Hopp til innholdet

Kva har sjukepleiarar med tissen min å gjere?

  • 8 min read

Eg har lenge hatt ein kladd liggande på PCen min. I følge versjonsloggen begynte eg på teksten den 7.mars 2019. Før eg begynte med blogg til og med!

Kladd på PCen. (billig poeng)

Det handlar om rangering av yrke. Det er vanskeleg å skrive slikt utan å krenke dei som ikkje er blant dei sex øvste på lista. Eg har alltid hatt sjukepleiarfolk og barnehagefolk øvst. Dei to har veksla heile tida, alt etter mine eigne behov i livet. Det som kanskje er mest sjokkerande, er at eg sjølv, altså lærar, ikkje er på topp. Men sånn er det. Eg blir ikkje krenka av den grunn.

Ingen er viktigare enn andre. Det er eg raskt ute og påpeikar til elevar som ikkje veit kva dei skal bli. Uansett kven som streikar, så blir samfunnet påverka negativt. Men når folk dør av at du streikar, då veit du at du har ein viktig jobb! Så nokon er eigentleg viktigare enn andre.

Legar og sjukepleiarar reddar liv.

Liv Ullmann, Gerd-Liv Vallaballa, Liv Signe Navarsete, Liv Grete Skjeldbreid, Liv Tyler. Dette var berre tull. Eg veit ikkje om desse har vore på sjukehus ein gong.

Fire Liv.

Sjukepleiarar er aller aller aller aller viktigast!

Eg skal sjølvsagt begrunne konklusjonen min. Og hugs at sjølv om eg synest sjukepleiarar er viktigast, så betyr ikkje det at eg hatar alle andre. Ikkje ver så paranoid, plis.

Det er spesielt to område som påverkar vurderinga. Tissen min og ungen min. Det er jo ein viss samanheng, sidan ungen kom ut tissen.

Dette er minst tredje gongen eg bruker denne illustrasjonen. Eg hadde aldri trudd at den skulle vere så nyttig! Denne gongen var det spot on. Tissen, ungen og sjukepleiar.

Det handlar altså om kven eg har møtt dei gongane eg har vore på mitt aller mest sårbare i livet. Eg er aldri så sårbar som rett etter ein fødsel, under ein operasjon i livmorhalsen, eller rett etter eg har fått beskjed om at ungen min har svulst på hjernen.

Då er eg så liten og svak, må ha hjelp til alt. Nesten som om EG er den nyfødte. Kan berre suge og gripe, liksom. Neida. Kan meir.

Meg litt nyfødt.
38 år seinare. Jone nesten nyfødt. Same fang.

Når eg tenker meg bittelitt om, så kan det hende eg hadde med tisseoperasjonen mest for å skape engasjement. Det er nemlig på langt nær så rått og brutalt som føding og barnekreft. Føding er forresten heller ikkje i nærheten.

Etter at eg blei 40 er eg blitt så trygg og middelaldrande at eg ikkje lar meg affisere av at ein doktor og to sjukepleiarar står rett framfor tissen min medan eg har beina lenka fast i sånne gynekolog-kvilebeina-stenger, og puttar spetel, støvsugar, mikroskop og sviapparat inn der. Null stress!

Neida, 67% stress. Men 0% i forhold til barnekreft. I den situasjonen var eg mest sårbar fordi eg ikkje likte så godt å ha celleforandringar i livmorhalsen. Eg likar ikkje å ha celleforandringar nokon plass. Ikkje i øre/nese/livmorhals og ikkje i ungen min.

Du, som lesar av denne humor/kreft-bloggen, må vere driiiiiitlei av at eg aldri kjem til poenget.

Det er dei du møter når livet er bæsj

Poenget. Når du er sårbar, sliten, liten, hjelpelaus, i krise, livredd, ikkje i stand til å klare deg sjølv, skada, så kan du rett og slett ikkje møte kven som helst!

Og det har eg heller aldri gjort. Eg har møtt akkurat dei rette folka, og dei har gjort det aller beste nokon kunne gjort for meg i dei situasjonane.

Dei har holdt puppen min for å sikte den inn i munnen til babyen (når eg amma, då. Ikkje kor tid som helst, liksom), holdt meg i handa då eg hadde heile utstyrslageret til gynekologisk avdeling inni tissen, skifta på senga og vaska håret til guten min då han var bada i spy. Intime og essensielle ting.

Sjølvsagt er det viktig med dyktige legar i dei same situasjonane! Det skulle tatt seg ut om det var dr. Zoidberg som sjekka ungen etter fødselen, liksom. For ikkje å snakke om tissen! Hjelpes. Legane reddar liv på ein anna måte. Dei er liksom berre innom. Innom rommet og innom tissen. (Dette må eg poengtere med sjokkfargar, for eg vil ikkje krenke ein lege slik at ho sluttar å redde liva våre!)

