, mykje flinkare enn meg, og det var det som var planen, at dei skulle læra seg det! Mine foreldre hadde ikkje tid til å læra meg so mykje om pengar, men det skulle iallefall våre ungar bli flinkare med, og som sagt, det vart dei!! ❤️ Eldstemann kjøpte seg ei ny flott klokka(han hadde frå før ei heilt ok gutaklokka) ,men gjett kva fleire av medelevane i ungdomsskulen då sa!!!… “må du kjøpa klokka sjølv??? Det gjer foreldra våre til oss deeeeet!! Men då sa eg til son vår, at du skal vera kry du, som har jobba for di eigi klokka, og i tillegg fått so masse skryt for kor flink du er å jobba!! Det har ikkje dei!! Etter eg sa det, brydde han seg ikkje lenger om kva dei andre sa. Jippi! Då var eg stolt mamma igjen!! 😄

Kommentarer er stengt.