Hopp til innholdet

Eg har ikkje fått skreve i det siste

  • 5 min read

Som enkelte elevar ville sagt om dei hadde hatt problem med å skrive i fortid.

Eg har skreva kvar dag i eit år. Nei, no går eg over til korrekt rettskriving.

Eg har skrivd kvar dag i eit år.

NEIIIDAAAA! Eg har skrive kvar dag i eit år. No fekk eg mykje tekst berre av å skrive om at eg ikkje har skrive. Litt av ein luring, hæ?

Eg hadde ei solid rutine, heilt til det plutseleg stoppa 18.mai. Då hadde eg ikkje lyst til å skrive meir. Hadde ingenting å seie. Eg slutta å gjere leksene. Skam seg!

Her er eit bilete av Jone heilt utan grunn. Eg lovar at det kjem litt skrift om han lenger nede, så du må love å halde ut.

Legen min – kjempefin

Eg tok det opp med legen min. Teorien er at eg har halde pusten så lenge at oksygentilførselen til hjernen har stansa opp, eller i alle fall blitt redusert. Dermed blir det umogleg å skrive. Her var det eg skreiv hin dagen då eg gjorde eit forsøk:

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse posuere, sem vel pharetra pretium, magna dui efficitur quam, ut consectetur turpis libero in metus. Sed porta ex sit amet tincidunt interdum.

Då tenkte eg berre: Nei, vettuka, dette gir eg opp. Eg skjønte ingenting av kva eg meinte.

Eg trur legen tvilte på teorien, og heldigvis har eg ein veldig god fastlege. Ho henviser ikkje til psyk kvar gong eg seier noko rart. Då ville dei fått nok å gjere!

Men serr liksom. Ikkje for å skryte, men alle burde ha ein sånn fastlege som eg.

Ordinært liv

Problemet er kanskje at det ikkje skjer noko ekstraordinært i livet mitt. Ikkje noko interessant for andre. Det einaste eg har å klage over er at veret skiftar frå dag til dag. Ein dag var det vind, og eg heldt på å klikke. Fåkk ju vind. Plis.

Jone er kjempeflink til å vere ein nesten vanleg unge. Eller litt betre enn andre, då. Han søv heile natta, og er blitt kjempeflink til å ikkje spy heile tida. Han spyr litt når han prøver å ete vanleg mat, og faktisk kvar gong vi er på sjukehuset! Jone, då.

Etter sjukehusbesøk. Spy på eigne klede -> låne nydeleg skjorte frå sjukehuset.

Vent litt! Eg kom på noko ekstraordinært

Armen hans var jo plutselig broten! Det skjedde utan at nokon visste om det. Han gløymde å seie au. Anten var det ikkje noko særleg vondt, eller så har han fått veldig høg smerteterskel. Det vil ikkje vere utruleg om skjelettet er blitt litt svekka etter den knallharde behandlinga heller.

Berre bittelitt øving, så går det heilt fint å bruke ipad igjen. Null stress med gips!

Eg merka det fordi han slutta å bruke handa, og han fekk veldig vondt når eg skulle kle på han gensar.

Så på røntgen viste det seg at armen var knekt og den hadde allereie begynt å gro heilt fint.

No har han blå gips og klagar ikkje over den. Men han er plutselig heilt immobil igjen.

Her har han teikna fjeset mitt og puppane mine. Du må gjette kva som er kva. Eg veit ikkje om han brukte høgre eller venstre handa, så då veit eg heller ikkje kva eg skal skulde på: lam høgreside eller gipsa venstreside.

MR

Eg har begynt å merke det sjuke MR-stresset for alvor. Denne veka er det MR som skal svare på om det var svulst eller blodkar på førre MR. Det er heilt jævlig, og eg spyr nesten av å tenke på det.

Eg nemnte for legen min at eg kanskje kom til å dø av å vente på svaret. Men eg skunda meg å seie at det ikkje var noko problem, for det var så mange som kunne livredning no til dags. Det siste var løgn, men sånn må det nesten få lov til å vere viss du har tenkt å lese ein spennande blogg.

Mormor

Eg har nettopp mista mi kjære mormor. Ho var ein av mine absolutte favorittar i livet. Eit stort førebilete som eg aldri kjem til å klare å etterlikne. Ho var så spesiell at ho fortener ein eigen tekst. Faktisk ein eigen blogg.

Aksel

Det går og hardt inn på meg at verda har mista ein nydeleg liten gut av kreft. Eg vart ikkje kjend med han, og eg har berre så vidt blitt kjend med foreldra, men det er ei knallhard historie. Alle som stod han nær har mi djupaste medkjensle.

8 kommentarer til “Eg har ikkje fått skreve i det siste”

  1. Takk fine Lillian ❤️❤️ Vi ynskjer deg og Jone masse lykke til på MR! Det må vere gode nyheter!! 🙏🤞 Den dritt kreften har tatt alt for mange 😭💔 Takk for att du hedra Aksel ❤️ det set vi pris på

  2. Krysse fingre og tær (ja, eg klare faktisk å krysse noen av tærne mine) for at dåkke får gode tilbakemeldingen på MR. Vet nøyaktig hva du går gjennom da jeg gikk gjennom det samme med min datter i fjor. Hadde samme type kreft som Jone!

    Styrke og varme tanker sendes til dere.

  3. Inger Lind Aasen

    Ja, det er sant som «anonym» skreiv, du har nok arva styrke frå Petra. Det har vore sterkt å følge din kronglete veg dette året. Ein kan ikkje forestille seg kva du og Jone har vore gjennom. Nå MÅ det gå mot lysare tider. Så får du leve på styrken frå mormor. Signe hennes gode minne!

    1. Takk for fine ord frå deg og ❤️ Eg har egentlig lyst å vere sånn som mormor var, men det er mykje å leve opp til ❤️

  4. Du er eit usedvanleg, utruleg og vedunderleg menneske, Lillian. Du har nok mykje kraft og styrke frå mormora di. Signe hennar gode minne.

Kommentarer er stengt.