Hopp til innholdet

Vente, vente, vente

  • 5 min read

Dette er absolutt ikkje noko nytt tema for meg. Andre tekstar om venting.

Det er nesten alltid lenge å vente til juni.

Vanlege år ventar eg på juni fordi då er læraråret slutt. Då må eg vente heilt frå august. Neidaaaa, eg elskar å vere lærar! Saknar det drittmykje.

Vente, vente, vente.

Eg saknar elevane mest, for det er publikumet mitt.

Og så saknar eg kollegaene mine, for dei er vennane mine.

Og eg saknar sjølvsagt alle møta. Absolutt alle. Pluss absolutt ingen, då. Neida, joda, neida, joda, neida, joda. (No veit ikkje du kva eg eigentleg meiner.)

Før i tida

Før elska eg juni meir enn juli og jula. I juli begynte eg å grue meg til august, og i jula begynte eg å grue meg til januar. Neidaaaaa, eg elskar jo jobben min! Har du gløymt det allereie?

Men det var LITT sånn. Eg klarte aldri å sette pris på noko som helst, berre grua meg til neste ting.

Det litt sånn endå, men i det nye livet er det ikkje hjelp i å prøve å sjå for seg kva som skal skje neste månad, for det meste er usikkert. Eg har sjølvsagt fått litt info undervegs, men eg har ikkje hørt etter.

Eg høyrer ikkje etter når eg får informasjon.

Mai

Mai er den beste ventemånaden. Eller var. Eg elskar mai! Det livnar i lundar og lauvast i li. Kokko.

Det høyrest kanskje ikkje så kjekt ut, men i mai har eg vanlegvis retta tentamen og førebudd eksamen for dei stakkars ungdomane. I tillegg har eg marsjert tusen millionar kilometer. Nei mil. Ute luktar det gras og bæsj. Det er altfor mykje sol.

Likevel:

Pre-svulst.

Årets mai. To have svulst or not to have svulst

I år skal eg daue litt kvar dag i heile mai.

Eg skal vente på juni fordi då får eg svar på om Jone har ny svulst eller ny blodåre i hjernen. Dette var nemlig usikkert på førre MR.

Dette er den sjukaste ventinga eg nokon gong har prøvd. Eg vaknar kvar morgon attmed guten min og får ein støkk. Ein knyttneve i magen, ein i fjeset, ein i låret, ein i nyrene og ein midt i panna. Veldig mange knyttnevar. I tillegg får eg føtene til Jone i augene.

Knyttnevar.

Eg kjem på at han kanskje har ein ny svulst. Vi som skulle få vanleg liv igjen! Det er så trist. Det kan sjølvsagt hende vi får det, men eg tør ikkje å starte før svaret på neste MR.

Og absolutt alle avvik frå vanleg Jone tolkar eg som symptom. Så må eg minne meg sjølv på at små, nydelege menneske også må få lov til å ha dårlege dagar.

Gi meg svaaaar!

Eg er så lei av å ikkje ha svar. Det er nesten sånn at eg begynner å rekne algebra, for då får eg alltid rett svar. (Asså, ikkje for å skryte, liksom). Eg vil ikkje innrømme at eg allereie har begynt. Neida, joda, neida, joda, neida.

Algebra frå 2012.
Ikkje akkurat algebra, men kjemi frå 2012.

Korleis eg skal takle det

Eg skal gjere på noko samtidig som eg latar som ingenting. Det er om å gjere å fylle dagen og kvelden. Spesielt kvelden, for det er då dei skumlaste tankane kjem.

Korleis klarer eg dette med to ungar som eg eigentleg må passe på? Eg berre seier at det er natt, så dei må legge seg. Isi pisi.

Sovande barn. Lurte dei igjen!

Så her kjem ein liten video med tips til kva du kan gjere når du ventar på noko jævlig. Det er nyttige ting, altså.

4 kommentarer til “Vente, vente, vente”

  1. Hei Lillian 🙂. Det var ein kjempenyttig video 🙂Ikkje kjekt å vente på slike beskjed, då går tida plutselig kjempetreigt. Håpar og trur det kjem til å gå bra med Jone 💕. Klem og klem 🥰

  2. Slike maidagar skulle ingen ha! Håpar og trur de får gode beskjedar neste gong 👍❤️

Kommentarer er stengt.