Hopp til innholdet

Lange puppar: Dobbelt så mange fordelar som ulemper! (200%, liksom!)

  • 4 min read

No skal eg influense deg til å synest at lange puppar er ok, til og med ganske nyttig. Eg skulle egentlig berre skrive om fordelane, men det blir meir truverdig viss eg erkjenner at det er nokre ulemper og.

Eg tek ulempene først, så kan vi avslutte med gode kjensler om lange puppar. Det er best.

Eg har laga ei skisse til korleis eit bryst er bygd opp, og er skikkelig fornøgd med teikninga. Eg vil anbefale deg å skrive den ut og prøve å setje på namn på dei ulike delane.

Tegning av pupp
Bryst er dei to utvekstane utanpå brystkassa over den store brystmuskelen. Her er mjølkekjertlane hos kvinner. Brysta består av ei sentral gruppe av 15-25 enkeltkjertlar omgitt av rikeleg bløtt fettvev. Kvar kjertel har sitt eige utløpsrør, mjølkegang, som munnar ut på den meir eller mindre framspringande brystvorta, papilla mammae. Brystvorta er omgitt av ei mørkare pigmentert hudsone, areola mammae, der ein krans av store talgkjertlar munnar ut. Kjelde: snl.no

PS: Det er ikkje alle situasjonane her som er sjølvsagt at ein utfører naken eller med puppane ute, men du må hugse på at puppane kan dette ut sjølv om du har kle på deg!

Ulemper med lange puppar

Nr. 1

Puppane kan bli trakka på i dusjen i svømmehallen. Dette er truleg smertefullt, og det kan i tillegg oppstå krangel. Døme på dialog:

  • Offer: Au, sjå kor du trakkar!
  • Trakkar: Du kan kanskje sjå kor du har puppane dine!
Tegning av lange pupper i offentlig dusj

Nr. 2

Du kan strikke puppane inn i den nydelege kofta du held på med. Då må anten rekke opp, eller gå med den kvar dag resten av livet. Eg veit ikkje kva som er verst.

Tegning av lange pupper som har viklet seg inn i strikketøyet
Her ser du at kofta faktisk blir skikkelig forbanna!

Nr. 3

Du kan kvele dansepartneren din når de dansar i full fart rundt i ring. Eg synest ikkje det er så veldig problematisk, eg berre tar det med fordi eg allerede hadde prøvd å teikne det (passe vellukka).

Tegning av pupper rundt halsen på dansepartner

Fordelar med lange puppar

Nr. 1

Du får meir fridom når du skal amme. Du kan til dømes lage mat eller rydde i huset samtidig som du ammar. Kjempefordel!

Tegning av mor som ammer med lange pupper

Nr. 2

Viss du har tjukke lange puppar (kanskje litt usannsynleg) kan du la barna flyte på dei i bassenget. Advarsel: Dette går IKKJE dersom dei er tynne. Då vil barna sikkert drukne, og det er ikkje ønskeleg.

Tegning av mor som bader med barn
Lange pupper

Nr. 3

Du kan vinne konkurransar der det er om å gjere å ha lengst puppar. Der kan det vanke pengepremiar og alt mulig!

Tegning av konkurranse om lange pupper

Nr. 4

Når nokon skal #metoo deg og ta på puppane dine, så bommar dei. Heheheheheheheheh! Då vinn du den konkurransen og. Bortsett frå at du kanskje mistar jobben, då. Men det er like greitt.

#metoo lange pupper

Nr. 5

Du kan ha noko mjukt i ryggen og under rompa når du er på lange gudstenester.

Tegning av dame som sitter på lange pupper i kirken

Nr. 6

Du kan bruke puppane som midlertidig bandasje/fatle/spjelking når du ikkje har tilgang på førstehjelpsskrin.

Tegning av lange pupper på fotballbanen

Som du ser, det er dobbelt så mange fordelar som ulemper med lange puppar. Hurra for det!