Hopp til innholdet

Takk for 400 lik!

  • 9 min read

Eg har Facebook-side tilknytta bloggen min. Hin dagen fikk eg lik nr. 400, og Facebook meinte at eg burde vere høflig, og takke lesarane mine for alle lika. Facebook har rett.

Denne vitsen hadde vore betre om eg skreiv 400 lik og 1 ulik. Men sånn er det, av og til kjem eg på ting litt for seint.

Tusen takk for 400 lik. Ein stor prosent av dei er frå folk som eg har tvinga til å trykke, folk på vennelista.

Liksom, elevane mine vil ikkje gå ned i karakterar, kollegaene mine vil ikkje bli baksnakka på lærarrommet, vennane mine vil ikkje bli uvennar (for då blir dei baksnakka på lærarrommet). Derfor trykker DEI lik.

Men nokre lik er frå ukjende folk. Alt er stas, men det er ekstra kjekt å få lik av folk som ikkje treng å vere høflige.

Ein ting er 400 lik. Noko anna alle dei faktiske lesarane. Eg blir veldig glad for at så mange likar å lese skrifta mi. Det er mange fleire enn 400 asså! Det er meir enn 4000 og. Kanskje 4000 x 1,88 +/- 500. ca.

Tenk deg så kjekt for ein sånn som meg! Eg har alltid likt lik. Eg visste at det gikk an å like lenge før Facebook kom på det. Eg blei jo lærar berre for å få lik!

Neidaaaaa, eg blei jo lærar for å få vennar.

Neidaaaaa, eg blei lærar for å undervise. Og få lik. Neida, joda, neida, joda.

Elev som gir meg lik.

Eg likar å obdusere på fritida. (No er eg heilt ferdig med lik-vitsane, svergar.)

Intensjon

Intensjonen med bloggen (som starta i mai) var eigentleg at eg skulle øve på å skrive vitsar, slik at eg var betre rusta til å bli stand up- komikar, og på sikt få ein Netflix-special. Og så skulle eg få skryt for vitsane, folk skulle le høgt og slå seg på låra.

I tillegg skulle eg bli influensar.

Men sidan eg er ganske konfliktsky, så er det litt vanskeleg for meg å hevde eigne meiningar tydeleg. Hadde eg vore mindre konfliktsky kunne eg influensa noko om sosialdemokrati og velferdsstat. Eg kunne kjefta på dei som blir sure av allmenn skattlegging fordi dei ikkje skjønar at det må til for å sikre lik rett til velferdsgoder, og muliggjere at desse skal halde høg kvalitet for alle. Eg kunne til og med blitt utnemnt til ekspert på området fordi eg har prøvd sjølv. Men det tør eg ikkje.

Humor

Og så har vi jo teorien min om humor. Humor fører til fred. Det går ikkje an å hate samtidig som du ler. Berre prøv. Tenk på det du hatar mest her i verda, til dømes dieselavgift eller klimanektarar medan du ler av favorittvitsen din. Går ikkje. Så ved å le meir, hatar ein mindre. Ergo, meir fred.

Tenk om til dømes Kim Jong-un eller Hitler hadde humor. Eller sjølvironi. Då kunne dei peike firkanthåret sitt og løk-penisen (ikkje purreløk, men rødløk) sin og le godt, i staden for å vere så sinte og psykopatiske.

Kim Jong-un: 하하, 내 네모를 봐
Haha, schau dir meinen Zwiebel-penis an!

Så sjølv om humor berre er latterleg tøys, så er det mitt bidrag til fred i verda. Versågod.

Opp ned

Men i september 2019 forandra alt seg, og eg var usikker på om eg ville fortsette å skrive, eller om det var litt rart å ha humorblogg med kreft som tema. Det var plutseleg vanskeleg å finne varierte tema når absolutt alt i heile livet dreia seg om sjukdom og sjukehus, og angsten for å miste eit barn.

Så bestemte eg meg for å seie fuck your fucking face unclefucker til dei som syns det ikkje er lov å tulle med kreft, eller ha tumor-humor, og så lot eg det stå til.

Sjølv om dette ikkje er supergod humor, så jobba eg ganske lenge med å komme på den.

Dermed vart livet på sjukehus litt meir meiningsfullt. Eg følte eg hadde ei oppgåve kvar kveld. Noko fast og rutinemessig i kaoset. Forpliktande. Sånn er det endå. I tillegg til å vere klovnete og bekymra mor, har eg ei oppgåve som må gjerast. Det er fint å ha eit mål for veka, liksom. Då får eg jo følgt litt med på kva vekedag og månad det er og.

Kva du likar

Så tilbake til deg, kjære lesar. Eg veit litt om kven du er og kva du likar.

Tilbakemeldingar eg har fått:

  • Det er trist og morsomt å lese. Eg tek spesielt til meg morsomt, sidan det var intensjonen.
  • Eg skildrar sjukehuslivet med kjempesjuk unge på ein ekte måte. Skryt frå dei som er eller har vore i same situasjon er ekstra kjekt, for då føler eg meg mindre aleine med greiene mine.
  • Eg teiknar rart. Eg ler ikkje så mykje av eigne vitsar, men teikningane er heilt latterlege, så dei ler eg av.
  • Eg er modig som delar. Her kunne eg hatt eit langt avsnitt om openheit. Det ville i så fall handla om korleis mangel på openheit lett kan føre til fordommar.

Alt dette er veldig smigrande, og det får meg til å føle at det er meiningsfullt å skrive og dele.

