Hopp til innholdet

Gi meg livet mitt tilbake!

  • 7 min read

Eg har mista meg sjølv. Eller hadde, no held eg på å finne.

Det er mange som veit at eg gikk i tensing. “Hæ, gikk DU i tensing? Du er jo altfor tøff til det!” Ja, eg er jo det, men då eg var 14 vart det vedtatt at eg måtte bli litt mindre tøff, så eg måtte begynne i tensing. Ei slags samfunnsteneste.

Det har uansett hatt som biverknad at eg kan ein del tensingsangar utenat. Føtter på fjell av Bjørn Eidsvåg er ein av dei. Den var obligatorisk. Eg har laga min eigen versjon!

Føter på fjell

Eg var i ferd med å gå under av angst og sjølvforakt (Dette kan få sjølv den beste til å gå under. Eg er langt frå den beste, men eg gjekk ein del under Paukeland, i tunellane. Med angst og bittelitt sjølvforakt, men det siste har kome meir seinare.)

Då mista eg meg, då mista eg meg (Det er heilt sant, både bokstaveleg og metaforisk. Kanskje litt drøy oversetjing av teksten.)

Livet var eit ork, og eg var i dødens makt (Nåja. Ork er sant, sjølv om eg hadde så stor beredskap i kroppen min at eg ikkje merka så mykje til det. Berre dersom sjukepleiarane var så frekke at dei sa eg måtte gjere noko. Og EG var ikkje i dødens makt, men kanskje Jone.)

Då mista eg meg (osv)

Jeg finner ikke meg selv.

Du (eg veit at det skal førestille Gud, men ehemm, Gud er veldig omdiskutert) høyrte mine tause skrik (Ja, eg skreik heilt stille.)

Du (eheheh) trossa mine mange svik (Eg trur den einaste eg svikta på den tida var Tuva, og ho kunne umulig høyre meg, sidan eg skreik så stille. Pluss eg var tusen millionar km unna.

Eg hoppar glatt over linjene om fordervelsens grav.

Så er det nåde og krav. Eg veit ikkje om nåde finst dersom ein ikkje driv med kristendom. Kan menneske vise nåde? Lat oss seie det går an.

Eg viste meg nåde i staden for krav.

Då fann eg tilbake til meg sjølv.

Da fant jeg tilbake til min sel.

Eg var sleeeeten av vaklinga mi mellom skuld og sjølvforsvar, bla bla bla.

Det får halde.

Adam og Eva
Eg trur ingenting passar betre enn mi eminente teikning av Adam og Eva her.

Blind (om det er lov å seie utan å krenke nokon)

Poenget er at eg har gått rundt i blinde og sakna meg sjølv. Heile meg er forandra, til og med kroppen.

Munnbind på øyene
Sånn gjekk eg rundt i tunellane.

Funne tilbake til meg sjølv

Det som er så herleg er at eg no har begynt å finne tilbake til meg sjølv på mange område.

  • Eg har slutta med skjerm på senga (det begynte eg med i Paukeland)
  • Eg har slutta med snop i vekene (det begynte eg med i Aukeland)
  • Eg har slutta med alkohol (det begynte eg med i Gaukeland)
  • Det med alkohol er kanskje midlertidig. Det er såpass kjekt og godt å drive med, at eg ser ikkje vekk frå at eg skal begynne igjen. Men eg veit kor hjerneskada ein blir av det. No når eg skal bli sjendis og millionær og alt mulig, så kan eg ikkje vere hjerneskada. Eg treng hjernen min i tipp topp form.
  • Eg har slutta å ha muskelsvinn i låra, i alle fall i nedoverbakkar.
  • Eg har slutta å røyke, men det er sikkert 15 år sidan.
  • Eg har i grunn slutta med det meste, utanom å ligge på sofaen. Eg hadde ikkje akkurat sofa på rommet i Røykeland, men eg kunne gjerne krøke meg rundt Jone i hans barneseng, eller ligge i mi eiga foreldreseng. I sjukehussenger er det tissemadrass, så eg slapp til og med å røyse meg for å gå på do. Og det kom alltid nokon å skifta på meg, eg trengte berre å dra i den raude snora.

Fast

Eg er sånn at eg fungerer best når alle dagar er like. Det høres kanskje hjerneskada (eg har lov å bruke det ordet akkurat sånn eg vil, sidan eg har hjerneskada son no) og gørr ut, men eg meiner ikkje at alle dagar skal ha likt innhald. Dei må berre vere oppbygd på same måte.

Derfor må eg ha fast leggetid, fast våknetid, fast måltid (neida, eg berre et når eg er svolten), fast butikk eg handlar på med fast handleliste (ca.), fast tid å starte og slutte på jobb, faste skriverutinar, fast leggetid for ungane, fast antal kaffikoppar før eg går på jobb, fast at ingen snakkar dei første 30 minuttane av dagen, fast avføring (ikkje hard). Og så vidare.

Fast at eg ikkje bekymra meg meir enn vanleg for at ungane mine skulle døy.

Eg må ha forutsigBarlund. Livet må vere ein firkant, ein tabell i word. Ikkje ein sånn dårleg mal der rutene flyttar på seg heilt utan grunn.

Ein sånn tabell
Ikkje ein sånn tabell (Haukelandtabell)

INGENTING av dette hadde eg i Kukeland.

Sur, gammal dame på jobb

Dette er og grunnen til at eg alltid føler ubehag når det kjem forslag om å gjere ting annleis enn vi alltid har gjort på jobb. Eg er gjerne negativ til alt nytt, for det skaper så stor uro å tenke på at rutinene skal endrast. Eg er ho sure, gamle, med erfaringar om at alt var betre før, og det er best om vi berre held fram på same måte. Dette har eg fått motbevist hundre milliardar gongar, og eg klarer fint å innrømme at eg tok feil.

Duken rimar på…

Sluken.

Du veit korleis tryllekunstnarar (eller nokon andre) dreg vekk duken på bordet og det nydelege serviset frå Magnor fortsatt står heilt og fint tilbake? Eg er krystallglas, og tryllekunstnaren er noob, så alt berre knuser og blir øydelagt. Tusenvis av kroner rett i sluken.

Mislykka tryllekunst

No er det over to år sidan dette skjedde, og først no har eg så smått begynt å få livet mitt tilbake. Eg har blitt overvektig (BMI = 25.2), og eg har berre surra rundt, i påvente av at nokon skal prøve duk-trikset igjen.

Ps: Det med overvekt er ikkje sååå nøye, så lenge eg kjem meg opp av senga og ned på sofaen. Kjærasten min elskar meg uansett. Tips: Få dei til å elske deg før du blir tjukk, for då kan dei faktisk ikkje slå opp på grunn av vekt. Eller dei kan, men det er veldig, veldig slemt, og faktisk ikkje lov, jf. paragraf bladibladi bla. Då må du ha drepe dei med magefeittet, og då har du vunne uansett.

“Ho døydde av overvekt, kvelt under magefeitt!” Det er avisoverskrifta si, det!

Ingen kommentar.

Pps: Baby shark, da da da da da. Haha, der fikk du den på hjernen.