Hopp til innholdet

Skal det vere litt skam til jul?

  • 9 min read

Eg har skrive noko som eg vil kalle ein juletekst, for då kan eg lett forsvare det dersom eg ikkje klarer å skrive igjen før neste jul. Dersom eg tek med det eg skreiv i fjor og året før, så kan eg faktisk printe ut eit heilt julehefte. Det er koselig.

Eller vent! Eg lagar ei jule-ebok og sel den for 10 kr. Då genererer eg pengar til neste års julegåver i same slengen. Eg er eit ekte forretningsmenneske.

Sånn kan forsida vere.

Å knekke – knikk – knakk – knukk

Tennene mine knekk rett som det er. Eller tannprotesene, då. Eg burde sikkert kjøpe dyrare gebiss, men prioriterer det ikkje.

Haha, lurte deg! Eg har ikkje eige gebiss, eg bruker berre det eg arva av mormor.

Der har du ho, sjølvaste mormor! Ho er sakna.

Haha, lurte deg igjen! Eg arva det av bestefaren min.

Haha.

Slutt å snakke om gebiss, då, dustebloggar!

HEILE meg knakk hin dagen, ikkje berre tennene. Eg skjønar ikkje kvifor. Eller gjer eg det?

Sherlock.

Alle har venta på knekken min, og eg har tenkt “gå vekk med den dumme ventinga di!”

“Det er jo naturleg å få ein reaksjon”.

Ja, eg VEIT jo det. Men slutt å vente på den. Eg er ikkje klar! Eg må halde meg oppe litt til.

Ei rustning – rustninga – rustningane – rust!

Det er faktisk nye kampar eg må gjennom, og tenk om eg treng skjold og rustning då? Eg trur at dersom eg tar den av, så får eg den ikkje på igjen.

For det første er eg overvektig, og det var eg ikkje då den blei utdelt. Det som er vanskelegare, er at rustninga har halde meg saman. Dersom eg tek den av kjem eg til å flyte ut.

Rustning med sprekker. Det hadde vore skikkeleg flaut om overvekta mi begynte å skli ut sprekkene!

Apropos overvekt: Ikkje tenk på det! Dei som elskar deg, elskar deg uansett.

Det som skjedde hin dagen, var at nokon (med gode intensjonar) begynte å prøve å opne rustninga med lasersverd. Laser kan ikkje kutte metall, berre gravere. Heldigvis for det!

No har eg berre stygge riper i rustninga, men den er ikkje øydelagd. Likevel var dette nok til at eg begynte å få angst for å flyte ut. Eg begynte å grine ukontrollert resten av dagen. Og etter dette hadde eg grinen øvst i halsen i alle fall i tre dagar. Så vart det helg, og eg fekk full kontroll igjen. Eg berre jejejejeje, det går bra.

Så var det ny veke, og det var ei som spurte meg om korleis det gikk med MEG. Eg svarte ikkje, berre begynte å grine igjen. I garderoben i barnehagen… Dei frakta meg heldigvis til rommet i kjellaren, der dei puttar grinande foreldre.

Så var det grining resten av veka.

Det er sånn ein blir sjåande ut.

Det går faktisk ikkje an å undervise når ein ser slik ut. Elevane blir veldig redde. Nokre synest til og med at det er ekkelt med snørr og tårer i skriveboka si, men det gjeld berre dei mest pripne og nærtakande. Det går heller ikkje an å undervise med grin i drøvelen, så eg vart sjukmeldt. Og så begynte eg å skamme meg.

(Eg vil påpeike at gråt i seg sjølv ikkje er sjukdom. Det er faktisk kanskje friskdom om du vågar å gråte når du treng det. Gråting utan stans er derimot handikappande, litt sjukt. Takk for skryt av språket.)

Eg innbiller meg at eg kan lese tankane dine!

Eg veit ikkje kva folk tenker, men eg tenker om folk at dei tenker at sidan det er to år sidan Jone fekk diagnose, så burde vi vere ferdige med det no. I alle fall eg. Men folk seier ingenting, typisk folk. Høflege. Skadelege, barnelege, alvorlege, kjærlege, reinslege, augelege. Mykje gøy med legar.

Sjølv om det meste er 500% betre enn det var, så er det framleis veldig mykje igjen. Dette har eg så mykje tekst om at eg kan skrive fire julebøker. Det skal eg vente litt med. Eg skal skrive ei vårbok først.

Poenget er at no trur eg at alle trur at det er over. Alle har kome vidare. Alle unntatt meg.

Skam – skammare – ærelaus

Eg er så lei av skam! Eg hatar skam! Ikkje den underhaldande norske serien, berre den heilt jævlige følelsen.

“Skam er en sterkt ubehagelig følelse av å ha vist en nedverdigende side av seg selv, og dermed avslørt seg selv som et mislykket, udugelig eller umoralsk individ. Skam er nært knyttet til selvfølelsen, og får en til å føle seg liten, med ønske om å skjule seg.” snl.no

Skam skal liksom vere nyttig, den skal få oss til å oppføre oss skikkelig. Skam er vanleg å påføre ungar i oppdragelsen.

Kvar gong eg sorterer følelsar frå a til å, kjem skam som nummer 5. Men når eg sorterer etter jævlighet, kjem skam som nummer 1.

Gudd

Eg skulle ønske Gud hadde skapt oss utan skam. Haahahahahaahahahaha.

I motsetnad til kva eg ønskte, så var det det nest første han fann på, ca. (Dette skulle vi tenkt på før vi skapte Gud. Hoi hoi for ein provokasjon!) Eg trur Eva og Adam berre var glade og spente før dei fekk skam. Dei fekk ete så mykje dei ville av nesten alle trea, pluss at dei fekk sjå tissen til kvarandre, begge delar utan at dei trengte å føle skam.