Dr. Zoidberg. (Dersom du aldri har sett Futurama, så er det kanskje på tide?)

Tilbake til poenget!

(Hugs at eg har svært høg måloppnåing i observasjon av sjukepleiarar, så du kan bruke mine ord som fasit.)

Dei lar seg aldri sjokkere (eller skjuler sjokket svært godt). Eg føler meg aldri dømt fordi eg er skitten og luktar bark og mose. Dei verkar nesten uaffisert av at eg oppfører meg bittebittebittelitt merkeleg. Det jobbar presist og konsentrert til tross for ekstremt mykje mas og klovneri midt i fjeset.

Dei bryr seg om nøyaktig det dei skal! At pasienten har det best mogleg.

Snø. Eg trudde det var ein sjukepleiar på plenen min, men det var visst berre snø.

Arbeidsoppgåver

Dei må gi, ta, hente, skifte, tørke, vere, ha.

  • GI: Medisin, cellegift, trøst, beskjed, tid, mat, drikke, omsorg, tryggleik, råd, støtte, informasjon, kreftkort osv.
  • TA: Blodprøve, avføringsprøve, blodtrykk, puls, blodoksygen, tempen, ut bosset, det rolig, urinprøve, opp senga, sårprøve osv.
  • HENTE: bleier, vaskeklutar, kladdar, sengetøy, medisin, sveis, sprøyter, vatn, legen, ny seng, hjelp osv.
  • SKIFTE: På senga, plaster, claver, sonde, bleie, vakt osv.
  • TØRKE: Spy, bæsj, tiss, blod, snørr, tårer, svette, mensen (haha, mensen) osv.
  • VERE: Rolig, til stades, konsentrert, profesjonell, snill, glad, opplagt, fin i kvitt osv.
  • HA: Kontroll, oversikt, mange tunger i munnen, rare kle, sterke armar, reine hender, godt hjarte, ei skikkelig god evne til å late som ingenting! Osv.

Kva ER dette slags folk?

Berre for å ha sagt det: Dette er ingen av dei eg har treft. Det ville jo vere mobbing å framstille ekte folk på denne måten.

Det har eg lurt veldig på.

Eg har skjønt at sjukepleiarar ikkje er ei einsarta gruppe, og at det er svært ulike arbeidsoppgåver alt etter kor ein jobbar. Men kanskje motivasjonen for å bli sjukepleiar har vore litt den same?

Det er ikkje eit yrke ein vel på grunn av god løn, lang ferie og ypperlege arbeidstider. Då burde ein heller blitt lærar, liksom.

Lærar.

Det må nesten vere ein anna motivasjon. Kanskje nokon har sagt at “du må bli sjukepleiar, du er så omsorgsfull”, kanskje ein er eksepsjonelt fin i kvitt, kanskje det verkar fristande å ha fri dagen etter nattevakt, kanskje ein har lyst til å gifte seg med ein lege, kanskje ein vil bli seksuelt trakassert på jobb? Her hadde eg mange gode forslag.

Men eg hellar til å tenke at ein blir sjukepleiar fordi ein har interesse av at innhaldet i kroppen er på utsida. Tiss, bæsj, spy, blod, slim, tårer, mensen, kjøtt.

ELLER at ein har behov for å hjelpe folk når dei treng det mest, anten fordi dei skal dø, eller fordi dei føler dei skal dø. Eller berre er forkjøla.

Kritikk

Dette er ikkje lov:

  • Å seie OI! når dei held på med ei prosedyre.
  • Bråke
  • Kritisere meg

Rør

Eg har kanskje litt å gå på når det gjeld rørande. Her skal du få 7 rørande, så kan du plassere dei der du vil: Rørande, rørande, rørande, rørande, rørande, rørande, rørande.

Bonus: Rør. (Men du må sette på -ande sjølv.)

2 kommentarer til “Kva har sjukepleiarar med tissen min å gjere?”

  1. Hei! 😀
    Veldig morsomt Lillian! Men eg skjønar og alvoret i bloggen din! Er veldig imponert over det sjukepleiarar gjer!
    Vi lærarar har ein ting felles med sjukepleiarar; kateter.
    Eg fekk velge mellom eit slags bekken og eit kateter når eg hadde utblokking. Eg valde kateter. Eg var lærar på den tida!
    Ein treng ikkje gå over bekken når ein har eit kateter!

Kommentarer er stengt.