Hopp til innholdet

Skal du følgje draumen din?

  • 6 min read

Nei, stort sett ikkje.

Dette er voldsomt kontroversielt, men det er faktisk lurare å ha ein trygg jobb, og heller ha draumen som hobby. Beklager dersom du er usamd.

Det er mange som har spurt meg om kva draumar Britt går rundt og ber på. Neida, det er ingen som har spurt om det, så derfor skriv eg ikkje noko innlegg om det. Joda, det gjer eg.

Britt har to store draumar i livet, og ho har ikkje fått oppfylt nokon av dei. Den eine er sjølvsagt at ho har ekstremt lyst til å bli bonde. Ho elskar traktor og nokre dyr, og ho likar å bruke kroppen og komme i nærkontakt med bæsj.

Når ho kjenner lukta av ku-bæsj føler ho at ho verkeleg lever, ho kan føle på det fantastiske samspelet mellom fotosyntesen og celleandinga. Desse to prosessane er blant favoritt-krinslaupa hennar. Dei er på delt førsteplass, medan karbonkrinslaupet er rett under.

Fotosyntesen og celleandinga i skjønn forening

Hovudproblemet med bondedraumen var og er sjølvsagt at ho ikkje har gard.

Ho tok jorbruksskulen som vidaregåande fordi ho tenkte at det å finne seg ein bonde var fort gjort. Det var ikkje så enkelt som ho trudde, så ho måtte ta ei ekstra utdanning. Ho vart revisor. Det er eit fint alternativ, og ho angrar ikkje på valet.

Den andre store draumen er å bli filmskodespelar i LA eller NY. Det er ein litt fjern draum, og den er lite foreinleg med bondedraumen. Det er søren meg ikkje mange bønder i Los Angeles, og eg har hørt at det er vanskeleg trafikk, så det blir upraktisk å ta med traktoren. Eg trur IKKJE det er noko problem å ta med Magne.

Men medan ho ventar på at denne draumen skal gå i oppfylling heilt av seg sjølv, øvar ho seg på å bli manusforfattar. Det lure med dette er at ho kan skrive seg sjølv og Magne inn i filmane.

Førebels skriv ho alternative handlingar eller oppfølgarar til favorittfilmane sine. Då sparer ho ein del arbeid. Det er slitsom å finne på heilt nye ting. Ho likar ikkje trist slutt, så ho lagar stort sett orden på dei filmane ho har vore misnøgd med slutten på.

Jesus Christ Superstar 2

Er eit døme på eit slikt manus.

For dei som ikkje har sett denne filmatiserte musikalen frå 1973, så vil eg anbefale den. Skikkelig fin musikk, og Jesus-skodespelaren er flink og pen. Dei andre er ikkje så verst, dei heller.

Det er mange åttedelsnotar i JCS1

Den er delvis basert på ei bok som heiter Bibelen, skrive ca. mellom 60 – 120 år etter Kristus. Den kan eg for så vidt også anbefale, men den er veeeeeeldig lang og ganske komplisert.

Filmen endar med at Jesus døyr. Han blir fanga fordi “vennen” hans, Judas, fortel dei vonde styresmaktene kor han er. Ein dårleg ven, altså (jf. kjenneteikn på gode vennar).

(Ein kan kanskje seie at Jesus var ein dårleg menneskekjennar, sidan han valte Judas som ein av sine bestevennar, men ein må vere ganske forsiktig med kva ein seier om Jesus. Litt fordi han er høgt elska av mange, men mest fordi ein ikkje kan vere heilt sikker når biografien er skrive 100 år etter at han døydde.)

Britt ser føre seg at ho kan spele Jesus, og så kan Magne vere Judas.

Det er vel inga overrasking at Britt ikkje likte slutten på denne musikalen. Ho vart veldig skuffa over at Jesus døydde, og oppfølgaren vil vere slik:

Jesus døydde ikkje likevel. Dette KAN vere sant, det er omdiskutert. Men i Britts versjon overlevde Jesus fordi han hadde fått hjelp av Judas (!) til å gå inn i kunstig koma sånn at han verka veldig død.

Judas (spelt av Magne) gav Jesus (spelt av Britt) ein eliksir som gjorde at han gikk i kunstig koma.

Så stod han opp frå grava og trakk seg unna offentlegheita. Judas hadde veldig mykje anger å bere på etter det han hadde gjort, så no ville han hjelpe hjelpe hjelpe.

Her ligg Jesus i grava og lurer alle ved å sjå død ut
Her er det veldig vanskeleg å sjå om grava er tom
Her ser vi at grava DEFINITIVT er tom!

Britt har veldig mange alternativ til korleis filmen kan utarte seg etter dette:

  • Jesus forsvinn og ingen ser han att nokon gong. Det blir ein kort film.
  • Jesus flyttar til ein ny by og startar eit nytt liv som bonde eller revisor. Han må prøve å ikkje vere så snill med alle at det vekker oppsikt. Då vil historia gjenta seg. Dette kan imidlertid legge opp til Jesus Christ Superstar 3, der alt går bra til slutt.
  • Judas og Jesus flyttar saman og blir kjærestar.
  • Jesus flyttar til ei hytte på fjellet der han bruker resten av livet sitt på å prøve å finne opp telefon og lyspære.

No er du vel enig i at det ikkje nødvendigvis er så lurt å følgje draumane sine heile tida? Det er betre å ha ein trygg jobb som revisor, og så vere manusforfattar på hobbybasis.