Utlevering av eigen unge

Her har eg fått litt skruplar. Eg spurte om han ville ha kreftlivet sitt delt, og då sa han berre “eg har ikkje kreft, eg har berre klipt meg”. Det er nok litt i grenseland for kva som er greitt, men eg er så stolt over kor godt han taklar alt han må gjennom, så eg vil sånn vise det til alle!

Eg har ikkje kreft, eg har berre klipt meg.” Ehem, vi kan sjå arret…

Eg utleverer ikkje dottera mi på same måte, litt fordi ho er frisk, og litt fordi ho ville sagt nei. Og der er problemet. Dei som skjønar ting seier gjerne nei.

I begynnelsen var ikkje det noko problem, for då var det mest ord og tøysete teikningar. Men i det siste har eg delt meir og meir bilete av han. Folk likar å sjå. Så forsvarer eg meg med at alle andre gjer det, og at folk fortener å sjå nydelege fjes. Med og utan augevippar.

Med og utan augevippar.

Når eg ser barnebilete av meg sjølv, så blir eg ikkje flau av å sjå dei, eg tenker heller “gu ko nydeleg eg var som barn”.

Nydelege barn med flotte klede i matchande møblar. Eg blir ikkje krenka i det heile tatt av å sjå på det! (Eg har ikkje spurt broren min om lov til å dele biletet, men eg berre gjer det, og så tek eg konsekvensen seinare. Kva skal han gjere, liksom? Saksøke meg?)

Så då går eg litt mot eigne prinsipp og moral, då. Men dersom det er skadeleg, så blir 90 % av norske barn skada. Og då blir det dei resterande 15 % minoriteten, og minoritetar blir mobba. Hahahaha, der trudde du eg hadde fått dyskalkuli!

Stakkars minoriteten som ikkje har vore avbilda i sosiale media. Dei kjem ikkje til å kjenne seg sjølv i det heile tatt. Frårøva barndom vil eg seie. Så eigentleg gjer eg han ei teneste.

No skal eg slutte å forsvare meg, eg har jo ikkje blitt kritisert endå. I alle fall ikkje munn til munn.

Apropos influensa

Eg har skjønt kvifor eg ikkje var nominert til influensar-konkurransen som nettopp vart avvikla. Vixen Influencer Award.

Eg tok jo influensa-vaksine før jul! Vaksina er anbefalt for husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar. Fine ord.

Dei sa ingenting om biverknaden å ikkje bli nominert i influensar-konkurransar. Neste år tek eg i alle fall ikkje vaksine!

(Dersom du er vaksine-motstandar, så må du notere dette i statistikken din: Det går heilt fint! Eg har ikkje blitt autist eller fått ME eller noko endå. Ingenting har eg fått, utanom beskyttelse mot influensa for meg, og dermed den sjuke ungen min. Der fikk eg inn det og.)

Takk

Sjølv om eg på ingen måte er takksam for det livet vi har no, så eg er svært takksam for alle som gjer det enklare for oss. Bygda viser seg frå si aller beste side. Vennar, kollegaer, naboar, elevar, familien min, mødre, brødre, brødrekoner, sjukepleiarar, legar. Alle lyser opp litt. Dei gir praktisk hjelp, helsehjelp, vitsar, støtte, omsorg, bollar, rockeband. Alle desse orda kan vere overskrifter i eigne innlegg.

12 kommentarer til “Takk for 400 lik!”

  1. Det er jo ikkje akkurat sånn at du brukar ungen din til å få sponsa ting og at heile di inntekt og levebrød er basert på barnet ditt. Ikkje deler du alt han tenker og seier heller. Så eg tenker det går heilt heilt fint 🤗 (no vurderte eg å starte kommentaren med; hei. Chill. Det einaste du får sponsa er cellegift. Men så kom eg på at den kunne bli vel tørr). Lykke til! Eg syns du skriv heilt strålande. Og eg trur oppriktig at dette kan være ein blogg til god hjelp for andre foreldre i samme situasjon.

    1. Takk for oppmuntrande ord! Eg har tenkt litt på det med kva behandlinga kostar, og eg er ofte veldig glad for å bu i Norge!

  2. Heier på dere! Vi har akkurat tråkket oss ferdige i gangene i 3.egt, og kjenner meg veldig igjen. Vi har delt favorittsykepleier, det var hun som tipset om bloggen din. Som foreldre trenger vi å få ut litt steam, og din måte er veldig konstruktiv, og å kunne se med ett litt skjevt blikk på den tilstanden som har blitt en hverdag gjør at en ikke blir gal ❤️ Skriv og del videre, så får du heller ta disse konsekvensene med «uthenging» hvis det kommer. Vi har delt mye på FB, og det har på en måte fungert som en tilstandsrapport og dagbok for oss.

    Håper dere får en fin helg videre, og at både Trygve og F er på jobb

    1. Hei og takk! Det er ikkje kjekt at nokon skal kjenne seg igjen i det eg skriv, men likevel kjekt å få tilbakemelding frå dei som har vore gjennom det samme. Trygve har gitt meg mat i dag, men kan ikkje seie at eg har sett noko til F.

  3. Først og fremst vil jeg bare, si at det bilde av sønnen din hvor han bare har “klippet seg” var knallbra!
    Både sårt og vakkert.

    Ellers vil jeg nevne at jeg følger spent med på bloggen din (som er den eneste bloggen jeg leser) og er kjempe glad for at det går bedre med gutten din.
    Ikke stress sånn med at du har lagt ut bilder av ham, i verste fall kan du fjerne noen senere hvis du føler du har “delt for mye”.

Kommentarer er stengt.