Men så kom den dumme slangen, og Eva øydela ALT. Då måtte dei begynne å skamme seg over nakenhet, ha harde fødslar og slite for føden.

Min heilt eigen versjon av syndefallet. Sjå, Adam har så liten tiss at han berre treng eit bittelite blad for å skjule den. (Eg prøvde å imitere eit bilde på snl.no. Ikkje min feil at løva er handikappa)

Eg meiner det hadde holdt lenge med skuld. Skam er totalt unyttig. Det er Gud sin feil at vi er brydd med denne stygge kjensla som kan få både barn og vaksne til å gå til grunne. Dumt av deg, Gud.

Fakk, no angra eg på at eg spotta Gud. Unnskyld (ikkje unnskam)! Plis ikkje send meg ut i hagen og gi meg kunnskap. Gi meg heller syndflod, så får vi billigare strøm.

Guuuuuuuuuddddd kor teit eg er. No angra eg på alt eg skreiv om Gud. Det er frekt, og eg skulle ønske eg kunne slette det, men sletteknappen er vekke!

Her pleidde det å vere to sletteknappar, men eg finn ingen av dei.

Skammare

Min fordel då eg fekk barn med kreft, var at eg hadde psykisk sjukdom frå før. Ta den, dumme kreft! Denne sjukdomen har ikkje gått over, den skal vere min trufaste hemsko resten av livet. Dette, og det latterlege skiljet mellom fysisk og pyksisk sjukdom, har eg så mykje tekst om at eg kan skrive minst fem juletriologiar om det. Får sjå om eg tør ein dag.

Her har eg teikna ein raud hemsko. Eigentleg er hemsko nyttig, dersom den er brukt på riktig måte.

Derfor har eg sjølvsagt vore sjukemeldt mange gongar før. Men det rare denne gongen, er at eg skammar meg meir enn vanleg.

Så seier folk: Du må ikkje skamme deg. Samtidig høyrer eg kollegaer seie: Ho er jo vekke IGJEN! Herregud, kor svak går det an å bli? Dette er stemmer i hovudet mitt, folk seier så klart ikkje sånt rett i fjeset. Eit så barbarisk samfunn har vi faktisk ikkje.

Og kvifor skammar eg meg så voldsomt, då?

Det er fleire grunnar.

  1. Sist eg var sjukmeldt var eg MYKJE SJUKARE enn no.
  2. Sist eg var sjukmeldt jobba eg 100%. No jobbar eg 21. Klarer eg verkeleg ikkje å jobbe såå få prosent utan å bli sjuk?

Konklusjon: DU må ikkje skamme deg over psykisk sjukdom. EG må tydelegvis.

Konklusjon 2: Rustninga holdt denne gongen og. Det som hjelpte: Positiv MR, dyrare lim, søvn og generell livsmeistring. Hahah, du får berre vente vidare på det ekte, svære samanbrotet som skal komme.

åu mai gaaaad!

Eg glømte å informere om MR! Er det ikkje derfor vi er her, kanskje? Det er jo berre 21% av følgarane mine som har fått info. Beklager, eg bøyer meg i skam.

MR var heilt fin!

Det er sånn han ser ut no. Fin og fjong og frisk.

Men dette er berre 3% av svaret.

Resten av svaret er: MR var mykje meir enn fin. Det var den finaste MR dei nokon gong hadde sett på Haukeland. Aldri før hadde dei opplevd ein så nydeleg hjerne. Dei måtte faktisk kalle inn til fellesmøte for heile sjukehuset, 10000 tilsette. Dei hadde sjølvsagt ikkje stort nok møtelokale, og teams var ødelagt, dei måtte leige brann stadion. Der var bana full av kokain, og det var orgie, men orgien flytta seg sjølvsagt for at verda skulle få sjå det nydelege MR-biletet. Det var jo dessutan veldig mange ledige rom og ledig morfin på Haukeland når ingen legar eller sjukepleiarar var der, så dei kunne ha orgie mange spennande plassar. (Eg anbefaler tunnellorgie)

God jul inni huset ditt med maks 10 personar, utanom den eine gongen du kan ha 20!

Ps: Dersom ingenting i teksten var morsomt for deg, kan du bytte ut jule med pule kvar gong det opptrer.

6 kommentarer til “Skal det vere litt skam til jul?”

  1. Hei!😄
    Kjekt at du har begynt å skrive igjen!
    Du er en mester til å kombinere alvor og humor! (Eller var det hanfar???)

  2. Kjære Lillian, du skriv så bra! Merkelige greier – ein trur at ein skal komme ut på andre sida, etter at ‘alt dette’ er over, som den ein var. Ein forandrar seg og blir aldri den samme, men eldre, meir erfaren, med andre prioriteringer og verdiar, meir følsom og mindre robust. Det vanskeligste er å innsjå og godta at ein toler mindre, og innrette livet etter det. Eg er superimponert over kva du har stått i, og håpar du får det betre framover. Gjer meir av det du likar, viss du orkar🥰. Viss ikkje, er det heilt ok, ingen skam nødvendig. Klem frå Linda❤️

    1. Så kjekt å høre om verdens vakreste MR❤️
      Trist med sprekker i rustningen. Det er klart dette fremdeles er hardt for deg, det er overhode ikke småplukk dere har vært igjennom. Hvis du ikke har det allerede kan kanskje en psykolog være en løsning? Noen ganger kan det hjelpe å få hjelp utenfra til å sortere følelser.

      Håper dere får en flott jul alle sammen. Fint å “høre” fra deg igjen 😊

Kommentarer er stengt.